Episodes

Wednesday May 13, 2026
Frå sår til styrke
Wednesday May 13, 2026
Wednesday May 13, 2026
Frå sår til styrke er namnet på Norea Mediemisjon sin nyaste podkast. Den vart lansert 1. mai og det er Elisabeth Lillebø Sæth som står bak idèen og gjennomføringa av podkasten. Gjennom 14 episoder skal ho saman med fagpersoner hjelpe folk å leve gode og bærekraftige liv til tross for traumer, livssår og tap.
Lillebø Sæth har sjølv arbeidd med usynlege sår, og ho delar også av eige liv i desse podkastene. Høyr heile praten med Elisabeth Lillebø Sæth.

Tuesday May 12, 2026
Ny bok om suksessen Luminell
Tuesday May 12, 2026
Tuesday May 12, 2026
Grunderen David Fink har kome med ei ny bok om tru, nederlag og motet til å gje slepp. Han er grunderen bak selskapet Luminell, ein lysteknologi som ikkje fantes tidlegare. Det er snakk om arbeidslys og ledlys som skulle tåle krevande vèrforhold på sjøen. Luminell vart ein suksess og i 2021 vart selskapet selt til Glamox.
No har Fink gitt ut ei bok om historia bak suksessen Luminell. Det usynlege gjort synleg er namnet på boka og handlar om mange av historiene og opplevingane i reisa, og korleis det å vere ein grunder går utover både ekteskap og livet elles.

Tuesday May 12, 2026
Kvardagspraten med Marit Stokken Berland
Tuesday May 12, 2026
Tuesday May 12, 2026
Austlandet står for tur denne veka når Marit Stokken Berland og Irene Krokeide Alnes skal delta på både formiddagstreff og songkveld i Indre Østfold. Dei har begge god minner om bedehusfestivalar og mykje songglede i området.
Høyr kvardagspraten med Marit Stokken Berland.

Monday May 11, 2026
Ein engasjert kvamsøying
Monday May 11, 2026
Monday May 11, 2026
Kvamsøyingen Kari Ristesund har vore pensjonist nokre år, men er likevel svært aktiv på frivilleg basis. I ein liten prat med Helge Åkerens på Radio Sunnmøre fortel ho litt om det ho engasjerer seg i.

Monday May 11, 2026
Siste nytt frå Misjonssambandet Nordvest
Monday May 11, 2026
Monday May 11, 2026
Ledige stillingar og regionsamling i slutten av mai er noko av det som står på agendaen for regionleiar i Misjonssambandet Nordvest, Steffen Stensland. Han har vore i studio for å dele siste nytt.

Friday May 08, 2026
Boklansering med Gunnar og Per Gunnar Hamnøy
Friday May 08, 2026
Friday May 08, 2026
I desse dagar er Gunnar og Per Gunnar Hamnøy, far og son, på bokturne rundt om i landet. Det har dei siste vekene vore på Sunnmøre, og boka blir godt motteken.
Vi var til stades på boksleppet i Misjonssalen, og reporter Helge Åkerens tok ein prat med nokre av dei som var tilstades.

Thursday May 07, 2026
Sterke inntrykk frå Kambodsja
Thursday May 07, 2026
Thursday May 07, 2026
Denne veka er det Benjamin Oscar-Andersen som held ord til ettertanke på Radio Sunnmøre. Han er i dag prest i Bymenigheten Sandnes i Den Norske kirke, som er einaste i sitt slag i Noreg. Det er ei valmenighet, som er ei menighet der menigheta sjølv vel sin prest. Tidlegare var Benjamin Oscar-Andersen sokneprest i Giske. Sidan den tid har han no gifta seg og flytta heim.
I ord til ettertanke denne veka fortel han om ein tur han fekk vere med på til Kambodsja, og i andaktene delar han betraktningar og tankar rundt den turen.
Høyr heile intervjuet og andaktene med Benjamin Oscar-Andersen.

Thursday May 07, 2026
Ord til ettertanke 4. mai
Thursday May 07, 2026
Thursday May 07, 2026
Ord til ettertanke av Benjamin Oscar-Andersen

Thursday May 07, 2026
Ord til ettertanke 5. mai
Thursday May 07, 2026
Thursday May 07, 2026
Ord til ettertanke av Benjamin Oscar-Andersen

Thursday May 07, 2026
Ord til ettertanke 6. mai
Thursday May 07, 2026
Thursday May 07, 2026
Ord til ettertanke av Benjamin Oscar-Andersen

