Episodes

Thursday May 07, 2026
Ord til ettertanke 7. mai
Thursday May 07, 2026
Thursday May 07, 2026
Ord til ettertanke av Benjamin Oscar-Andersen

Thursday May 07, 2026
Ord til ettertanke 8. mai
Thursday May 07, 2026
Thursday May 07, 2026
Ord til ettertanke av Benjamin Oscar-Andersen

Thursday May 07, 2026
Hektisk bunadskjør inn mot 17. mai
Thursday May 07, 2026
Thursday May 07, 2026
Heile året er det hektisk på brodering og montering av bunadar i Spjelkavika. Lena Lukasevica kjem frå Latvia og har halde på med bunader dei siste sju åra. No inn mot 17. mai er det eit ekstra bunadskjør.
Vi har tatt ein prat med Lena Lukasevica om bunadskjøret.

Thursday May 07, 2026
Bønevandring med utdeling av Det Nye Testamentet
Thursday May 07, 2026
Thursday May 07, 2026
I Molde har Gideon bønevandring kvar mandag der dei også delar ut Det Nye Testamentet (NT). Dei siste to og eit halvt åra har dei delt ut nær 5000 NT i Molde. Høyr praten med Arnor Evensen på Radio Sunnmøre.

Wednesday May 06, 2026
Nytt bibelskulekonsept på Bjorliheimen Fjellhotell
Wednesday May 06, 2026
Wednesday May 06, 2026
Til hausten inviterer Bjorliheimen Fjellhotell til eit nytt bibelskulekonsept. I fleire år har Misjon Sarepta hatt konseptet i Spania, men no ynskjer dei å arrangere ein revidert bibelskule med base på Bjorli. Bibelskuleåret startar på Bjorli, men vil også halde til i Spania og turar til andre land i løpet av året.
Høyr heile intervjuet med Arild Meberg, dagleg leiar ved Bjorliheimen Fjellhotell, om det nye bibelskulekonseptet.

Wednesday May 06, 2026
Søndagens tekst 10. mai
Wednesday May 06, 2026
Wednesday May 06, 2026
I søndagens tekst den 10. mai handlar det om liknelsen om enka og dommaren. Teksta er henta i frå Lukas 18, 1-8. Vi tek ein prat med Karl Johan Bjørge, prost i Nordre Sunnmøre prosti, om kva søndagens tekst handlar om.

Tuesday May 05, 2026
Terapi for komande prestar er framand i Den Norske kirke
Tuesday May 05, 2026
Tuesday May 05, 2026
Den svenske kyrkjan har publisert ei liste over tiltak for å få alle komande prestar "med glede og av fri vilje" med på å vie personar av same kjønn. Nektar dei, kan dei bli avvist som prest. Karl Johan Bjørge, prost i Nordre Sunnmøre prosti, henviser til preses Olav Fykse Tveit som seier at dette er framand for Noreg. -I Den Norske kyrkje har vi to likestilte syn som er eit vedtak frå 2017, seier Bjørge til Radio Sunnmøre.
Høyr heile intervjuet med Karl Johan Bjørge, prost i Nordre Sunnmøre prosti.

Tuesday May 05, 2026
Kvardagspraten med Irene
Tuesday May 05, 2026
Tuesday May 05, 2026
I Kvardagspraten med Irene Krokeide Alnes får vi denne veka høyre om ein hektisk start på vårmånaden mai. Bursdagsfeiring, møter og songtreff står på agendaen for Irene Krokeide Alnes.
Høyr kvardagspraten med Irene Krokeide Alnes.

Monday May 04, 2026
Rapport frå Sunnmøre folkehøgskule
Monday May 04, 2026
Monday May 04, 2026
Det går mot slutten på skuleåret for Sunnmøre folkehøgskule, og opptaket for neste år er allereie i gong. Arnt Ole Grimstad, rektor ved skulen, fortel at dei i år er 115 elevar. Og til hausten har ein no fått 80 elevar som har takka ja. Grimstad håpar ein landar på årets elevar også til hausten.
Høyr ein liten rapport frå Sunnmøre folkehøgskule ved rektor Arnt Ole Grimstad.

Monday May 04, 2026
Himmelfartstevne i Stryn kulturhus
Monday May 04, 2026
Monday May 04, 2026
Country og forkynning står på programmet når det inviterast til Kristi Himmelfartstevne i Stryn Kulturhus. Vi har tatt ein prat med Solbjørg Leite om det to dagar lange stevnet i Stryn.

