
234.4K
Downloads
5020
Episodes
Intervju, program og lokale andakter produsert av Radio Sunnmøre. Din kristne lokalradio på Sunnmøre med lokalt innhald frå hovedsaklig misjon, kyrkje og bistand.
Episodes

2 hours ago
2 hours ago
5 min

5 hours ago
5 hours ago
12 min
Det er på ny kome forslag frå regjeringa om å kutte i stipend til folkehøgskuleelevane. Dette meiner rektor ved Ålesund folkehøgskule, Sven Wågen Sæther, vil ramme mange som ikkje har råd til eit slikt år. Regjeringa foreslår å kutte frå 40 % til 15 % stipendstøtte til eit slikt år.
Sæther meinar det er eit veldig alvorleg forslag.
Høyr heile intervjuet med Sven Wågen Sæther, rektor ved Ålesund folkehøgskule.

5 hours ago
5 hours ago
13 min
I haustferien hadde North South Partnership Aid tre grupper på tur til Kenya. Dagleg leiar, Anders Myrene, hadde med seg ei gruppe frå Halden. I vekas episode frå NSP Aid får vi høyre om korleis turen gjekk.

2 days ago
2 days ago
5 min
Å leve i paradokset er tema for seminaret Ålesund Vineyard inviterer til laurdag 24. oktober. Seminaret skal haldast i Spjelkavik bedehus, og det er Carsten og Monica Lind frå København som er seminarhaldarar. Vi har tatt ein prat med pastor i Ålesund Vineyard, Marianne Bjørdal Sporsheim, om kva seminaret skal handle om.

2 days ago
2 days ago
5 min
Laurdag inviterer Skodje bedehus til seminar med Espen Ottosen. Han skal snakke ut i frå sin aller nyaste bok; Overraskende ondskap. Ottosen er filosof, teolog og skribent, og prøver i boka å finne ut kva menneskeleg ondskap djupast sett er, og korleis den enkelte av menneska kan unngå å tenke at ein gjer godt når ein i verkelegheita gjer ondskap.
Høyr heile intervjuet med Espen Ottosen om helgas seminar.

2 days ago
2 days ago
4 min
Oddveig Molnes er ein aktiv pensjonist, og denne veka er det ho som held ord til ettertanke på Radio Sunnmøre. Ho er den einaste kvinna i Sunnmørsgutane, som pianist og musikalsk leiar. I ord til ettertanke denne veka delar ho frå det gamle testamentet i Bibelen. - Der er så mange skattar og levd liv, som kan lære oss noko idag, fortel Molnes om kvifor ho har valt å dele frå det gamle testamentet denne veka.

2 days ago

2 days ago

2 days ago

2 days ago
