Episodes

Tuesday Feb 24, 2026
Fått plass på KrFUs eksklusive leiarkurs
Tuesday Feb 24, 2026
Tuesday Feb 24, 2026
Tre gutar frå Møre og Romsdal har fått plass på KrFUs prestisjefylte leiarkurs som regnast som organisasjonens toppskoleringsprogram. Målet med kurset er å utruste deltakarane med god debatt -og taleteknikk, ny politisk tekning og størr forståing av organisasjonen.
Frå Møre og Romsdal er det Sondre Grimsta Sukka (17), David Mathias Fiskerstrand (16) og Daniel Lothe (17) som har fått plass. Vi har tatt ein prat med Daniel Lothe, som går andre året på Vestborg vidaregåande skule, om kvifor han har søkt seg til dette programmet og kva han tenker om å ha fått plass. Lothe har dei siste par åra fått eit større engasjement og ei interesse for politikk og samfunnsengasjement, og han set stor pris på denne moglegheita.
Høyr intervjuet med Daniel Lothe (17) frå Ellingsøya.

Tuesday Feb 24, 2026
OL og fastetid
Tuesday Feb 24, 2026
Tuesday Feb 24, 2026
Eit OL ligg bak oss med fleire minnerike augeblikk og Marit Stokken Berland delar mange av tankane ho har fått rundt minnerike augeblikk idrettspresentasjonane har gitt nordmenn. Vi tek også ein prat om fastetida vi no er inne i. Kva handlar den om og korleis foregår ei fastetid? Høyr kvardagspraten med Marit Stokken Berland.

Monday Feb 23, 2026
Nye minileirar på Brusdalsheimen
Monday Feb 23, 2026
Monday Feb 23, 2026
Til helga er det klar for årets fyrste minileir på Brusdalsheimen, og dei har ei overnatting og to dagar fylt opp med program. Minileirane er for dei i alder 2. -4. klasse. Hilde Giske Lukkedal har lang erfaring med desse leirane og med born som har sin fyrste natt på leir, og fortel i eit intervju på Radio Sunnmøre at borna kjem ofte saman med andre og blir fort kjende med kvarandre. Litt trøyst har det blitt den fyrste natt, men det går som regel bra.
Høyr heile intervjuet med Hilde Giske Lukkedal om kva som skjer på ein minileir.

Monday Feb 23, 2026
Utflytta Sunnmøring_Birgitte Velsvik
Monday Feb 23, 2026
Monday Feb 23, 2026
I serien Utflytta Sunnmøring har vi tatt kontakt med Birgitte Grytten Velsvik. Ho vaks opp på Hatleholen i Ålesund og starta si songkarriere i Ungdomskoret Respons på Emblem. Ho fekk også med seg koret til NRK programmet Kjempesjansen og vann.
Ho har tatt utdanning på Konservatoriet og i St. Petersburg innan klassisk song og opera. For tida jobbar ho på Folketeateret i Oslo i ulike prosjektstillingar. Saman med familien bur ho utanfor Oslo, men Sunnmøre har framleis ein stor plass i hjartet.

Friday Feb 20, 2026
Kvinneweekend på Orreneset
Friday Feb 20, 2026
Friday Feb 20, 2026
Den 10. - 12. april blir det kvinnehelg på Orreneset. Gleda i kvardagskallet er tema for helga, og det blir god mat, humor og "Spikers kårner". Radio Sunnmøre har tatt ein prat med to tidlegare deltakarar, Margrethe Bjørkavåg Bakke og Ingrid Rødset, som begge snakkar varmt om helga og ynskjer med seg fleire i alle aldre.

Friday Feb 20, 2026
Nyoppussa forsamlingslokale søker pastor
Friday Feb 20, 2026
Friday Feb 20, 2026
Ørsta og Volda misjonsforsamling hadde i starten av september opning av nyoppussa forsamlingslokale. No søker dei også etter pastor. Regionleiar av Misjonssambandet Nordvest er medlem av forsamlinga og fortel at det er kjekt å invitere inn til nyoppussa lokaler. Han fortel også i eit intervju at forsamlinga no er på jakt etter ein ny pastor.
Høyr heile intervjuet med Steffen Stensland.

Thursday Feb 19, 2026
Lokal helt med i The Voice på Tv2
Thursday Feb 19, 2026
Thursday Feb 19, 2026
Fredag 20. februar er det Birgitte Velsvik frå Ålesund som delta i The Voice på TV2. Ho har hatt sin musikalske oppvekst i ungdomskoret Respons, både som solist og som dirigent, og i sin tid hadde ho også med i tv-programmet Kjempesjansen på NRK.
Dei seinare år har ho utdanna seg innanfor opera og arbeidar som frilans på Folketeateret i Oslo. Fredag kjem ho altså på skjermen på TV2. Høyr intervjuet med Birgitte Velsvik.

Thursday Feb 19, 2026
Fem verb i vårt forhold til Gud
Thursday Feb 19, 2026
Thursday Feb 19, 2026
I ord til ettertanke denne veka deler Oddrun Malum Bjørdal fem verb som er sentrale i vårt forhold til Gud. Å komme, å vere, å sjå , å lytte og å gå. Høyr heile intervjuet med Bjørdal om tanken bak vekas ord til ettertanke.

Thursday Feb 19, 2026
Ord til ettertanke 16. februar
Thursday Feb 19, 2026
Thursday Feb 19, 2026
Ord til ettertanke av Oddrun Malum Bjørdal.

Thursday Feb 19, 2026
Ord til ettertanke 17. februar
Thursday Feb 19, 2026
Thursday Feb 19, 2026
Ord til ettertanke av Oddrun Malum Bjørdal

