Episodes

Mar 24, 2025
Mediekommentaren frå Tro & Medier veke 12
Mar 24, 2025
Mar 24, 2025
5 min
I vekas mediekommentar frå Tro & Medier får vi dommen over første sesong av "Bibelen" på podkast av NRK. Det er komikaren Are Sende Osen som tilnærmer seg Guds Ord gjennom sin gjenfortelling.
Petter Due-Tønnessen gir oss i sin mediekommentar dommen over podkasten.

Mar 24, 2025
Røde Kors Ungdom med nytt treffpunkt
Mar 24, 2025
Mar 24, 2025
4 min
Røde Kors Ungdom har starta eit nytt treffpunkt ein gong i månaden for ungdom mellom 18 til 30 år. Treffpunktet har base i Spjelkavik, men kan ha ulike stadar å møtast på alt etter aktivitet. Ein skidag på Strandafjellet blir det fyrste laurdagen i april, og kinotreff står også på agendaen. Treffpunktet er gratis og ein kan fylgje treffpunktet på deira konto på sosiale medier. Vi har tatt ein prat med Jonas Büter og Esther Kalvø.

Mar 21, 2025
Markerer Rockesokk til inntekt for NSP Aid
Mar 21, 2025
Mar 21, 2025
12 min
Elise Kleven arrangerer Rockesokk-konsert kvart år til inntekt for NSP Aid sitt arbeid i Kenya. Anders Myrene var med under arrangementet og tok ein prat med Elise i etterkant. Høyr siste nytt frå arbeidet til North South Partnership Aid.

Mar 20, 2025
Mar 20, 2025
5 min
Denne veka er det Marianne Bjørdal Sporsheim som er andaktshaldar i Ord til ettertanke på Radio Sunnmøre. Ho er pastor i Vineyard og fortel at når ho er i møte med Gud så krymper problemar. Hennar største problem er kampen mot motløshet. - Vi trenger å sjå på Han som er så mykje større enn mine problem, dagleg, slik at problema ikkje overskygger alt, seier Sporsheim i eit intervju på Radio Sunnmøre. Ho deler sine tankar om eit liv med Gud i vekas ord til ettertanke. Ho seier at Gud er med alltid og det beste er å vere i tett dialog med Han.

Mar 20, 2025
Mar 20, 2025
5 min

Mar 20, 2025
Mar 20, 2025
6 min

Mar 20, 2025
Mar 20, 2025
5 min

Mar 20, 2025
Mar 20, 2025
6 min

Mar 20, 2025
Mar 20, 2025
6 min

Mar 20, 2025
Norea på Sunnmørsturnè
Mar 20, 2025
Mar 20, 2025
16 min
Denne veka er Norea Mediemisjon på Sunnmørsturnè, med både enkeltmøter og Håpskonsertar. Roald Arnesen i Norea Music har denne veka haldt møter på både Vigra og Skodje, og torsdag kveld starter fyrste Håpskonserten. Til konserten kjem også Elisabeth Lillebø Sæth, Svein Helleik Kringeland og Bjarte Mo. Dei skal halde konsertar på Vestnes, Volda og i Ålesund. Søndag kveld held Elisabeth Lillebø Sæth ein solokonsert på Fiskå bedehus.
Arnesen er også leiar i mannsgruppa Frihals frå Flekkerøya. Dei som er med der har vakse opp med fedre i Flekkerøyguttane, og sjølv var dei også ein del av Flekkerøy juniorguttane, før dei starta gruppa Frihals. Arnesen lagar mykje songar sjølv og i intervjuet på Radio Sunnmøre får vi høyre han synge ein heilt fersk song laga på veg til Sunnmøre.
Høyr heile intervjuet med Roald Arnesen på Radio Sunnmøre.

