Episodes

Mar 28, 2025
Målet er å styrke trua
Mar 28, 2025
Mar 28, 2025
4 min
-Målet er å styrke trua til dei som går her, fortel Arild Austnes om arbeidet på Godøy bedehus i forsamlinga. Dei har arbeid for både unge og eldre, og i ein samtale med Johan Behrentz fortel Austnes om arbeidet og planane framover.

Mar 27, 2025
Ord til ettertanke Intervju med Åse Berg Grønvik
Mar 27, 2025
Mar 27, 2025
5 min
I ord til ettertanke denne veka deler Åse Berg Grønvik frå fem ulike songar ho har spele inn på ei plate. Grøvik arbeider på Varmestua i Ålesund, Frelsesarmeen sitt arbeid for dei som treng eit ekstra måltid, utdeling av mat og ein sosial plass å møtast. Høyr alle ord til ettertanke Åse Berg Grønvik deler denne veka.

Mar 27, 2025

Mar 27, 2025

Mar 27, 2025

Mar 27, 2025

Mar 27, 2025

Mar 27, 2025
Påske på Bjorliheimen misjonshotel
Mar 27, 2025
Mar 27, 2025
12 min
Det er klart for påske på Bjorliheimen misjonshotel med fin ungdom frå Oslo, Sunnmøre Kristelege mannskor og mykje godt på programmet. Det fortel "landets eldste" hotelldirektør, Sveinung Lianes til Johan Behrentz. Lianes fortel også i intervjuet at det er godt arbeid med å få ny eigar på plass innan eit halvårs tid. Høyr heile intervjuet med Sveinung Lianes.

Mar 26, 2025
Ny pastor på plass i Misjonssalen Ålesund
Mar 26, 2025
Mar 26, 2025
8 min
Han gjekk nokre runder med seg sjølv og familien før han takka ja til pastorstillinga i Misjonssalen Ålesund, Geir Henning Tunheim. Han kjem i frå stillinga som Ung leiar i Misjonssambandet Region Nordvest. I eit intervju på Radio Sunnmøre fortel han at han i mange år har gått i denne forsamlinga og kjenner den godt, men at han no må bli betre kjend med alle generasjonar og i alle livsfaser. Tunheim gler seg over denne nye jobben og du kan høyre alt i eit intervju på Radio Sunnmøre.

Mar 25, 2025
Kvardagspraten med Irene Krokeide Alnes 250325
Mar 25, 2025
Mar 25, 2025
4 min
I kvardagspraten får vi høyre den aktive pensjonisten og evangelisten Irene Krokeide Alnes fortelje om vekas program. TV-innspeling og møteveke er noko av det ho skal vere med på denne veka. Høyr heile kvardagspraten på Radio Sunnmøre.

