Episodes

Apr 15, 2025
Suksess med kor på Emblem bedehus
Apr 15, 2025
Apr 15, 2025
6 min
Torsdag før palmehelga inviterte Kristin Kjemphol Lohne, Marianne Ødegård og Anna Britt Sundby til korøving på Emblem bedehus for dei mellom 20 og 50 år. Det møtte nesten 100 menn og kvinner opp og dei fekk øvd inn to ulike songar på første øving. Dei tre damene er overvelda over responsen og gler seg stort til neste øving 24. april.
Høyr heile intervjuet med Kristin Kjemphol Lohne, Marianne Ødegård og Anna Britt Sundby.

Apr 14, 2025
Eksklusivt gospelcruise i Kroatias
Apr 14, 2025
Apr 14, 2025
5 min
I oktober reiser Sarah og David Åstrøm på eksklusivt gospelcruise i Kroatias og dei ynskjer å ha med seg fleire. Det er Plussreiser som arrangerer turen saman med Reisegøy, og det det blir ein eksklusiv og avslappande tur ombord på ein liten cruisebåt. Kvar dag skal ein utforske ein ny sjarmerande by, og om bord nyte godt selskap, god musikk av Sarah og David Åstrøm og sol.
Vi har tatt ein prat med Sarah og David Åstrøm som fortel meir om turen.

Apr 14, 2025
The Send til Ålesund
Apr 14, 2025
Apr 14, 2025
8 min
The Send kjem til Ålesund i sommar og arrangerast den 21. juni i Sparebanken Møre arena. Det er eit tverrkirkeleg arrangement med lovsong og taler. Randi Alnes håpar at det kjem minst tusen personar på arrangementet, som 35 menigheter i regionen går saman om å arrangere. Håpet er at endå fleire skal respondere på kva Jesus vil med den enkeltes liv.

Apr 10, 2025
Dåp i Immanuelkirka
Apr 10, 2025
Apr 10, 2025
10 min
Krigen held fram mellom Israel og Gaza, og pastorparet Siv Anita og Eyvind Volle i Immanuelkirka i Tel Aviv fortel om dette i eit nytt intervju. Livet held fram i kirka og kan fortelle om ein tur dei nyleg hadde med forsamlinga til Jordanelva der dei hadde dåp. Det var to som vart døypt denne gongen. Dei opplever at det er mange nye troende som kjem til menigheta.

Apr 10, 2025
Kvilepuls med Fermate
Apr 10, 2025
Apr 10, 2025
8 min
Fermate kan vere eit pusterom når ein treng hjelp med livet. - Vi tilbyr både hjelp til enkeltmenneske og til par, og ein treng inga henvisning, fortel Turid Nordstrand Rødset, styreleiar for Fermate. Det er ingen klare grenser for kva ein kan prate om, og det er berre å ta kontakt om ein treng ein samtale med profesjonelle folk. Høyr intervjuet med Turid Nordstrand Rødset.

Apr 10, 2025
Ord til ettertanke Intervju med Ruben Lie Monsen
Apr 10, 2025
Apr 10, 2025
4 min
Kallet til frelse og ordet om evangeliet er tema for denne vekas ord til ettertanke. Ruben Lie Monsen er inspektør ved Sjøholt folkehøgskule og i pappapermisjon for øyeblikket. Han har brukt tid sjølv på å dukke inn i Nehemjas bok og blir sjølv fasinert av denne mannen.
Vi har tatt ein prat med Ruben Lie Monsen om vekas andakter.

Apr 10, 2025

Apr 10, 2025

Apr 10, 2025

Apr 10, 2025

