Episodes

Apr 10, 2025

Apr 9, 2025
Basar på Brusdalsheimen
Apr 9, 2025
Apr 9, 2025
6 min
Det kom inn vel 95 000 kroner under basaren på Brusdalsheimen tysdag ettermiddag. Tanya Grynyk er leiar ved leirstaden og fortel i eit intervju på Radio Sunnmøre at ho aldri før har sett så mange bilar på parkeringsplassen. Det var fullt hus og god stemning då basaren gjekk av stabelen, og Sunnmørsgutane deltok med både song under arrangementet.

Apr 9, 2025
Innspurt på Sjøholt Folkehøgskule
Apr 9, 2025
Apr 9, 2025
7 min
For fjerde året på rad er Sjøholt folkehøgskule i innspurten av skuleåret, og rektor Lars Johan Klokk ser tilbake på året som eit av dei beste til no. Ein har kome inn i gode rutiner og ein større flyt i skuleåret, og Klokk fortel også at søknadstala for neste år er stigande og plass til fleire.

Apr 8, 2025
Leiarutvikling i Sula Frikyrkje
Apr 8, 2025
Apr 8, 2025
8 min
I Sula Frikyrkje har dei denne våren leiarutvikling, og har nokre helger fokus på akkurat det. Hovedpastor Geir Langen fortel om dette til Radio Sunnmøre.

Apr 8, 2025
Kvardagspraten med Irene Krokeide Alnes
Apr 8, 2025
Apr 8, 2025
6 min
Konsert på Myreløda på Lauvstad er på plakaten denne veka for Irene Krokeide Alnes, saman med Marit Stokken Berland. I tillegg høyrer vi kva planar Alnes har for påska. Høyr heile kvardagspraten med Irene Krokeide Alnes.

Apr 7, 2025
Sunnmøre Kristelige mannskor på turnè
Apr 7, 2025
Apr 7, 2025
5 min
Også denne påska tek Sunnmøre kristelige mannskor laust på turnè. Svein Eiksund er dirigent og fortel at turen dette året går frå Bjorli og nedover mot starten på Gudbrandsdalen. Første songmøte blir på Sunnmøre. Høyr heile intervjuet med dirigent Svein Eiksund.

Apr 7, 2025
Mediekommentaren veke 14
Apr 7, 2025
Apr 7, 2025
4 min
Ein fjerdedel av pornoen viser kvelning, og 7 av 10 jenter kjenner det på kroppen, det avslører ein artikkel frå NRK som bør vekke djup bekymring for dei unges psykiske helse. Dette fortel Kristine Omdal i vekas mediekommentar frå Tro & Medier.

Apr 4, 2025
Påskemøter på Sjøholt folkehøgskule
Apr 4, 2025
Apr 4, 2025
5 min
Dette året blir det nye påskemøter på Sjøholt folkehøgskule. Sigurd Nybø, formann i krinsstyret, skal sjølv vere talar saman med Øystein Persson. I tillegg blir Emilia Lindberg, Arild Berstad og fleire med som musikarar. Det blir både bibeltime og kveldsmøte kvar kveld. Johan Behrentz har tatt ein prat med Sigurd Nybø for å høyre om påskehelga på Sjøholf folkehøgskule.

Apr 3, 2025
Ny generalsekretær i Indremisjonsforbundet
Apr 3, 2025
Apr 3, 2025
8 min
-Det er ein organisasjon eg er glad i. Den har betydd mykje for mitt trosliv og har har vore heilt ensessiell i mitt forhold til Bibelen og til Jesus. Og det gjer noko med meg at eg har lyst å bringe dette vidare til nye generasjonar, fortel Jarle Haugland. Han er tilsett i jobben som generalsekretær i Indremisjonsforbundet, og startar i den nye jobben seinast 1. oktober i år.
Haugland kjem frå jobben som dagleg leiar i Tro & medier, der han har vore i 15 år. Han bur på Sørlandet der han har vakse opp. Sjølv fortel han at han vil ta med seg både erfaringar frå Tro & Medier og erfaringane han sjølv har frå Mosby bedehus inn i den nye jobben.
Vi tek ein prat med Haugland om både identitet, nyskaping og framtidstankar. Og kjem tittelen generalsekretær til å endrast? Høyr heile intervjuet på Radio Sunnmøre.

Apr 3, 2025
Apr 3, 2025
5 min
Vi er midt i fastetida og det er tema for ord til ettertanke denne veka. Det er prost i Nordre Sunnmøre prosti, Karl Johan Bjørge, som held andaktene denne veka på Radio Sunnmøre. Fastetida handlar om å vente på Herren og det seier Bjørge er ei kraft han vil fortelje meir om denne veka.
Høyr alle andaktene og praten med Karl Johan Bjørge.

