Episodes

Friday May 22, 2026
Møt Krussepresidenten i Møre og Romsdal
Friday May 22, 2026
Friday May 22, 2026
Krussepresidenten i Møre og Romsdal, Stian Rekdal, er frå Tennfjorden og fortel på Radio Sunnmøre om kva det betyr å vere ein kristenruss. Ein har fleire rusfrie arrangement i russetida, med lovsong og god stemning. Høyr meir om korleis kristenrussen markerer sin russetid i fylket vår.

Friday May 22, 2026
Ein jobb som gir glede
Friday May 22, 2026
Friday May 22, 2026
-Glede, det er det ordet Elisabeth Emblem vil sette som eit samleord på arbeidet ho har i NSP Aid. I vekas episode er det Per Gunnar Hamnøy som tek ein prat med kollega Elisabeth Emblem om arbeidet ho har hatt i organisasjonen i fleire år.
Høyr heile praten på Radio Sunnmøre.

Wednesday May 20, 2026
Søndagens tekst 25. mai
Wednesday May 20, 2026
Wednesday May 20, 2026
Søndagens tekst for andre pinsedag er henta i frå Johannes 16, 5-11, der Jesus fortel at han skal gå bort. Vi samtalar med prost i Nordre Sunnmøre prosti, Karl Johan Bjørge, om innhaldet i dagens tekst.

Wednesday May 20, 2026
Søndagens tekst 24. mai
Wednesday May 20, 2026
Wednesday May 20, 2026
I Søndagens tekst for pinsedag høyrer vi om då Jesus syner seg for disipplane. Teksta er henta i frå Johannes 20, 19-23, og vi samtalar med Karl Johan Bjørge, prost i Nordre Sunnmøre prosti, om innhaldet i teksta.

Wednesday May 20, 2026
Søndagens tekst 23. mai
Wednesday May 20, 2026
Wednesday May 20, 2026
Søndagens tekst for pinseafta er henta i frå Johannes 7, 37-39, og handlar om den store festdagen siste dagen i høgtida. Vi tek ein prat med prost i Nordre Sunnmøre prosti, Karl Johan Bjørge, om innhaldet i teksta.

Wednesday May 20, 2026
Bokslepp, ny plate og 60 års feiring
Wednesday May 20, 2026
Wednesday May 20, 2026
Nyleg var Sølvi Helen Aemmer Hopland 60 år, og det vart også ein milepæl for å gjere ferdig prosjekt ho lenge har drøymd om. Bokslepp med notar og historie bak songane, og ei ny plate, er noko av det Aemmer Hopland har jobba med til sin store feiring. Høyr intervjuet med Sølvi Helen Aemmer Hopland.

Tuesday May 19, 2026
Formiddagskafe på Sykkylven bedehus
Tuesday May 19, 2026
Tuesday May 19, 2026
Annakvar veke opner formiddagskafeen på Sykkylven bedehus, og folk kan kome og gå slik det passar ein dei tre timane kafeen er open. Onsdag forrige veke fekk Radio Sunnmøre kome på besøk og dele om arbeidet. Vi tok ein prat med Arnfrid Tanstad og Johan Aurdal på kafeen.

Tuesday May 19, 2026
Kvardagspraten med Irene Krokeide Alnes
Tuesday May 19, 2026
Tuesday May 19, 2026
Ei veke med mykje feiring har det vore for Irene Krokeide Alnes. I Kvardagspraten fortel ho om 70 års feiringa av ektemannen Leif-Steinar, om songkveld i Mysen og om fleire dagar på Sanger over grenser i Sverige. Og på sjølvaste nasjonaldagen fekk ho reise gjennom Noreg i bobil. Høyr heile kvardagspraten med Irene Krokeide Alnes.

Monday May 18, 2026
Stemningsrapport frå 17. mai fest
Monday May 18, 2026
Monday May 18, 2026
Fleire bygder haldt lokale 17. mai festar og arrangement på nasjonaldagen. I Bedehuskirka Emblem var det tradisjonen tru fest på kvelden, og Helge Åkerens tok med seg mikrofonen og laga ein stemningsrapport frå nasjonaldagfesten.

Wednesday May 13, 2026
Søndagens tekst 17. mai
Wednesday May 13, 2026
Wednesday May 13, 2026
Søndagens tekst 17. mai er henta i frå Johannes 15, 26-27. Teksta handlar om Talsmannen. I ein samtale med Karl Johan Bjørge, prost i Nordre Sunnmøre prosti, tek vi ein prat om kven Talsmannen er og kva søndagens tekst handlar om.

