Episodes

Aug 15, 2025
Søndagens tekst 17. august
Aug 15, 2025
Aug 15, 2025
11 min
Søndagens tekst 17. august lesast frå Markus 11, 25-26. Det handlar om tilgivelse. I samtalen mellom prost Karl Johan Bjørge og redaktør Ragnhild Kristine Vartdal Espelund kjem det fram kva det å tilgi betyr og kvifor det er viktig å tilgi. Kva kan vi lære av dagens tekst?

Aug 14, 2025
Klart for skulestart på Sjøholt folkehøgskule
Aug 14, 2025
Aug 14, 2025
8 min
Sjøholt folkehøgskule er klar for nytt skuleår med rundt femti elevar. Rektor Lars Johan Klokk har eit ynskje om fleire elevar til skulen i åra som kjem og er innstilt på at det tek nokre år å bygge opp nye tilbod i landet vårt. Den 23. august er det skulestart i haust og Klokk og staben er klare for å ta imot ein ny flott gjeng. Han fortel også at skulen har hatt ein flott sommarsesong med sommarhotell.
Høyr heile intervjuet med rektor Lars Johan Klokk.

Aug 14, 2025
Intervju med Linda Austnes om ord til ettertanke
Aug 14, 2025
Aug 14, 2025
5 min
Denne veka held Linda Austnes ord til ettertanke på Radio Sunnmøre. Ho bur på Godøya og har til dagleg konseptet Inn på tunet. Eit konsept som tek i mot elevar som ikkje nødvendigvis trivast så godt på skulebenken. Elevar i alle aldre er med på dette og Austnes synest det er givande og ei takknemleg oppgåve å få vere ein forskjell gjennom dette arbeidet. Austnes vart sjølv kristen under ein møteaksjon på Godøya då ho var yngre. I ord til ettertanke denne veka delar ho av si tru.

Aug 14, 2025

Aug 14, 2025

Aug 14, 2025

Aug 14, 2025

Aug 14, 2025

Aug 13, 2025
Aug 13, 2025
7 min
Misjon Sarepta tok over Bjorliheimen Fjellhotell i sommar og er godt i gong med arbeidet. Dagleg leiar, Arild Meberg, fortel at det har vore fleire turistbussar innom i sommar. Sarepta har hovedsakleg arbeid i Spania og dagleg leiar fortel at ein håpar ein i haust kan overføre eit konsept frå Spania til Bjorli med ein type bibelskule. Høyr heile intervjuet med dagleg leiar, Arild Meberg.

Aug 13, 2025
Aug 13, 2025
9 min
I sommar skapte Jan Oskar Alnes merksemd for menneskeverd og arbeidet i Papua Ny-Guinea, då han saman med vener sprang 500 kilometer og 14000 høgdemeter mellom Bergen og Oslo. No drøymer den maritimt utdanna leiaren for Ungdom i Oppdrag i Ålesund om å kunne finansiere eit moderne hospitalskip til hjelp for fattige på øygruppa nord for Australia.

