Episodes

Aug 12, 2025
Ny serie om søndagens tekst
Aug 12, 2025
Aug 12, 2025
4 min
Denne hausten kjem Radio Sunnmøre med ein ny samtaleserie. Det er søndagens tekst vi skal samtale rundt, og det er er prost i Nordre Sunnmøre prosti, Karl Johan Bjørge, og redaktør i Radio Sunnmøre, Ragnhild Kristine Vartdal Espelund, som samtalar om teksta. Før kvar samtale blir episoda innleia med at teksta blir lest av Randi Fagerhol Lauvås.
Kvar veke blir episoda sendt onsdag kl. 09, fredag kl. 10 og søndag kl. 11. I tillegg legg vi episoda ut på Radio Sunnmøre sin eigen podkast og heimeside.
- Litt spennande og litt utfordrande, seier prost Karl Johan Bjørge om haustens utfordring. Kvar søndag i kirkeåret har ulike tekstar, der samtalen i denne serien har tatt utgangspunkt i evangelieteksta som det oftast preikast over.
Høyr heile intervjuet med prost Karl Johan Bjørge.

Aug 12, 2025
Kvardagspraten med Irene Krokeide Alnes
Aug 12, 2025
Aug 12, 2025
6 min
Sommaren har vore fylt med varme, bading og møteveker, for Irene Krokeide Alnes. Ein sommar med mykje innhald er akkurat slik Krokeide Alnes likar det. Denne veka er ho på Hermon høyfjellshotell på Gla`sang veke. I eit ord til lyttarane delar ho om det å stole på Gud.
Høyr kvardagspraten med Irene Krokeide Alnes.

Jun 30, 2025
Mediekommentaren frå Tro & Medier
Jun 30, 2025
Jun 30, 2025
5 min
Kva gjer vi når alle stemmene slost om hjartet vårt? I vekas mediekommentar fortel Jarle Haugland om sin nye bok, Alle stemmene som slåss om hjertet ditt, og presenterer ein modell han håpar kan vere ein "fot i bakken" for oss i møte med skjermane. Draumen hans er at modellen kan hjelpe oss til eit rikare liv med Gud. Høyr heile mediekommentaren frå Tro & Medier med Jarle Haugland.

Jun 27, 2025
Takknemleg etter ti år på Sunnmøre
Jun 27, 2025
Jun 27, 2025
9 min
Takknemleg er ordet Johan Halsne samanfattar ti år på Sunnmøre med. Til hausten avsluttar han ti år som krinsleiar i Imf Sunnmøre, og frå 1. september startar han som krinsleiar i Imf Rogaland. Det er fleire ting Halsne er takknemleg for desse åra, og i eit intervju på Radio Sunnmøre delar han mykje om dette. Han er imponert over alt misjonsarbeidet på Sunnmøre og seier at det er ingen andre krinsar som kan samanlikne seg med krinsen Imf Sunnmøre og det omfattande arbeidet som drivast der.
Høyr heile intervjuet med Johan Halsne.

Jun 26, 2025
Ny leiar i NLM Ung
Jun 26, 2025
Jun 26, 2025
4 min
Ny leiar er på plass for NLM Ung. Andreas Furnes, frå Godøya, har lang erfaring innanfor barne -og ungdomsarbeid i misjonen, og har både visjonar og ynskjer for unge i dag. Vi har tatt ein prat med den nye leiaren på Radio Sunnmøre.

Jun 26, 2025
Ord til ettertanke_Intervju med Oddveig Molnes
Jun 26, 2025
Jun 26, 2025
7 min
I vekas ord til ettertanke er det Oddveig Molnes som delar nokre ord og tankar om tida vi lev i. Ho hentar tekstar frå det gamle testamentet og tida vi lever i har inspirert henne til vekas ord til ettertanke. Molnes fortel at det er mange ting i dag som minner om at vi nærmar oss endetida. Det som er viktig for henne er å få fortalt endå fleire om Jesus og det Han har gjort for oss. Høyr heile intervjuet med Oddveig Molnes.

Jun 26, 2025

Jun 26, 2025

Jun 26, 2025

Jun 26, 2025

