Episodes

Friday May 29, 2026
Godt oppmøte på ny 17. mai feiring
Friday May 29, 2026
Friday May 29, 2026
Fire mødre ved Møre Barne -og ungdomsskule Ålesund arrangerte 17. mai feiring på skulen for første gong. Christel Otterlei Bjerkeseth fortel til Radio Sunnmøre at det må seiast å vere ein suksess, då det vel var ei rundt 150 personar som møtte. Dei tek med seg lærdomen til neste år på kva som fungerte og kva som ikkje fungerte, og set stor pris på alle som sa ja til ulike oppgåver dei vart spurde om.
Høyr intervjuet med Christel Otterlei Bjerkeseth.

Wednesday May 27, 2026
Turrapport frå legeskipet i Papa Ny Guinea
Wednesday May 27, 2026
Wednesday May 27, 2026
Jan Oskar Alnes tok med seg kona og tre born for å bu på legeskipet i Papa Ny Guinea. No har dei kome heim og Radio Sunnmøre har fått ein lengre prat med Alnes om korleis denne opplevinga var for store og små.
Høyr heile intervjuet med Jan Oskar Alnes.

Wednesday May 27, 2026
Spjelkavikas vener med stadig nye tiltak
Wednesday May 27, 2026
Wednesday May 27, 2026
Spjelkavikas vener har stadig nye tiltak på gong, og no på vårparten er det grillplass på Myrlandshøgda som står for tur. På frivilleg basis arbeidar dei med å vedlikehalde turområdet i området, og lage til ulike arrangement som St.hans feiring for lokalmiljøet. Vi har tatt ein prat med leiar for Spjelkavikas vener, Håkon Børre Teigen.

Wednesday May 27, 2026
Søndagens tekst 31. mai
Wednesday May 27, 2026
Wednesday May 27, 2026
I Søndagens tekst handlar det om misjonsbefalinga, og teksta er henta i frå Matteus 28, 16-20. Vi tek ein prat med prost i Nordre Sunnmøre prosti, Karl Johan Bjørge, om innhaldet i teksta.

Tuesday May 26, 2026
Sommerfest og årsmøte med ImF Sunnmøre
Tuesday May 26, 2026
Tuesday May 26, 2026
Helga 13. -14. juni er det klart for Sommertreff og årsmøte i Imf Sunnmøre. Krinsleiar Lars Petter Ødegaard håpar å samle breidda av ImF Sunnmøre denne helga på Ålesund folkehøgskule. Ødegaard skal vere hovedtaler med temaet "Kom, for alt er ferdig". Det blir konsert med Familien Knotten på laurdagskvelden, og dei blir også med søndag føremiddag.
Høyr intervjuet med krinsleiar Lars Petter Ødegaard.

Tuesday May 26, 2026
Tilrettelagt tilbod i faresona for Ålesund folkehøgskule
Tuesday May 26, 2026
Tuesday May 26, 2026
Det tilrettelagte tilbodet, Reis, bo og fritid, er i faresona for Ålesund folkehøgskule. På denne linja får du reise og å lære å bu for seg sjølv. Det er ei linje som er for dei som har nytte av tilrettelegging i kvardagen, og som vil oppleve nytt saman med andre. Støtta ein tidlegare har fått frå NAV for dei enkelte elevane for å kunne gå på denne linja står no i faresona. Det er 40 % av dei som søker NAV om støtte til å få tilrettelagte plassar på folkehøgskule som får avslag. Det er fleire folkehøgskular med Ålesund folkehøgskule som no meinar at regelverket er alt for strengt.
Vi har tatt ein prat med rektor Sven Wågen Sæther om dette.

Tuesday May 26, 2026
Kvardagspraten med Marit Stokken Berland
Tuesday May 26, 2026
Tuesday May 26, 2026
Flotte dagar på austlandet og nokre tankar om kva pinsa betyr, får vi høyre Marit Stokken Berland fortelje om i vekas Kvardagsprat. No går vegen vidare til Sogn med møtehelg saman med ektemannen Jarle Berland. Kallet står fast for Marit og vi får høyre henne dele om det med stor entusiasme.

Monday May 25, 2026
Nyslått generalsekretær på sunnmørstur
Monday May 25, 2026
Monday May 25, 2026
I mai var den nyslåtte generalsekretæren i Indremisjonsforbundet på Sunnmøre ein tur, og han tok også turen innom studio til Radio Sunnmøre. I eit intervju fekk vi tatt ein liten prat om det fyrste halve året i sjefsjobben for indremisjonsarbeidet i Noreg. Høyr intervjuet med Jarle Haugland.

Monday May 25, 2026
Ny krinsleiar i Indremisjonssamskipnaden
Monday May 25, 2026
Monday May 25, 2026
Kjetil Fyllingen, gift med sunnmøringen Silje Fyllingen, er ny krinstleiar i Indremisjonssamskipnaden. Han har tidlegare vore tilsett i ImF Sunnmøre i Ung-avdelinga, og han har dei siste åra arbeidd i Tro & Medier. Vi har tatt ein prat med Kjetil Fyllingen om den nye jobben.

Friday May 22, 2026
Møt Krussepresidenten i Møre og Romsdal
Friday May 22, 2026
Friday May 22, 2026
Krussepresidenten i Møre og Romsdal, Stian Rekdal, er frå Tennfjorden og fortel på Radio Sunnmøre om kva det betyr å vere ein kristenruss. Ein har fleire rusfrie arrangement i russetida, med lovsong og god stemning. Høyr meir om korleis kristenrussen markerer sin russetid i fylket vår.

