Episodes

Sep 25, 2025
Ny NLM-Ung leiar i Region Nordvest
Sep 25, 2025
Sep 25, 2025
5 min
I haust starta Ole Petter Stenberg(36) som Ung-leiar for Misjonssambandet Region Nordvest. Han er frå Averøya, men bur på Stranda med kone og to barn. Etter vidaregåande skule på Vestborg, bibelskule, og arbeid i barnehage i Sykkylven som førskulelærar er han no klar for ny jobb. Han fortel i eit intervju på Radio Sunnmøre at han har eit brennande engasjement for at born og unge skal få høyre om Jesus.

Sep 25, 2025
Frivillig pianist på Blindheim bedehus
Sep 25, 2025
Sep 25, 2025
11 min
Sidan ho var 2. klassing har Kari Anne Steffensen spelt piano. Ho kjem frå ein musikalsk familie på Bømlo. No bur ho på Sunnmøre og har sin menighet i Blindheim bedehus. Der bidreg ho ofte med pianospeling og i serien frivillig tek vi ein prat med Kari Anne Steffensen om hennar frivilleg engasjement på bedehuset.

Sep 25, 2025
Vestborg-lærar deltek i VM i fjell-løp
Sep 25, 2025
Sep 25, 2025
6 min
Fredag 26.september deltek Jonas Hesthaug, frå Eisdal, i VM i fjell-løp i Pyreneane i Spania. Løpet er på 45 kilometer og inneheld ein høgdeskilnad på 3700 meter. Han har tidlegare i år vunne Stranda Fjord Trail Race og Ørsta Fjellmaraton, og kom på andre plass i Molde 7 Peaks. Han er til dagleg idrettslærar ved Vestborg vidaregåande skule på Stranda, og fortel at han har gode treningsforhold med dei høge fjella i område. Når løpet går av stabelen fredag kan ein fylgje det på eigen Youtube-stream: https://www.youtube.com/live/vUSOJl1z5ZI?si=CWRfn7iTciuayw7F
Høyr heile intervjuet med Jonas Hesthaug dagen før dagen.

Sep 25, 2025
Ord til ettertanke Intervju med Johan Per Sunde
Sep 25, 2025
Sep 25, 2025
4 min
Denne veka er det Johan Per Sunde som held Ord til ettertanke på Radio Sunnmøre. Han er pensjonist frå ei 49 år lang arbeidstid på butikken Johan R. Sunde, og har mykje å styre med. I andaktene denne veka held han andakter over spørsmålet; kvifor. Kvifor har Gud skapt verda og kvifor har Gud skapt menneska, er nokre av spørsmåla Johan Per Sunde finn svar på i Bibelen. Høyr alle vekas ord til ettertanke på Radio Sunnmøre.

Sep 25, 2025

Sep 25, 2025

Sep 25, 2025

Sep 25, 2025

Sep 25, 2025

Sep 24, 2025
Konsert i Pinsekyrkja Volda
Sep 24, 2025
Sep 24, 2025
7 min
Til helga er det konsert i Pinsekyrkja i Volda med Peter Hallstrøm og Frøydis Grorud. John Aage Rødseth, pastor i pinsekyrkja, gler seg stort til konserten og fortel varmt om artistane som kjem i eit intervju på Radio Sunnmøre. Høyr heile intervjuet med pastor John Aage Rødseth.

