Episodes

Sep 24, 2025
Søndagens tekst 28. september
Sep 24, 2025
Sep 24, 2025
7 min
I Søndagens tekst for søndag 28. september få vi høyre evangelieteksta frå Matteus 11, 16-19. Den handlar om Johannes døyparen, som verken åt eller drakk. Kva er det denne teksta fortel oss? I samtale med prost Karl Johan Bjørge i Nordre Sunnmøre prosti tek redaktør Ragnhild Kristine Vartdal Espelund ein prat om denne teksta og innhaldet. Sjølve teksta blir lest av Randi Fagerhol Lauvås.

Sep 23, 2025
Woman retreat på Lepsøya
Sep 23, 2025
Sep 23, 2025
8 min
Til helga er det woman retreat på Lepsøya i regi av Misjonssambandet Nordvest. Ei populær med få plassar att. Dette er ei helg med godt andeleg påfyll, ei tid til kvile og ei helg der ein kjem litt nedpå. Høyr Cathrine Behrentz fortelje om helga.

Sep 23, 2025
Sep 23, 2025
8 min
-Er vi førebudde på dei unge som søker kyrkjer og bedehus? Og korleis skal ein kunne no brygge bruer mellom misjonsarbeidet som skjer ute og heime? Høyr heile intervjuet med Kjetil Vestel Haga, generalsekretær i Normisjon.

Sep 23, 2025
Kvardagspraten med Marit Stokken Berland
Sep 23, 2025
Sep 23, 2025
7 min
I vekas Kvardagsprat får vi høyre Marit Stokken Berland fortelje frå Indremisjonsforbundet sin generalforsamling (GF) i helga som var. Den var i år lagt til ei eiga helg utanfor leiarkonferansen, og hadde fokus eine og aleine på GF. Dette var det fleire som satte pris på, i fylgje Stokken Berland, at ein fekk ro og tid til eit eige GF. Stokken Berland drog direkte til Fjelly på 60+ leier, og vi tok ein prat med henne morgenen etter oppstart på leiren.

Sep 22, 2025
Parkurs på Dråpe og i Misjonssalen
Sep 22, 2025
Sep 22, 2025
7 min
Til helga arrangerer Misjonssalen Ålesund og Emblem bedehus parkurs saman. Det er Egil Rise som kjem for å halde kurset. Kurset skal haldast på Dråpe Kaffihus fyrste kvelden og på Misjonssalen Ålesund andre dag. Høyr heile intervjuet med Egil Rise.

Sep 22, 2025
Med mann og barn i krigen
Sep 22, 2025
Sep 22, 2025
11 min
Nyleg sende Te`ena Ben Haim mann og barn i militæret, og mannen skulle no bli med inn i Gaza med det israelske militæret. Denne gongen fekk han ta med seg telefonen inn på Gazastripa slik at dei heim får meldingar på at dei har det bra i situasjonen. Det er ein vanskeleg situasjon for alle og det er framleis håp om at det skal bli fred og friheit får både folket i Israel og i Gaza. Høyr heile intervjuet med Te`ena Ben Haim som bur i Jerusalem.

Sep 18, 2025
Mediekommentaren veke 38
Sep 18, 2025
Sep 18, 2025
7 min

Sep 18, 2025
Nytt ungdomskor i Giske
Sep 18, 2025
Sep 18, 2025
5 min
På Valderøy bedehus startar det no opp eit nytt ungdomskor frå 9. klasse og oppover. Dei øver annakvar onsdag og det er Susanne Moe Roaldsnes som startar koret. Ho har sjølv fått gå i ungdomskor i oppveksten, og no ynskjer ho at fleire skal få oppleve dette. Det er mange som har sagt dei har lyst å synge og har sakna eit kor, så no er moglegheita der. Susanne Moe Roaldsnes arbeidar i kyrkja som diakonarbeidar med fokus på barn og ungdom i kyrkja.

Sep 18, 2025
Frå Sunnmøre til Elfenbenkysten
Sep 18, 2025
Sep 18, 2025
10 min
I haust reiser Katie og Kjell Magne Møgster til Elfenbenkysten som misjonærer for Misjonssambandet. I Afrika må ein vere som ei potet og bidra der det er behov, fortel Kjell Magne Møgster. Høyr heile intervjuet med Katie og Kjell Magne Møgster på Radio Sunnmøre.

Sep 18, 2025
Barsel-cafè på PULS
Sep 18, 2025
Sep 18, 2025
7 min
Annakvar onsdag arrangerer PULS barsel-cafè. Heidi Fink er tilsett i kyrja og jobbar med prosjekt som kan nå ut til lokalmiljøet. Ein idè var å kunne starte ein barsel-cafè for dei som var heime på dagtid med små barn, og som kunne vere ein møtestad for dei som i ei slik periode har behov for å møte andre i same situasjon. Høyr heile intervjuet med Heidi Fink.

