Episodes

Sep 29, 2025
Lån eller behald ei bok i Herøy kyrkje
Sep 29, 2025
Sep 29, 2025
4 min
I Herøy kyrkje kan ein no låne eller behalde ei bok av kristen litteratur. I gangen står det ei hylle med ulike bøker ein kan ta med seg heim anten for lån eller for å behalde. Sokneprest i Herøy kyrkje, Solfrid Leinebø Seljås, fortel at det er dei som har nokre bøker til overs som leverer desse til kyrkja, og på den måten kan andre få ta del i den kristne litteraturen. Høyr heile intervjuet med Solfrid Leinebø Seljås, sokneprest i Herøy kyrkje.

Sep 28, 2025
MAND - mannekveld i Misjonssalen
Sep 28, 2025
Sep 28, 2025
6 min
Mandag 29. september er det fyrste samling med MAND i Misjonssalen, ein kveld for kun menn. Ulike tema blir tatt opp ein kveld i månaden, og denne mandagen er det angst som er agendaen. Knut Asbjørn Ulstein er ein av dei som arrangerer kveldane og fortel om godt oppmøte på tidlegare arrangement. Det har vore menn frå 18 år og oppover til 80 år som har møtt. Ein kveld inneheld ofte eit foredrag, kveldsmat og avsluttast med samtale rundt borda. Høyr heile intervjuet med Knut Asbjørn Ulstein.

Sep 26, 2025
Gapahukens dag
Sep 26, 2025
Sep 26, 2025
4 min
Laurdag 27. september er det gapahukens dag i regi av Sunnmøre friluftsråd. Det blir arrangert arrangement på fleire av gapahukene rundt om på Sunnmøre, og Aurora Majala i Sunnmøre Friluftsråd oppfordrar folk til å komme seg ut.

Sep 26, 2025
Adam Cliff med nytt album
Sep 26, 2025
Sep 26, 2025
13 min
Ole Andreas Høyberg, alias Adam Cliff, er under arbeid med nytt album. Det kjem ut i løpet av første halvår 2026.
Hør intervjuet om kva som har inspirert han til det nye albumet. Her får du høre om både røtter tilbake til utvandringa til Amerika, og om kven som har inspirert han til å lage ny musikk.

Sep 26, 2025
Morgonbøn på Blindheim bedehus
Sep 26, 2025
Sep 26, 2025
7 min
Kvar måndag frå kl.0645-0830 er det morgonbøn på Blindheim bedehus. For enkelte kan dette vere svært tidleg på morgonen å starte dagen, men for andre er dette den perfekte start. Helge Blindheim er med som arrangør og fortel om kva det er som skjer under morgonbøn på Blindheim bedehus.

Sep 25, 2025
Foreldrerolla i ei digital tid_Del 5
Sep 25, 2025
Sep 25, 2025
32 min
Kva samfunnsansvar har politiet når det gjeld den kommunikasjonen barn og unge i dag har via sosiale medier? Kva grep blir gjort for å hindre formidling av rus og mobbing? I ein samtale med Daniel Ludviksen, avsnittsleiar for etteretning og forebygging i Ålesund politi, tek vi ein prat om den digitale kvardagen barn og unge har i dag på Sunnmøre. Ludviksen oppfordrar foreldre til å bry seg om barnet sitt, lær om dei ulike appane og vis interesse for kva barn og unge i dag held på med.
Høyr heile samtalen med Daniel Ludviksen, avsnittsleiar for etteretning og forebygging i Ålesund politi.

Sep 25, 2025
Foreldrerolla i ei digital tid_Del 4
Sep 25, 2025
Sep 25, 2025
15 min
Søvnmangel, algoritmer med skadeleg innhald, sjølvskading og planlegging av slostkampar, er noko av det unge i dag opplever på sosiale medier. I årets rapport frå Medietilsynet, Barn og Medier 2024, kjem det fram nye og høge tal som Medietilsynet tek på høgste alvor.
Rapporten viser at 95% av alle 9-11 åringar i Noreg har mobil, og 60 % av 9-12 år fekk det før dei vart 8 år gamle. Heile 7 av 10 barn mellom 9-12 år er på sosiale medier, og over halvparten av alle 9 åringar.
Den nye rapporten viser at 4 av 10 barn ville følt seg utanfor utan sosiale medier, og heile 70 % av 9-18 åringar er på Snapchat. Det er høge prosentandelar av born som fortel at dei opplev søvnmangel grunna sosiale medier, og at dei har sett innhald om sjølvskading, og valdeleg innhald. Halvparten av jenter mellom 13-18 år har sett innhald om korleis ein kan bli tynnare.
Direktør Mari Velsand i Medietilsynet fortel i ein samtale med Radio Sunnmøre at ein no må gjere ein innsats på å overhalde aldersgrense og ansvarliggjere plattformene. Ein arbeidar også no med å få reell aldersverifisering på plass i dei ulike appane, og at ein meir må handheve nye reglar.
Høyr heile samtalen med Mari Velsand i Medietilsynet på Radio Sunnmøre, i serien Foreldrerolla i ei digital tid.

Sep 25, 2025
Foreldrerolla i ei digital tid_Del 3
Sep 25, 2025
Sep 25, 2025
47 min
Ungdomen fortel om ein drøy digital kvardag kombinert med ein hysj-kultur, og nyttar seg av appar som nok fleire foreldre ikkje har kjennskap til. Det er normalen å motta nakenbilete og ekkelt om det kjem frå vaksne. I vekas episode av serien Foreldrerolla i ei digital tid har vi tatt ein samtale med Leif Christian Tomren, sosiallærar og faglærar, og Hanne Jarnes, helsesjukepleiar. Dei har begge sin daglege arbeidsplass ved Blindheim ungdomsskule med nær 500 elevar.
Kva apper og sosiale plattformer nyttar borna og ungdomen idag? Har foreldre overlatt opplæringa til skulen? Kva rolle har foreldra og kva kan ein gjere for å betre dagens situasjon?

Sep 25, 2025
Foreldrerolla i ei digital tid_Del 2
Sep 25, 2025
Sep 25, 2025
28 min
Kjenner du at ungane sin bruk på sosiale medier og digitale plattformer er uoversikteleg? Kven og kva kjem ungane i dag i kontakt med, og kva rører seg på Sunnmøre i dag. I ein samtale med Sonja Sætre, ruskonsulent i Familiestøtte i Ålesund kommune, tek vi ein prat om dei erfaringane ho har gjort seg gjennom jobben her på Sunnmøre. Sætre gir ei klar oppfordring til foreldre/føresette om å tenke over korleis vi sjølv framstår på sosiale medier i møte med rusbruk, og at vi må tør å ta samtalen med borna våre.

Sep 25, 2025
Foreldrerolla i ei digital tid_Del 1
Sep 25, 2025
Sep 25, 2025
39 min
Den digitale kvardagen er eit sosialt faktum, men har også for mange i rolla som foreldre/føresette blitt uoversikteleg og utfordrande. I ein ny serie på Radio Sunnmøre tek vi samtalen med ulike fagpersonar på Sunnmøre i kontakt med dagens ungdom og foreldre/føresette.
Anne Line Dahl Jerstad er trenar i familieveiledning og familieterapeut ved Familievernkontoret Sunnmøre. I første episode tek vi ein prat med henne om kva forventningar born og foreldre har i dag, og kva rolle sosiale medier har fått i dagens oppvekst og oppdragelse. I ein samtale med Dahl Jerstad og journalist Ragnhild Kristine Vartdal Espelund snakkar vi om tips og råd, utfordringar i den reelle digitale kvardagen, og om korleis foreldre saman kan hjelpe kvarandre.

