Episodes

Friday Mar 07, 2025

Friday Mar 07, 2025

Friday Mar 07, 2025

Friday Mar 07, 2025

Friday Mar 07, 2025

Thursday Mar 06, 2025
Ny tilsett i Radio Sunnmøre
Thursday Mar 06, 2025
Thursday Mar 06, 2025
Frå 1. september er Helge Åkernes tilsett i Radio Sunnmøre i ei 60 % stilling. Åkernes kjem frå Langevåg i Sula og har dei siste åra arbeidd i Åpne Dører. Han er utdanna lærar og har tidlegare arbeidd både i Søndagsskulen Sunnmøre krins, KRIK og Ålesund folkehøgskule med meir.
-Eg håpar eg kan bidra til å få til spennande ting som kan inspirere kristen-Norge, seier Åkernes til Radio Sunnmøre.
Høyr heile intervjuet med Helge Åkernes.

Wednesday Mar 05, 2025
Klar for ny kvinneweekend på Orreneset
Wednesday Mar 05, 2025
Wednesday Mar 05, 2025
Siste helga i mars er det klart for ny kvinneweekend på Orreneset. Aud Karin Kjølvik Ringvoll er talar for helga med temaet Jesus - vårt håp. Turid Nordstrand Rødset er i komitèen og kjenner at denne helga er så viktig å få med seg. Ho fortel til Radio Sunnmøre at det er ei helg der kvinner kan kome til fellesskap, inspirasjon, til god mat og dekka bord. Det er mykje spennande på programmet og framleis nokre ledige plassar.
Høyr heile intervjuet med Turid Nordstrand Rødset.

Wednesday Mar 05, 2025
Gospelkonsert i Volda
Wednesday Mar 05, 2025
Wednesday Mar 05, 2025
Søndag 16. mars blir det Gospelkonsert i Volda med Volda gospelkor og 4HIM frå Emblem. Det er NSP Aid som inviterer inn til Håpskonsert i Pinsekyrkja i Volda, og Per Gunnar Hamnøy fortel meir om dette til Radio Sunnmøre.

Tuesday Mar 04, 2025
Kvardagspraten med Marit Stokken Berland_040325
Tuesday Mar 04, 2025
Tuesday Mar 04, 2025
I fire veker har Marit Stokken Berland vore på farta med møter og ei av vekene var i Gudbrandsdalen. Ho reiste saman med ektemannen Jarle Berland og møtte mange ivrige som reiste opp til fire mil ein veg for å kome til møtet. I kvardagspraten får vi høyre Stokken Berland fortelje frå veka.

Tuesday Mar 04, 2025
Fekk Kongens Fortjenestemedalje for Giske barnekor
Tuesday Mar 04, 2025
Tuesday Mar 04, 2025
Fredag 28. februar inviterte Giske barnekor til songkveld, men det dirigent Eli Grøtta Giske ikkje visste var at også ordføraren i Giske var tilstade for ein særskild grunn. Etter ein leik dukka ordføraren opp med kjedet rundt halsen og overrekte Kongens Fortjenstemedalje til Grøtta Giske for å ha drive Giske barnekor i 30 år. Vi har tatt ein prat med Eli Grøtta Giske for å høyre korleis ho opplevde dette.

