Episodes

Thursday Mar 12, 2026
Stor basarhelg på Brattvåg bedehus
Thursday Mar 12, 2026
Thursday Mar 12, 2026
Til helga blir det basar heile helga på Brattvåg bedehus. Det heile startar fredag med korsong av Sunnmørsgutane, festkoltbord og loddsal. Laurdag er det ein meir barnevennleg basar med barnekor, gratis mat til borna, tombola og åresal på føremiddag, og ettermiddagstreff seinare på dag. Søndag avsluttast det heile med storsamling.
Gudrun Longva er i leiinga for basaren og i eit intervju på Radio Sunnmøre fortel ho mykje om helgas storbasar.

Wednesday Mar 11, 2026
Søndagens tekst 15. mars
Wednesday Mar 11, 2026
Wednesday Mar 11, 2026
Søndagens tekst er henta i frå Lukas 11, 45-53 og handlar om planane om å drepe Jesus. Jesus gjorde under og fleire vart uroa over dette. Det gjorde at øverprestane og farisearane starta prosessen med å legge planar om å drepe Jesus.
Høyr heile praten med Karl Johan Bjørge, prost i Nordre Sunnmøre prosti, og Ragnhild Kristine Vartdal Espelund, redaktør i Radio Sunnmøre. Teksta er lest av Randi Fagerhol Lauvås.

Wednesday Mar 11, 2026
Plussreiser sin Israelsgruppe på veg heim
Wednesday Mar 11, 2026
Wednesday Mar 11, 2026
Plussreiser sende si fyrste gruppe på fleire år til Israel den 27. februar, og dagen etter braut det ut krig i Midtausten. Gruppa har i store delar av turen opphaldt seg på hotellet og i bomberom, men med god oppfylging av reiseteamet og reiseselskapet. No er heile gruppa på veg heim til Noreg, og Kurt Andre Henriksen, konstituert leiar i Plussreiser, fortel til Radio Sunnmøre korleis gruppa kom seg heim.
Høyr heile intervjuet med Kurt Andre Henriksen, konstituert leiar i Plussreiser.

Tuesday Mar 10, 2026
Kvardagspraten med Marit Stokken Berland
Tuesday Mar 10, 2026
Tuesday Mar 10, 2026
I Kvardagspraten denne veka tek vi ein prat med Marit Stokken Berland. På grunn av sjukdom må Marit og Jarle Berland avlyse dei neste møtevekene, men det er ikkje til hinder for å samlast til møteveke på dei stadane dei skulle ha møtt. Stokken Berland er imponert over alle eldsjelene som er rundt om i landet vårt og i kvardagspraten denne veka tek vi ein prat om alle dei.

Monday Mar 09, 2026
Vestborg elevar på rekognisering under prøve VM i Falun
Monday Mar 09, 2026
Monday Mar 09, 2026
I starten av mars var nokre elevar frå Vestborg vidaregåande på Stranda, saman med lærar Lars Johan Stokken, på rekogniseringstur til prøve-VM i Falun. Heile skulen skal vere med under VM i 2027 som frivillege, og denne veka har dei fått opplæring og innsikt i arbeidet dei skal gjere. Vi tok ein prat med lærar Lars Johan Stokken og dei to elevane Leander Nygaard og David Lundanes om det det har fått og skal få oppleve.

Monday Mar 09, 2026
På føremiddagstreff på Valderøy bedehus
Monday Mar 09, 2026
Monday Mar 09, 2026
Ein gong i månaden møtast ein god gjeng i kjellaren på Valderøy bedehus. Fyrste tysdag i mars var Radio Sunnmøre invitert til å dele om arbeidet og dele ei andakt. Anbjørn Walderhaug var med og song for dei frammøtte, og i etterkant av samlinga fekk vi ein prat med han om samlinga i bedehuskjellaren.

Thursday Mar 05, 2026
- Spanande å leve med Jesus
Thursday Mar 05, 2026
Thursday Mar 05, 2026
I Ord til ettertanke denne veka er det Peder Almedal som delar sine tankar rundt tekstane i Lukas 5. Følg meg er overskrifta for andaktene og det handlar om Peter sitt kall å bli ein menneskefiskar. Vi får i eit intervju med Almedal høyre litt frå då han fyrste gong vart spurt om å reise som forkynnar, og korleis live la seg vidare for han gjennom arbeidslivet som ingeniør og no som forkynnar.
Høyr heile samtalen med Peder Almedal.

Thursday Mar 05, 2026
Ord til ettertanke 2. mars
Thursday Mar 05, 2026
Thursday Mar 05, 2026
Ord til ettertanke av Peder Almedal

Thursday Mar 05, 2026
Ord til ettertanke 3. mars
Thursday Mar 05, 2026
Thursday Mar 05, 2026
Ord til ettertanke av Peder Almedal

Thursday Mar 05, 2026
Ord til ettertanke 4. mars
Thursday Mar 05, 2026
Thursday Mar 05, 2026
Ord til ettertanke av Peder Almedal

