Episodes

Thursday Mar 20, 2025

Thursday Mar 20, 2025

Thursday Mar 20, 2025

Thursday Mar 20, 2025

Thursday Mar 20, 2025

Thursday Mar 20, 2025
Norea på Sunnmørsturnè
Thursday Mar 20, 2025
Thursday Mar 20, 2025
Denne veka er Norea Mediemisjon på Sunnmørsturnè, med både enkeltmøter og Håpskonsertar. Roald Arnesen i Norea Music har denne veka haldt møter på både Vigra og Skodje, og torsdag kveld starter fyrste Håpskonserten. Til konserten kjem også Elisabeth Lillebø Sæth, Svein Helleik Kringeland og Bjarte Mo. Dei skal halde konsertar på Vestnes, Volda og i Ålesund. Søndag kveld held Elisabeth Lillebø Sæth ein solokonsert på Fiskå bedehus.
Arnesen er også leiar i mannsgruppa Frihals frå Flekkerøya. Dei som er med der har vakse opp med fedre i Flekkerøyguttane, og sjølv var dei også ein del av Flekkerøy juniorguttane, før dei starta gruppa Frihals. Arnesen lagar mykje songar sjølv og i intervjuet på Radio Sunnmøre får vi høyre han synge ein heilt fersk song laga på veg til Sunnmøre.
Høyr heile intervjuet med Roald Arnesen på Radio Sunnmøre.

Wednesday Mar 19, 2025
Sjømannsprest i Alanya i Tyrkia
Wednesday Mar 19, 2025
Wednesday Mar 19, 2025
Per Inge Vik er tidlegare sogneprest i Nordre Sunnmøre prosti i fleire år, og no som pensjonist jobbar han fullt som prest i sjømannskyrkja i Alanya i Tyrkia saman med kona Kari. Arbeidet er variert og handlar om å vere der for nordmenn i området. Kyrkja arrangerer treffpunkt gjennom veka med ulikt program.
Høyr heile praten med Per Inge Vik, som er sjømannsprest i sjømannskyrkja i Alanya.

Wednesday Mar 19, 2025
Broren - ei diktbok om relasjonar
Wednesday Mar 19, 2025
Wednesday Mar 19, 2025
I slutten av mars kjem diktboka Broren ut på markedet. Det er ei diktbok om relasjonar. Det fortel forfattar Fred Arne Andersen til Radio Sunnmøre. Han er lege, tidlegare teltmakar og gift med ei frå Sunnmøre. Han har ein tvillingbror som er utgongspunktet for at diktboka Broren vart til. Tankane starta der med relasjonen til dei nære, relasjonen til ein bror og spelar vidare på dette til relasjonen til Gud. Vi har tatt ein prat med Fred Arne Andersen for å høyre meir om kva som ligg bak dikta i boka Broren.
Høyr heile intervjuet med Fred Arne Andersen.

Tuesday Mar 18, 2025
Kvardagspraten med Marit Stokken Berland_180325
Tuesday Mar 18, 2025
Tuesday Mar 18, 2025
Forrige veke var Marit Stokken Berland og Jarle Berland i Sogn og haldt møter. I Kvardagspraten fortel Marit oppglødd om møta som har vore og mykje å fortelle til lyttarane på Radio Sunnmøre.

Tuesday Mar 18, 2025
Håpskonsertar på Sunnmøre med Norea
Tuesday Mar 18, 2025
Tuesday Mar 18, 2025
Denne veka arrangerer Norea Håpskonsertar i Møre & Romsdal. Ein på Vestnes, i Volda og i Misjonssalen Ålesund. I tillegg skal Elisabeth Lillebø Sæth avslutte veka med ein eigen solokonsert på heimstaden Fiskå bedehus. Ho er utflytta vanylving som er både låtskriva, songar og komponist, og vil denne ettermiddagen dele ærleg om livet og om ei gudstru som har lyfta ho gjennom livets stormar. Høyr intervjuet med Elisabeth Lillebø Sæth, som til dagleg arbeidar i Norea med Håpets Kvinner.

