Episodes

Oct 8, 2025
Søndagens tekst 12. oktober
Oct 8, 2025
Oct 8, 2025
8 min
I søndagens tekst 12. oktober er det Markus 1, 40-45 som er evangelieteksta. Denne søndagen handlar teksta om den spedalske mannen. På den tida var dei med denne sjukdomen sosialt døde. Dei var ureine og folk skulle ikkje vere med dei. Men Jesus viste inderleg medkjensle med han, rette ut handa og rørte ved han. I samtale med prost i Nordre Sunnmøre prosti, Karl Johan Bjørge, tek vi denne veka ein samtale om kva denne teksta vil fortelle oss.

Oct 7, 2025
Matposeutdeling på Molde bedehus
Oct 7, 2025
Oct 7, 2025
6 min
Då Molde bedehus høyrde at lokale tiltaket Frivillighetssentralen måtte legge ned fleire tilbod, som utdeling av matposer, så heiv Molde bedehus seg på og tok over dette. Dei tok kontakt med dei som hadde dette tidlegare, og i tillegg snakka med Asko og andre bedrifter som har donert mat til utdelinga, som gjorde at bedehuset no kan halde fram med å dele ut matposer i byen. Høyr Rigmor Welle Hatlen fortelle om det lokale tiltaket Molde bedehus har starta med annakvar veke.

Oct 7, 2025
Kvardagspraten med Marit Stokken Berland
Oct 7, 2025
Oct 7, 2025
7 min
-Gud er den som gjer under, fortel Marit Stokken Berland i vekas Kvardagsprat. Nyleg var ho i Hordaland og haldt møteveker. Frå 14. oktober til 19. oktober er det møteveke på Ellingsøy bedehus, og det ser Stokken Berland fram til. Mange arrangerer møteveker med forventning til at noko skal skje, og det er naturleg når ein har opplevd kva Jesus kan gjere, fortel Stokken Berland i kvardagspraten. Høyr heile kvardagspraten på Radio Sunnmøre.

Oct 6, 2025
Haram fellesskapet er eit pilotprosjekt
Oct 6, 2025
Oct 6, 2025
8 min
IMF Sunnmøre har tatt initiativ til å starte større fellesskap av fleire mindre fellesskap i nærområdet av kvarandre. Haram fellesskap er eit pilotprosjekt i denne samanhengen, og har no gått saman om å bygge eit fellesskap på dei mindre forsamlingane som er frå før. Det er totalt seks mindre forsamlingar, Vatne, Tennfjord, Søvik, Hildre, Gamlem og Brattvåg, som har gått saman om å bygge eit større fellesskap. Det er ikkje snakk om å legge ned bedehus eller forsamlinger, men å bygge opp eit større fellesskap. Dette fortel Knut Aarsund meir om i eit intervju på Radio Sunnmøre.

Oct 6, 2025
Oct 6, 2025
10 min
Jakobs bror er namnet på boka Eldar Skeide kom ut med i fjor vinter. Skeide har vore i studio igjen for å fortelje korleis det har gått med utgivelsen av boka. Boka handlar om korleis det er å vere veslebroren til Jesus, og om det som er dokumentert om då Jesus stod fram som Guds son. Skeide har debutert som forfattar med denne boka og gav den ut på eit sekulært forlag. Tilbakemeldingane etter at folk har lest boka er positive og lesarar har fortalt at dei synest boka er interessant.

Oct 3, 2025
Kom over Radio Sunnmøre på FM
Oct 3, 2025
Oct 3, 2025
7 min
Ein dag Sivert Røymo, frå Molde, skulle over Ørskogfjellet på jakt, fekk han sitt fyrste møte med Radio Sunnmøre. På turen hadde han gløymd AUXen heime, og dermed var det kun FM som var å lytte til. Der kom Radio Sunnmøre på øyret med Helge Åkernes som då snakka om nåde. Dette vart Røymo interessert i. Han var då på ei trusreise frå å vere det han kalla for ein agnostikar, til å no kalle seg ein kristen. Høyr heile historia til Sivert Røymo om korleis han vart ein kristen.

Oct 3, 2025
Visthus leirstad selgast
Oct 3, 2025
Oct 3, 2025
5 min
Visthus leirstad, tilhøyrande Nordmøre og Romsdalen Indremisjon (NRI), skal selgast. I haust blir det arrangert dei siste leirane og siste haustmesse på leirstaden, og NRI ser ikkje at det lenger er mogleg å halde på staden. Dette fortel krinsleiar Ole Martinsen til Radio Sunnmøre.

Oct 2, 2025
Gutane held songkveld med innsamling
Oct 2, 2025
Oct 2, 2025
5 min
Første fredagen i november skal Gutane i Sula frikirke halde ein songkveld. Oddgeir Vadseth i Gutane fortel i eit intervju på Radio Sunnmøre at dei under songkvelden også skal ha ei innsamling til Frimat Sula. Det er eit konsept med overskotsmat til dei med stram økonomi. Med denne songkvelden ynskjer Gutane å bidra med hjelp til Frimat ved at ein får muligheit til å gje ei gåve når ein går ut av konserten.
Høyr intervjuet med Oddgeir Vadseth i Gutane.

Oct 2, 2025
Ord til ettertanke 29. september
Oct 2, 2025
Oct 2, 2025
4 min
Denne veka er det Oddveig Molnes som held ord til ettertanke på Radio Sunnmøre.

Oct 2, 2025
Ord til ettertanke 30. september
Oct 2, 2025
Oct 2, 2025
5 min
Denne veka er det Oddveig Molnes som held ord til ettertanke på Radio Sunnmøre.

