Episodes

Monday Feb 02, 2026
Utflytta sunnmøring Jenny Marie Ågedal
Monday Feb 02, 2026
Monday Feb 02, 2026
I serien utflytta sunnmøring har vi denne gong tatt ein prat med Jenny Marie Ågedal, født Gamlem, og vakse opp på Åse i Ålesund. Ho bur i dag i Drøbak.
Jenny er yngst av fire, og vaks opp med leir, KRASP og kretskor, og var rundt i fleire meningheter og oppdaga at det var mange kristne i same aldersgruppa. Ho gjekk vidare på Vestborg vidaregåande skule, før ho hamna på Grimstad bibelskule.
Planen var i utgongspunktet å bli lektor, men då ho gjekk på bibelskule var det teologi som gav smak. Vegen vidare vart ei master i kirkeleg undervisning, som då resulterte i å bli kateket. Dei siste 17 åra har ho altså arbeidd som kateket.
Høyr heile praten med utflytta sunnmøring, Jenny Marie Ågedal.

Monday Feb 02, 2026
På formiddagstreff i Bedehuskirka Emblem
Monday Feb 02, 2026
Monday Feb 02, 2026
Siste torsdagen i månaden har Bedehuskirka Emblem formiddagstreff. I januar var det Radio Sunnmøre som fekk vere gjest, og som fekk dele ei andakt og dele litt om radioarbeidet på Sunnmøre. Vi fekk også gjere eit intervju med nokre av dei frammøtte.
Kåre Bjørdal er ein av dei trufaste på formiddagstreffet, og han fortel i intervjuet at han set stor pris på å få kome dit og dele eit måltid med andre, og å ha eit sosialt treff saman med andre kristne ein føremiddag. Kari Lisa Roald er pianist på treffa og fortel sprudlande om den gleda ho har med å få lov til det.
Vi tok også ein prat med eldsjel Svanhild Farstad om kor viktige desse torsdagstreffa er.
Både "Hode, skulder, kne og tå", viser og salmar vart sunge, god mat vart delt og ei andakt fekk dei frammøtte også med seg.
Høyr heile intervjuet på Radio Sunnmøre.

Thursday Jan 29, 2026
Impuls i Molde
Thursday Jan 29, 2026
Thursday Jan 29, 2026
Første helga i mars, 6. -8. mars, arrangerast Impuls i Molde bedehus. Dette er eit ungdomsarrangement for 8. klasse og oppover, og i fjor var det over 200 ungdomar som var innom helga. Lovsongsteamet for helga kjem frå Impuls Trondheim.
Vekk oss til liv er temaet for helga, og arrangør Kathrine Celi Pèrez fortel meir om arrangementet til Radio Sunnmøre.

Thursday Jan 29, 2026
Frå mørke til lys
Thursday Jan 29, 2026
Thursday Jan 29, 2026
Denne veka er det Magne Arild Torgersen som har ord til ettertanke på Radio Sunnmøre. I vekas andaktar delar han nokre tankar om det å gå frå mørke til lys. Høyr alle andaktene og intervjuet på Radio Sunnmøre.

Thursday Jan 29, 2026
Ord til ettertanke 26. januar
Thursday Jan 29, 2026
Thursday Jan 29, 2026
Ord til ettertanke av Magne Arild Torgersen

Thursday Jan 29, 2026
Ord til ettertanke 27. januar
Thursday Jan 29, 2026
Thursday Jan 29, 2026
Ord til ettertanke av Magne Arild Torgersen

Thursday Jan 29, 2026
Ord til ettertanke 28. januar
Thursday Jan 29, 2026
Thursday Jan 29, 2026
Ord til ettertanke av Magne Arild Torgersen

Thursday Jan 29, 2026
Ord til ettertanke 29. januar
Thursday Jan 29, 2026
Thursday Jan 29, 2026
Ord til ettertanke av Magne Arild Torgersen.

Thursday Jan 29, 2026
Ord til ettertanke 30. januar
Thursday Jan 29, 2026
Thursday Jan 29, 2026
Ord til ettertanke av Magne Arild Torgersen.

Wednesday Jan 28, 2026
Drop in bryllaup på valentinsdagen
Wednesday Jan 28, 2026
Wednesday Jan 28, 2026
På sjølvaste valentinsdagen, 14. februar, tilbyr Den norske kirke Drop-in-bryllaup. Ein heilt enkel vigselsseremoni, som er heilt gratis om den eine er medlem i Den norske kirka.
I Møre og Romsdal er det fleire kirker som tilbyr drop-in bryllaup på valentinsdagen, og Harøy kyrkje er den kyrkja som til no har fått flest førespurnader. Vi har tatt ein prat med eldsjel og initiativtaker i Harøy, Solfrid Harøy, som gler seg stort over oppslutnaden.
Vi har også tatt ein prat med Maria Vassli Gjære, i Møre bispedømmeråd, som fortel at det skal vere enkelt og ein lavterskel for å gifte seg med eit slikt tilbod. Det viktigast å ha på plass er ein å gifte seg med.
Høyr heile intervjuet på Radio Sunnmøre.

