Episodes

Thursday Nov 20, 2025
FRIVILLIG på Langevåg bedehus
Thursday Nov 20, 2025
Thursday Nov 20, 2025
Terje Vik er far, bestefar og no pensjonist. Han er aktiv som frivilleg på Langevåg bedehus. Det var via kona han kom med i forsamlinga etter at dei gifta seg og flytta til Langevågen. Vik har vore med i dugnadsarbeid både i bygging, oppussing og i møteverksemd på bedehuset. - Eg trivast veldig godt i praktisk arbeid. Og så driv eg med utleigeverksemda og møteverksemda, seier Vik til Radio Sunnmøre. -Det gir meg ein kvalitetsdag å delta i dette arbeidet. Vi er født til fellesskap og ikkje til å sitte på kvart vårt nes. Så det å kunne bidra til noko i samfunnet, som har betydning for andre, det opplevast som godt og meinigsfullt, seier Vik.
Høyr heile intervjuet med Terje Vik.

Thursday Nov 20, 2025
Jesus sin likningar fasinerer
Thursday Nov 20, 2025
Thursday Nov 20, 2025
Lars Petter Ødegård, ny krinsleiar i ImF Sunnmøre frå 1. januar 2026, har Ord til etteratanke på Radio Sunnmøre denne veka. Andaktene og intervjuet er ei reprise frå tidlegare i år, men bodskapen i andaktene er like relevant no. Vi får i intervjuet høyre litt om arbeidet han har gjort i Misjonssalen i Kristiansund som pastor og oppbygginga av den.
I Ord til ettertanke denne veka delar Ødegård fem av Jesu sine likningar som fasinerer han sjølv.

Thursday Nov 20, 2025
Ord til ettertanke 17. november
Thursday Nov 20, 2025
Thursday Nov 20, 2025
Ord til ettertanke av Lars Petter Ødegård

Thursday Nov 20, 2025
Ord til ettertanke 18. november
Thursday Nov 20, 2025
Thursday Nov 20, 2025
Ord til ettertanke av Lars Petter Ødegård

Thursday Nov 20, 2025
Ord til ettertanke 19. november
Thursday Nov 20, 2025
Thursday Nov 20, 2025
Ord til ettertanke av Lars Petter Ødegård.

Thursday Nov 20, 2025
Ord til ettertanke 20. november
Thursday Nov 20, 2025
Thursday Nov 20, 2025
Ord til ettertanke av Lars Petter Ødegård.

Thursday Nov 20, 2025
Ord til ettertanke 21. november
Thursday Nov 20, 2025
Thursday Nov 20, 2025
Ord til ettertanke av Lars Petter Ødegård.

Wednesday Nov 19, 2025
Nominert til Brageprisen
Wednesday Nov 19, 2025
Wednesday Nov 19, 2025
-Det var ei veldig stor overrasking for meg, for Brageprisen er den mest prestisjetunge prisen ein kan få for litteratur i Noreg. Så det er veldig stas, seier Aud Farstad til Radio Sunnmøre. Ho har skrive ei bok om Nanna With. I eit intervju på Radio Sunnmøre får du høyre om korleis Farstad har jobba med denne boka, og kor stort det er for henne at ho har blitt nominert til Brageprisen.

Wednesday Nov 19, 2025
Søndagens tekst 23. november
Wednesday Nov 19, 2025
Wednesday Nov 19, 2025
Søndagens tekst er henta i frå Johannes 9, 39-41. Det er Domssøndag i kyrkjeåret og teksta handlar om dei som ser, som skal sjå, og dei som ikkje ser, som skal bli blinde. Høyr samtalen mellom Karl Johan Børge, prost i Nordre Sunnmøre prosti, og Ragnhild Kristine Vartdal Espelund, redaktør i Radio Sunnmøre, om kva søndagens tekst handlar om. Teksta blir lest av Randi Fagerhol Lauvås.

Wednesday Nov 19, 2025
Presidentbesøk på TOVA i Mongolia
Wednesday Nov 19, 2025
Wednesday Nov 19, 2025
TOVA i Mongolia har nyleg hatt besøk av presidenten. Margunn Eide fortel at dei i snart 20 år har haldt på med TOVA fabrikken i Mongolia, som lagar tova ullprodukt som er eksportert til Noreg. Eide driv dette saman med ektemannen Ingar, og det var då dei reiste ut som misjonærar i 2002 at dette arbeidet starta. Dei vart begge kristne som ungdomar og kjende at dette ville dei gje vidare.
Høyr heile den sterke historia om korleis og kvifor Margunn og Ingar Eide starta med prosjektet TOVA, og som no nyleg fekk besøk av presidenten i Mongolia.

