Episodes

Tuesday Nov 18, 2025
Vanskelegare å nå nye i Japan
Tuesday Nov 18, 2025
Tuesday Nov 18, 2025
Det er vanskelegare å drive kirke i Japan enn i Noreg fortel Inger Valbø. Ho er utsending for Misjonssambandet i Japan og er ute i sin femte periode. Då ho var heime sist arbeidde ho i Den Norske Kirke som kyrkjelydspedagog, og då kunne ho invitere døypte born inn i kirka til ulike arrangement, samt dei som ikkje var døypte. I Japan er det vanskelegare å få kontakt med familier og born sidan det er færre døypte og lite barnearbeid. Nyleg har Valbø starta ein engelsk cafè og på den måten har ho fått kontakt med folk som ikkje har gått i kirka tidlegare.
Høyr heile praten med Inger Valbø.

Tuesday Nov 18, 2025
Populære KRIK leirar over heile landet
Tuesday Nov 18, 2025
Tuesday Nov 18, 2025
Fleire gongar i året arrangerer KRIK (Kristen Idrettskontakt) leirar for ungdommar over heile landet. Desse leirane har blitt svært populære og nyttårshelga er det EXPLORE som står for tur på Lillehammer. Leiren har ei rekordpåmelding med 1200 deltakarar og 350 leiarar, og også denne er det fleire sunnmøringar som har tenkt å ta turen. Magnus Kolbjørnsgard er markeds - og kommunikasjonsleiar fortel til Radio Sunnmøre at dei merkar at fleire ungdomar vil på leir. Til påska skal KRIK arrangere ein ny leir for fyrste gong på Voss, og dei arrangerer også påskeleir på Vestborg vidaregåande skule på Stranda.
-Vi har eit ynskje om å vere ei bru mellom idrett og menighet, fortel Kolbjørnsgard.
Høyr heile intervjuet med Magnus Kolbjørnsgard, markeds - og kommunikasjonsleiar i KRIK.

Tuesday Nov 18, 2025
Kvardagspraten
Tuesday Nov 18, 2025
Tuesday Nov 18, 2025
Denne veka skal Marit Stokken Berland og Irene Krokeide Alnes til Brusand. I 2003 haldt dei møteveker 10 veker i strekk på denne staden, og denne veka skal blant anna pianisten som var med kvar kveld den gongen også vere med. Stokken Berland fortel i kvardagspraten at ho har forventningar også til denne veka og gler seg til å reise tilbake dit.
-Vi må ha forventning om at Jesus møter dei som kjem no og, seier Stokken Berland til vekas møteveke.
Høyr heile kvardagspraten på Radio Sunnmøre.

Monday Nov 17, 2025
Inspirert på Haugekonferansen
Monday Nov 17, 2025
Monday Nov 17, 2025
Tidleg november deltok Odd Christian Stenerud på årets Haugekonferanse i Bergen. Han fortel i eit intervju på Radio Sunnmøre om kvifor og korleis han vart inspirert av å vere med på denne helga. Haugekonferansen har som mål at ein gjennom fellesskap, samtalar, seminarer, bøn og fagleg innhald skaper rom for både inspirasjon og refleksjon. Her møtast unge gründere og erfarne leiarar for å tenne skaperglede, utfordre kvarandre og bli utrusta til å bygge vidare – saman. Høyr heile intervjuet med Odd Christian Stenerud.

Friday Nov 14, 2025
Ny krinsleiar tilsett i ImF Sunnmøre
Friday Nov 14, 2025
Friday Nov 14, 2025
Lars Petter Ødegård (36) er tilsett som ny krinsleiar i ImF Sunnmøre. Han startar i stillinga i 30 % frå 1. januar og går inn i full stilling frå 6. april 2026. Ødegård er frå Dyrkorn i Stordal, på Sunnmøre, er gift med Miriam og dei har eitt born saman. Dei siste ti åra har han vore pastor i Misjonssalen i Kristiansund og har vore med å bygge opp denne menigheta. Han har også vore områdearbeidar i Misjonssambandet på Nordmøre og reist som forkynnar på landsplan.
-Då eg såg stillinga som krinsleiar vart lyst ut sa eg til kona mi, at er det noko eg aldri skal bli så er det krinsleiar. Fordi eg synest det var meir enn nok administrasjon som pastor. Og då den vart lyst ut for andre gong tenkte eg det samme, men då eg såg Arild Ove var blitt konstituert krinsleiar tok eg ein telefon til han for å høyre litt. Då trygga han meg med at hovedoppgåvene var forkynning, forsamlingsbygging, møte misjonsfolket og fellesskapsutvikling. Og då kjende eg at dette er dei tinga eg brenn for og er ei stilling eg ville søke på, seier Ødegård til Radio Sunnmøre.
Høyr heile historia til Lars Petter Ødegård frå han starta på Vestborg og vart ein kristen, og korleis trua har leia han i arbeidet han har gjort i inn -og utland, og ei tøff sjukdomsperiode opp i det heile. Høyr heile intervjuet på Radio Sunnmøre.

Thursday Nov 13, 2025
Evangeliet om Jesus
Thursday Nov 13, 2025
Thursday Nov 13, 2025
Då Per Ola Godø vart ein kristen var det kristendommen som gjaldt. I dag er samfunnet fylt av fleire trusretningar og religionar, og Godø synest det er interessant å lære om andres tru. På den måten tenker han at det kan bli enklare å snakke om eiga tru med andre. I Ord til ettertanke denne veka fortel han om det å fortelje om evangeliet.

Thursday Nov 13, 2025
Ord til ettertanke 10. november
Thursday Nov 13, 2025
Thursday Nov 13, 2025
Ord til ettertanke av Per Ola Godø

Thursday Nov 13, 2025
Ord til ettertanke 11. november
Thursday Nov 13, 2025
Thursday Nov 13, 2025
Ord til ettertanke av Per Ola Godø.

Thursday Nov 13, 2025
Ord til ettertanke 12. november
Thursday Nov 13, 2025
Thursday Nov 13, 2025
Ord til ettertanke av Per Ola Godø.

Thursday Nov 13, 2025
Ord til ettertanke 13. november
Thursday Nov 13, 2025
Thursday Nov 13, 2025
Ord til ettertanke av Per Ola Godø.

