Episodes

Thursday Aug 28, 2025
Ord til ettertanke 26. august
Thursday Aug 28, 2025
Thursday Aug 28, 2025
Ord til ettertanke av Gro Hofseide

Thursday Aug 28, 2025
Ord til ettertanke 27. august
Thursday Aug 28, 2025
Thursday Aug 28, 2025
Ord til ettertanke av Gro Hofseid

Thursday Aug 28, 2025
Ord til ettertanke 28. august
Thursday Aug 28, 2025
Thursday Aug 28, 2025
Ord til ettertanke av Gro Hofseide

Thursday Aug 28, 2025
Ord til ettertanke 29. august
Thursday Aug 28, 2025
Thursday Aug 28, 2025
Ord til ettertanke med Gro Hofseide

Wednesday Aug 27, 2025
Ny leiar i ImF Ung Sunnmøre
Wednesday Aug 27, 2025
Wednesday Aug 27, 2025
I haust har ImF Ung Sunnmøre fått ny leiar. Miriam Mulelid starta 1. august i full stilling og fortel i eit intervju på Radio Sunnmøre at ho no er godt i gong med å sette seg inn i arbeidet. - Det er veldig spennande og litt skummelt, sidan eg har høge forventningar til meg sjølv. Litt utfordrande sidan det er ein ny organisasjon å sette seg inni, og mange kjekke kolleger å samarbeide med, fortel Mulelid. Ho kjem frå jobben som ungdomsarbeidar i Det Norske Misjonsselskap, og er utdanna lærar.
I eit intervju på Radio Sunnmøre får vi også høyre om ulike større arrangement ungavdelinga skal arrangere i haust, som til dømes ulike leirar.

Wednesday Aug 27, 2025
Søndagens tekst 31. august
Wednesday Aug 27, 2025
Wednesday Aug 27, 2025
I søndagens tekst 31. august handlar evangelieteksta om Jesus og samaritanane. Redaktør i Radio Sunnmøre, Ragnhild Kristine Vartdal Espelund, tek ein prat med prost i Nordre Sunnmøre prosti, Karl Johan Bjørge, om denne teksta. Kvifor er ei kvinne sentral i denne teksta og kva vil Johannes fortelje i denne teksta? Høyr vekas episode i serien Søndagens tekst.

Tuesday Aug 26, 2025
Over 400 medlemmar på 20 år
Tuesday Aug 26, 2025
Tuesday Aug 26, 2025
Norkirken Molde har blitt ei menighet med 400 medlemmar på 20 år. Dette fortel pastor Odd Magnus Venås i eit intervju på Radio Sunnmøre. I midten av august feire dei med jubileumsfest der rundt 130 deltakarar møtte.
Bildetekst: M for møteplass mellom Gud og mennesker. Et lite knippe av
de rundt 130 deltagerne på jubileumsfesten 16. august. Fra
venstre: Marie Lillebø, Anne Lillebø, regionleder Nils Ring-
dal, Bjørnar Drøpping og styreleder i Norkirken, Kjell Bjarte
Aarsund. Bak: Pastor Odd Magnus Venås og fellesskapsleder Eimund Kringstad Skjæret.

Tuesday Aug 26, 2025
Kvardagspraten med Marit Stokken Berland
Tuesday Aug 26, 2025
Tuesday Aug 26, 2025
I Kvardagspraten denne veka tek vi ein prat med Marit Stokken Berland. Ho har mykje godt å fortelje frå Orrenesstemnet der både Johan Halsne og Kjell Furnes talte og vart takka av. Dei reiser begge frå Sunnmøre no i haust, og Stokken Berland er imponert over det dei har gjort på Sunnmøre.
Vi får også høyre om kva Marit og Jarle Berland har på agendaen vidare.
Høyr heile kvardagspraten med Marit Stokken Berland.

Monday Aug 25, 2025
Etterarbeidet etter The Send
Monday Aug 25, 2025
Monday Aug 25, 2025
I sommar var det 1200 mennesker i Sparebanken Møre Arena for å lovsynge og lytte til forkynning om å følge Jesus. Undervegs det sju timar lange møtet kunne ein respondere på ulike måtar, til dømes om ein ville vere meir aktiv med i misjonsarbeid, ta i mot Jesus med meir. I etterkant av The Send har eit team, koordinert av Ester Boge, kontakta dei som responderte. Vi har tatt ein prat med Ester Boge (23), ungdomsarbeidar i Ungdom i Oppdrag Ålesund, om etterarbeidet.

Monday Aug 25, 2025
Den politiske situasjonen i Midtausten
Monday Aug 25, 2025
Monday Aug 25, 2025
Ein forferdeleg situasjon i Gaza, eit Hizbollah som har blitt markert svekka i Libanon, og eit regimeskifte i Syria. Dette er noko av det vi får høyre meir om når Geir Sakseid gir eit bilete av den politiske situasjonen i Midtausten. Vi får også høye om arbiedet Middle East Media (MEM) gjer i Sudan, med opplæring i Egypt, og kva rolle den spelar i Midtausten for dei kristne. Høyr pratne med Geir Sakseid, sokneprest i Ålesund og Volsdalen menighet, og rådgivar for Midtausten for Det Norske Misjonsselskap.

