Episodes

Thursday Sep 11, 2025
Ord til ettertanke 11. september
Thursday Sep 11, 2025
Thursday Sep 11, 2025
Ord til ettertanke av Lars Johan Stokken

Thursday Sep 11, 2025
Ord til ettertanke 12. september
Thursday Sep 11, 2025
Thursday Sep 11, 2025
Ord til ettertanke med Lars Johan Stokken.

Thursday Sep 11, 2025
Frivillig på bedehuset
Thursday Sep 11, 2025
Thursday Sep 11, 2025
Kathrine Grande Røsvik er intensiv sjukepleiar og mamma. På fritida er ho frivilleg i ulike verv på bedehuset, både for vaksne, ungdom og barn. I eit intervju på Radio Sunnmøre fortel ho om då ho sjølv fekk eit møte med kristen tru heime på Godøya. Fellesskap, måltid og omsorg var noko ho sjølv fekk oppleve i møte med det kristne miljøet i ungdomstida. Høyr heile intervjuet med Kathrine Grande Røsvik på Radio Sunnmøre.

Wednesday Sep 10, 2025
Søndagens tekst 14. september
Wednesday Sep 10, 2025
Wednesday Sep 10, 2025
Søndag er det vingardssøndag og evangelieteksta er henta i frå Matteus 19, 27-30. Redaktør Ragnhild Kristine Vartdal Espelund samtalar med prost i Nordre Sunnmøre prosti, Karl Johan Bjørge, om kva som står i søndagens tekst. Randi Fagerhol Lauvås les teksta.

Wednesday Sep 10, 2025
Inn på Stortinget for KrF
Wednesday Sep 10, 2025
Wednesday Sep 10, 2025
Andre gong på val til Stortinget klarte Harry Valderhaug å ta plassen for KrF i Møre & Romsdal. - Det må eg berre sei, at det laget vi har i Møre & Romsdal, frå nord til sør, indre og ytre, det er kjempebra. Det har vore ein veldig motivasjon i partiet, fortel Valderhaug til Radio Sunnmøre dagen etter valet. Han takkar for ein formidabel jobb i valkampen. Valderhaug trekker også fram partileiaren, Dag Inge Ulstein, som har vore i fylket ved fleire anledningar under valkampen og meinar han har gjort ein god jobb.
No ser Harry Valderhaug fram til ei periode på Stortinget og er spent på kva arbeidsområde han får tildelt Han trekk fram i intervjuet at no vil KrF jobbe med dei verdiane dei har gått til val på og dei fire hovedområda sine. - Det er noko med når vi har verdisaker som nærmast går på liv og død, så er det noko med at du gir respons ut til velgerane dine at du er den du utgir deg for å vere. At vi er å kjenne igjen som parti og vårt verdistandpunkt, seier Valderhaug er noko av det han trur gjer at dei har gjort eit godt val.
Høyr heile intervjuet med Harry Valderhaug.

Tuesday Sep 09, 2025
Bravo-leken blir samisk
Tuesday Sep 09, 2025
Tuesday Sep 09, 2025
Bravo-leken er eit systematisk og leikbasert verktøy, som er basert på barn i barnehagealder. Elisabeth Hunnes og Heidi Aabrekk, som bur i Ålesund og Sandane, har i 16 år utvikla det svært populære språkverktøyet Bravo-leken som har over tusen brukera. No har dei fått 1,3 millioner kroner av Sametings-rådet for å utvikle eit ferdig opplegg på samisk. Målet med leikar er å gje eit verktøy til betre språkopplæring. Høyr heile intervjuet med Elisabeth Hunnes.

Tuesday Sep 09, 2025
Kvardagspraten
Tuesday Sep 09, 2025
Tuesday Sep 09, 2025
I Kvardagspraten denne veka får vi høyre Marit Stokken Berland fortelje frå møtehelga i Bremanger. Søndagen avslutta med eit impulsivt songmøte på 1,5 time i etterkant av eit like longt møte. Ho delar også nokre tankar om å stoppe opp og lytte. - Det er lett å gå glipp av det viktigaste, fordi vi har det så travelt, men så er Jesus der midt i kvardagen, seier Marit Stokken Berland.

Monday Sep 08, 2025
Etter opphaldet på Mercy Ships
Monday Sep 08, 2025
Monday Sep 08, 2025
For ein og halv månad sidan kom Katrine Bjørdal Løvoll heimatt etter eit opphald på Mercyships på Madagaskar. No er ho tilbake på Radio Sunnmøre for å fortelje om korleis dette var. -Det gir hundre gongar tilbake å få lov til å hjelpe, fortel Bjørdal Løvoll, om opplevinga å ha fått lov til å hjelpe til som sjukepleiar ein månad på Mercyship.

Monday Sep 08, 2025
Nytt frå Kjeldsund leirstad
Monday Sep 08, 2025
Monday Sep 08, 2025
På Kjeldsund leirstad har dei nyleg bytta tak og dagleg leiar, Trygve Danbolt Øygard, fortel at han no er glad for eit tett tak. I sommar har dei også hatt besøk av fleire grupper med barn og unge, og i august var det Camp Kjeldsund med familieleir. Vi har tatt ein prat med Trygve Danbolt Øygard, dagleg leiar ved Kjeldsund leirstad om kva som skjer på leirstaden.

Friday Sep 05, 2025
Morgonbøn og kaffe på Espresso House
Friday Sep 05, 2025
Friday Sep 05, 2025
Kvar fredag før sola skin sit ein gjeng med menn og drikk kaffi og ber på Espresso House på Moa. Vidar Aasebø, saman med fleire, startar dagen kl. 0700 med morgonbøn, prat og kaffi. Ein viktig møtestad for både prat og omsorg. Høyr heile intervjuet med Vidar Aasebø.

