Episodes

Monday Dec 01, 2025
Ålesund gatefotball - livstrening i verdsklasse
Monday Dec 01, 2025
Monday Dec 01, 2025
Ålesund gatefotball er til for å gje eit tilbod på kveldene for dei som har hatt litt utfordringar. Det er eit ettervernsarbeid som skal hjelpe til med ein ny start for dei som treng det. Gatefotballen har også eit landslag ein kan rekruttere til og i år var det VM i Noreg, og landslagskeeperen var frå Ålesund. Magne Kvalø er altmuligmann i arbeidet og fortel gledeleg om arbeidet til Ålesund gatefotball.

Monday Dec 01, 2025
Heime frå sitt fyrste besøk i Libanon
Monday Dec 01, 2025
Monday Dec 01, 2025
Eit spananande pavebesøk stod på trappene i Libanon, då Geir Sakseid fekk besøke landet for fyrste gong. Urolegheiter i Midtausten og spenningar mellom kulturelle og religiøse grenser får vi høyre om i månadene intervju med Sakseid. Vi får i intervjuet også høyre om kva som gjorde at Libanon vart eit aktuelt land for kristen misjon. Høyr heile intervjuet med Geir Sakseid som er rådgiver for NMS sitt arbeid i Midtausten og Nord-Afrika.

Friday Nov 28, 2025
Løvenes konge på Ålesund folkehøgskule
Friday Nov 28, 2025
Friday Nov 28, 2025
Onsdag 3. desember er det duka for årets musikaloppsetting på Ålesund folkehøgskule. Årets musikal er Løvenes konge, og Lukas Ekornes og Maria Elgsæther skal så på scena unde årets framsyning. Også dette året går billettinntektene til eit av Strømmestiftelsen sitt prosjekt.
Vi har tatt ein prat med Maria Elgsæther og Lukas Ekornes om årets framsying.

Thursday Nov 27, 2025
FRIVILLIG i Ljøbrekkas vener
Thursday Nov 27, 2025
Thursday Nov 27, 2025
Petter Hjørungdal, på Stranda, er engasjert i Ljøbrekkas vener. I over femti år har Hjørungdal vore handballspelar, trenar, dommar og leiar for handballgruppa, og har hatt eit stort frivilleg engasjement i sporten. Dei siste 15 åra har han også vore med i Ljøbrekkas vener med den Trondhjemske postvegen. Han er framleis engasjert i det sistnemnte. Det var då Hjørungdal var med i Stranda sogelag at han vart interessert i denne vegstrekkinga, og Ljøbrekkas vener vart stifta.
Høyr heile praten med Petter Hjørungdal.

Thursday Nov 27, 2025
Utflytta Sunnmøring - Til Tromsø
Thursday Nov 27, 2025
Thursday Nov 27, 2025
I Tromsø møtte Helge Åkerens på ein utflytta sunnmøring i gong med lefsebaking. Peter Starheimsæter går på Fjellheim bibelskule i Tromsø, og midt i lefsebakinga fekk Åkerens ein prat med han.

Thursday Nov 27, 2025
Det å kjenne på eit kall for noko
Thursday Nov 27, 2025
Thursday Nov 27, 2025
Denne veka er det Odd Christian Stenerud som held ord til ettertanke denne veka. I andaktene denne veka snakkar han om det å ha tru for noko og det å kjenne på eit kall for noko, og Stenerud deler eksemplar frå sitt eige liv der han har fått kjenne på dette i ulike situasjonar.

Thursday Nov 27, 2025
Ord til ettertanke 24. november
Thursday Nov 27, 2025
Thursday Nov 27, 2025
Ord til ettertanke av Odd Christian Stenerud

Thursday Nov 27, 2025
Ord til ettertanke 25. november
Thursday Nov 27, 2025
Thursday Nov 27, 2025
Ord til ettertanke av Odd Christian Stenerud.

Thursday Nov 27, 2025
Ord til ettertanke 26. november
Thursday Nov 27, 2025
Thursday Nov 27, 2025
Ord til ettertanke av Odd Christian Stenerud.

Thursday Nov 27, 2025
Ord til ettertanke 27. november
Thursday Nov 27, 2025
Thursday Nov 27, 2025
Ord til ettertanke av Odd Christian Stenerud.

