Episodes

Tuesday Mar 24, 2026
Kvardagspraten med Marit Stokken Berland
Tuesday Mar 24, 2026
Tuesday Mar 24, 2026
I Kvardagspraten denne veka får vi høyre Marit Stokken Berland fortelje om påska. Ho og Jarle Berland skal ha seks påskemøter i Fitjar og få dele om det som er påskas bodskap. I eit ord til ettertanke får vi høyre frå Hebrearane og om det Jesus har gjort for oss. Høyr heile kvardagspraten med Marit Stokken Berland.

Monday Mar 23, 2026
Bibelkurs med Romerbrevet utanatt
Monday Mar 23, 2026
Monday Mar 23, 2026
Forrige veke var det bibelkurs på Blindheim bedehus der Torbjørn Øygard hadde bibeltime med å gi Romerbrevet utanatt. Publikum var imponert over framsyninga og Helge Åkerens tok ein prat med nokre av dei som fekk høyrd dette i etterkant.

Friday Mar 20, 2026
-Eg føler det er eit KrF 2.0
Friday Mar 20, 2026
Friday Mar 20, 2026
-Eg føler det er eit Krf 2.0, seier Harry Valderhaug om det partiet KrF er no. Valderhaug sit på stortinget i næringskomiteen og er engasjert i både næring og det verdipolitiske arbeidet. I eit intervju på Radio Sunnmøre snakkar vi meir om både skipstunnelen på Stadt, skulegudstenester og formueskatt.
Høyr heile intervjuet med Harry Valderhaug då han var innom Radio Sunnmøre denne veka.

Thursday Mar 19, 2026
På opplevingstur aleine til Japan
Thursday Mar 19, 2026
Thursday Mar 19, 2026
I vinterferien tok Elling Aarseth flypoenga fatt og satte seg på flyet til Japan heilt aleine. I eit intervju på Radio Sunnmøre delar han nokre av opplevingane han hadde på tur aleine, og i møte med nye menneske som også var på reise. Samtalar om tru, kulturkræsj, ny mat og artige oppservasjonar er noko av det vi får høyre om. Og Aarseth fortel også at han aldri reiser aleine, sjølv om han fysisk gjorde det, for det er alltid ein som er med han.
Elling Aarseth reiste til Japan fyrst og fremst for å besøke misjonærane Karoline og Marius Bergersen, og det å få oppleve misjonærlivet på nært hald får vi også høyre meir om.
Høyr heile intervjuet med Elling Aarseth.

Wednesday Mar 18, 2026
Nytilsett Barne -og familiearbeider i Imf Ung Sunnmøre
Wednesday Mar 18, 2026
Wednesday Mar 18, 2026
Frå hausten av skal Olaug Lillian Bjørke starte i Imf Ung Sunnmøre som Barne -og familiearbeidas med fokus på leir, Awana og familiemøter. Bjørke har tidlegare jobba i Åpne Dører, og i dag er ho lærar ved Møre Barne -og ungdomsskule Ålesund i tillegg til å jobbe i P7 Kristen Riksradio. Frå hausten av vil ho i tillegg til radioarbeidet arbeide 50 % i Imf Ung Sunnmøre.
Miriam Mulelid, leiar for Imf Ung Sunnmøre, gler seg over ny tilsett og ny organsiering i avdelinga frå hausten av.
Høyr heile intervjuet med Olaug Lillian Bjørke og Miriam Mulelid på Radio Sunnmøre.

Wednesday Mar 18, 2026
Aafksupporter og pastor
Wednesday Mar 18, 2026
Wednesday Mar 18, 2026
Nytilsett pastor ved Blindheim bedehus, Nikolai Sundklakk, er også sjefstrommis i Aafk sin supportergjeng. I ein samtale med Sundklakk på Radio Sunnmøre får vi høyre om korleis supporterengasjementet kom til. Vi får også høyre korleis han miksar fotballengasjementet med pastorrolla. Nyleg vart han tilsett som hovedpastor på Blindheim bedehus, og det får vi også høyre meir om.
Høyr intervjuet med Nikolai Sunklakk, Aafksupporter og pastor.

Wednesday Mar 18, 2026
Har lært Romerbrevet utanatt
Wednesday Mar 18, 2026
Wednesday Mar 18, 2026
På Imf Sunnmøre sine bibelkurs denne veka er det Torbjørn Øygard som skal fortelle Romarbrevet utanatt. Øygard er 58 år og vaks opp i Eikelandsosen utanfor Bergen. Han er bygningstømrar og har dei siste åra arbeidd som driftsleiar. Det heile starta med at han skulle vogge den yngste dottera i søvn og då starta han å pugge eit vers eller to frå 1. Korinterbrev. Dette haldt han fram med og repeterte det han allereie hadde pugga.
Fleire år seinare hadde dei ei mannsgruppe der ein skulle gå gjennom Romerbrevet ein gong i månaden. Og slik starta det at han lærte heile Romerbrevet utantatt. Høyr heile historia med Torbjørn Øygard på Radio Sunnmøre.

Wednesday Mar 18, 2026
Søndagens tekst 22. mars
Wednesday Mar 18, 2026
Wednesday Mar 18, 2026
I søndagens tekst for 22.mars les vi teksta Lukas 1, 26-38. I kyrkjeåret er det Marias bodskapsdag, og i ein samtale med Karl Johan Bjørge, prost i Nordre Sunnmøre prosti, får vi høyre om kva søndagens tekst handlar om.

Tuesday Mar 17, 2026
Rett Kurs med ny plate
Tuesday Mar 17, 2026
Tuesday Mar 17, 2026
Nyleg kom Rett Kurs ut med ei ny plate, også denne gongen på CD i tillegg til digitale plattformer. Gruppa har halde på i 47 år og var nyleg på Sunnmøre og song. Den nye plata har fått tittelen Perleporten og er songar som går rett inn i bedehushjartet. Nokre av songane har gruppa laga sjølv, og andre er oversett frå engelsk til norsk.
Jørgen Lien i Rett Kurs har blitt intervjua av Radio Sunnmøre og fortel litt bakgrunnen for nokre av songane på den nye plata.

Tuesday Mar 17, 2026
Kvardagspraten med Irene Krokeide Alnes
Tuesday Mar 17, 2026
Tuesday Mar 17, 2026
I Kvardagspraten tek vi ein prat med Irene Krokeide Alnes. Kristent radioarbeid og tv-arbeid blir fort eit samtaleemne når det er RadioGiv som pågår på Radio Sunnmøre denne veka. Vi er også innom påska og palmehelga sitt bodskap, som nærmar seg raskt.
Høyr heile kvardagspraten med Irene Krokeide Alnes.

