
216.2K
Downloads
4897
Episodes
Intervju, program og lokale andakter produsert av Radio Sunnmøre. Din kristne lokalradio på Sunnmøre med lokalt innhald frå hovedsaklig misjon, kyrkje og bistand.
Episodes

Sep 23, 2021

Sep 22, 2021
Sep 22, 2021
4 min
Definere, ikkje berre reagere, er temaet for vekas mediekommentar frå Tro & Medier. Vekas kommentar blir gitt av dagleg leiar Jarle Haugland, og han gir i kommentaren uttrykk for sine tankar rundt dei mange medieplattformene kristne no utviklar seg på kvar for seg.

Sep 22, 2021

Sep 22, 2021
Sep 22, 2021
7 min
Molde Gospel skal arrangere ein gospelkveld med songar av Andraè Crouch, og vi har tatt ein prat med dirigent Miriam Venås som gleder seg stort til kvelden.

Sep 21, 2021

Sep 21, 2021
Sep 21, 2021
4 min
Under årsmøtet til ImF Sunnmøre kom eigarstyret til Sjøholt Folkehøgskule med eit forslag til vedtak om å selje ein eller to leirstadar for å hjelpe dei med den store kostnadsoverskridinga skulen har kome opp i.
-Alle krinsar knytta til Indremisjonsforbundet er sjølvstendige med eigne styre og vedtaksrett til alt som skal byggjast og seljast, fortel krinsleiar i IMF Sunnmøre Johan Halsne, om forslaget. Han fortel vidare at det no blir laga ei sak til komande styremøtet, der krinsstyret må uttale seg om det og ta det vidare til årsmøtet i krinsen.
- Vi er klare til å prøve å finne kreative løysingar for å hjelpe skulen økonomisk vel i hamn, fortel Halsne i intervjuet med Radio Sunnmøre.
Leirstadene i krinsen har akkurat vore gjennom ei evaluering, der ein landa på å la dei vere som dei er vidare. Så forslaget som kom om å selje leirstadane er ikkje det fremste forslaget krinsleiaren kan tenke seg vil vere aktuelt.
-Eg kan ikkje sjå akkurat no at dette er ei aktuell problemstilling. Her skal vi ta ting i rett rekkefølgje, og med ein så stor organisasjon som Imf Sunnmøre med så mange ulike eningar vil det vere riktig å gjere kvalifiserte vurderingar til ei kvar tid, for å nå lengst ut med evangeliet. Men vi skal ikkje gjere det etter innfallsmetoden, men i ein skikkeleg grundig prosess. Dette er eit av forslaga som kom opp, men ikkje det lettaste å gjennomføre, trur eg då, avsluttar Halsne.

Sep 21, 2021
Sep 21, 2021
8 min
-Det har vore ei festreise, fortel Marit Stokken Berland om dei to siste møtevekene i Farsund og på Lista. Det er fortida vekkelse på den vidaregåande skulen KVS Lyngdal, og elevane har kome på møta både i Farsund og på Lista. Og dette har smitta over på dei andre som har kome på møta.
Marit Stokken Berland fortel oppglødd i vekas kvardagsprat om dei siste hendingane.

Sep 20, 2021

Sep 20, 2021
Sep 20, 2021
6 min
Indremisjonsforbundet er i gong med ei omorganisering som handlar om kva ein skal prioritere i arbeidet. Det heile starta med unge krinsleiarar som stilte spørsmål ved prioriteringane, og no er arbeidet starta i ulike grupper rundt om i landets krinsar og forsamlingar i indremisjonen.
Generalsekretær Erik Furnes fortel i eit intervju på Radio Sunnmøre at denne prosessen skal halde fram til generalforsamlinga i 2023, der ein håpar at den nye kursen til Indremisjonforbundet vil kunne bli rigga for framtida. -Eg håpar organisasjonen er betre i stand til å tene dei lokale fellesskapa, og at vi har tilsette som er konkret til hjelp, med forkynning av Guds Ord, veiledning og til hjelp, seier Erik Furnes.

Sep 18, 2021
Sep 18, 2021
3 min
I anledning årets Digitale Radiomesse på Radio Sunnmøre har Eli Remme hive seg rundt og skal laurdag 23.oktober arrangere garasjesal heime på Vigra.
Garasjesal laurdag 23. oktober kl.12 i Klokkarvegen 3 med sal av ambrosiusbrød, havrekjeks og aniskringler med meir. Eli Remme er ei av mange driftige damer, og ho har fått med seg fleire denne dagen til å bidra.
I tillegg har ho planar om å bake meir til fredag 29.oktober då den digitale radiomessa går på lufta.
Høyr heile intervjuet med Eli Remme.
