Episodes
Monday Sep 20, 2021
Omorganisering i Indremisjonsforbundet
Monday Sep 20, 2021
Monday Sep 20, 2021
Indremisjonsforbundet er i gong med ei omorganisering som handlar om kva ein skal prioritere i arbeidet. Det heile starta med unge krinsleiarar som stilte spørsmål ved prioriteringane, og no er arbeidet starta i ulike grupper rundt om i landets krinsar og forsamlingar i indremisjonen.
Generalsekretær Erik Furnes fortel i eit intervju på Radio Sunnmøre at denne prosessen skal halde fram til generalforsamlinga i 2023, der ein håpar at den nye kursen til Indremisjonforbundet vil kunne bli rigga for framtida. -Eg håpar organisasjonen er betre i stand til å tene dei lokale fellesskapa, og at vi har tilsette som er konkret til hjelp, med forkynning av Guds Ord, veiledning og til hjelp, seier Erik Furnes.
Comments (0)
To leave or reply to comments, please download free Podbean or
No Comments
To leave or reply to comments,
please download free Podbean App.