
215.9K
Downloads
4888
Episodes
Intervju, program og andakter produsert av Radio Sunnmøre
Episodes

Jan 14, 2022

Jan 14, 2022

Jan 13, 2022

Jan 13, 2022

Jan 12, 2022
Jan 12, 2022
8 min
Bornas mediebruk: Kva kan skulen og heimen samarbeide om? Dette høyrer vi meir om i vekas prat med fagleg leiar i Barnevakten, Kjellaug Tonheim Tønnesen.

Jan 12, 2022

Jan 11, 2022
Jan 11, 2022
8 min
Nytt år og nye moglegheiter, det er også fokuset i årets fyrste kvardagsprat med Irene Krokeide Alnes. Med ei god julefeiring som bakteppe har Irene Krokeide Alnes eit ynskje om at ho også i 2022 skal få ha det godt med Gud, sin kjære og sin familie. Det er også eit ynskje for henne at Guds Ord skal få større plass i samfunnet i 2022.

Jan 10, 2022

Jan 10, 2022
Jan 10, 2022
7 min
Både 2020 og 2021 har vore to krevande år for Plussreiser, der turar har vore planlagt og blitt avlyst, men likevel er dagleg leiar Aud Kindervåg Halsne positiv til det nye året.
Turoperatører melder at folk no er reiselystne og vil til varmare land, og vi har tatt ein prat med dagleg leiar i Plussreiser, Aud Kindervåg Halsne, for å høyre korleis dei opplever denne pågongen.
Frå 9. januar opna Israel opp for nye turistar, og Plussreiser får då sende nye grupper til landet på tur. Vidare er Oberammergau eit reisemål som mange har meldt seg på frå og med mai, og Kindervåg Halsne fortel at mange av dei turane er no fullbooka og prøvane til dette spelet går no som normalt.
Ny katalog for 2022 er snart klar, der både turar innanlands og utanlands er planlagt.

Jan 10, 2022
Jan 10, 2022
8 min
Vi er tilbake med nye episoder av serien Sjømannspresten, der vi høyrer korleis arbeidet til Kristianne Stendal Lothe og Annstein Lothe er i Sjømannskyrkja på Pattaya i Thailand. Etter nokre månader heime i Noreg på ferie er no ekteparet tilbake i Thailand, og det fyrste dei fekk delta i var å lage til ei adventstid og julefeiring i kyrkja.
I årets fyrste intervju får vi høyre om både førjulstida og julekvelden, og ein oppdatert status på korleis arbeidet går i ei pandemitid.
Årets fyrste prat er med Kristianne Stendal Lothe.
