
215.9K
Downloads
4888
Episodes
Intervju, program og andakter produsert av Radio Sunnmøre
Episodes

Jan 20, 2022
Jan 20, 2022
6 min
Då Kjell Johannes Tveter vart pensjonist, etter eit langt yrkesliv som kirurg, lege og professor, starta han arbeidet med å skrive bøker og å undervise om at det finnes ein Gud som har skapt verda. Etter at nevøen fortalde i sin konfirmasjonstale at han ikkje visste kva han skulle svare når han fekk spørsmål om den kristne tru, så visste Tveter kva han skulle bruke sin pensjonisttida på. Med sin biologi og vitenskapkunnskap etter fleire år som lege, har Tveter skrive fleire bøker, og den siste har fått namnet Det kristne verdensbildet.
Mandag 7. februar kjem Dr. med. Kjell J. Tveter til Ålesund folkehøgskule og blir med på Radio Sunnmøre sin radiokveld. Høyr meir i intervjuet med Tveter.

Jan 19, 2022
Jan 19, 2022
4 min
På topp på lister over populære spel ligg no spel med fokus på å skremme. Dette er for tida svært populært blant born, og vi har tatt ein prat med Kris Munthe, spelrådgivar i Barnevakten, for å høyre meir om kva som er grunnen til at dette har auka popularitet. Høyr vekas prat med Barnevakten her på Radio Sunnmøre.

Jan 19, 2022
Jan 19, 2022
5 min
Til sommaren kan du booke deg inn på Bed & Breakfast på nye Sjøholt folkehøgskule, med kort avstand til alle dei flott turistmåla på Sunnmøre og i omegn. Skulen er stolte av både kjøkkenet, skulen og området, og i eit intervju med Per Gunnar Hamnøy får du høyre meir om dette nye tilbodet.

Jan 18, 2022
Jan 18, 2022
6 min
I november kom Synnøve Grøtteland Helland med ei ny plate, som har fått namnet Bortom tid og rom. På plata har Grøtteland Helland laga melodiar til dikt av blant anna Haldis Reigstad og Trygve Bjerkrheim. Songane er evangeliske tekster, noko som gjer at dei har stor betydning for artisten sjølv. Og ho håpar at dette kan vere songar som også kan få ei betydning for andre.
Høyr intervjuet med Synnøve Grøtteland Helland.

Jan 18, 2022
Jan 18, 2022
7 min
-Vi vet ikke om i morgen, vi vet bare om i dag, er ei songstrofe som Marit Stokken Berland syng på om dagen. Restriksjonane har opna opp for at fleire kan møtast til møter, men likevel så endrar dette seg raskt og mange er usikre. Vi har i vekas kvardagsprat ein prat om det å sjå lyspunkta i dagen og om det å be for kvarandre.
Vi måtte sjølvsagt også høyre om korleis det er å bu på ei lita øy ytterst ved kysten, der reportera dei siste dagane har stått og skulle filme dei største bølgene i orkankasta.

Jan 17, 2022

Jan 14, 2022

Jan 14, 2022

Jan 14, 2022

Jan 14, 2022
