
215.9K
Downloads
4888
Episodes
Intervju, program og andakter produsert av Radio Sunnmøre
Episodes

Jan 25, 2022
Jan 25, 2022
3 min
Radio Sunnmøre og Plussreiser arrangerer busstur til Røros 22. august i år. Arild Ove Halås og Randi Fagerhol Lauvås er med som reiseleiarar på turen, og i eit intervju på Radio Sunnmøre fortel Halås mykje du kan oppleve på denne turen.
Røros er ein av Europas eldste trebyar og har mykje historie særskilt når det gjeld gruvearbeid. Høyr meir i intervjuet med Arild Ove Halås.

Jan 25, 2022
Jan 25, 2022
6 min
Det er klart for nye møter med Marit & Irene, og Syvde på Sunnmøre er dei fyrste som får besøk av dei kjende musikkevangelistane. Det å få lov til å reise rundt med evangeliet fritt i eige land er ikkje ei sjølvfølge, når ein ser på rettsaka som no foregår i nabolandet Finland. Med stor frimodighet gir Irene Krokeide Alnes i dagens kvardagsprat eit dagens Guds ord direkte frå ei ferge på Sunnmøre.

Jan 24, 2022
Jan 24, 2022
7 min
Eit digitalt samlivskurs over sju kvelder, i regi av Lyngdal Frikirke, inviterer par til å bli med å sette fokus på eige samliv. - Vi heier på ekteskapet og på familien, og ynskjer å kunne vere med å bidra til at ekteskap styrkast, seier Kjerstin Lianes Kjøndal som saman med ektemannen Andreas er initiativtakera til dette samlivskurset.

Jan 24, 2022
Jan 24, 2022
9 min
I vekas episode av serien Sjømannspresten tek vi årets fyrste prat med sjømannsprest Annstein Lothe. I Thailand er også smitten av Covid aukande, og det set sitt preg på arbeidet. Det er ikkje like enkelt å få besøke nordmenn som ligg på sjukehus, og det er heller ikkje ope utan restriksjonar i kyrkja.
Likevel kan Lothe fortelje om gode møter med enkeltmenneske, og han ser stort på det å få vere der for den enkelte som har behov for hjelp eller eit møte med dei som arbeider i Sjømannskyrkja. Også ein barnedåp på stranda fekk dei delta på no etter jul, og det er heller ikkje kvardags.

Jan 21, 2022

Jan 21, 2022
Jan 21, 2022
7 min
Byggeoppstart av ny barnelandsby utanfor Nairobi i Kenya, leirarbeid og fleire arrangement på Sunnmmøre i nær framtid, er noko av det du får høyre om i det nyaste programmet frå NSP Aid sitt bistandsarbeid i Kenya og Etiopia. Det er Per Gunnar Hamnøy i NSP Aid som kjem med siste nytt.

Jan 21, 2022

Jan 21, 2022

Jan 20, 2022

Jan 20, 2022
