
215.8K
Downloads
4884
Episodes
Intervju, program og andakter produsert av Radio Sunnmøre
Episodes

Feb 10, 2022

Feb 10, 2022

Feb 9, 2022
Feb 9, 2022
19 min
Ingrid Røsvik vaks opp på Sjøholt blant ni sysken, og då ho var 14 år gamal flytta ho til Vigra for å arbeide. No er Røsvik vorte 100 år og til feiringa av dagen ynskja ho seg pengegåve til båten Elieser. Oddveig Molnes har vore heime med Ingrid Røsvik og tatt ein prat om både yngre dagar på Sjøholt og Vigra, og Ingrid sitt brennande engasjement for Elieser.

Feb 8, 2022
Feb 8, 2022
6 min
Dei fleste born i Noreg brukar Snapchat. I appen finn ein også dei som sel narkotika. Eigarane av Snapchat nyttar kunstig intelligens for å oppdage brukarar som sel narkotika, men kor god er eigentleg den kunstige intelligensen? Vi har tatt ein prat med rådgivar i Barnevakten, Kris Munthe.

Feb 8, 2022
Feb 8, 2022
7 min
- Det var ei festreise, seier Irene Krokeide Alnes om møteveka ho fekk halde saman med Marit Stokken Berland i Vanylven forrige veke.
Endeleg vart det opna opp for møteveke og det var mange i Vanylven som lengta etter å kome på møter igjen. Under møteveka fekk songevangelistane oppleve at nokon sa ja til Jesus for fyrste gong, og det fortel Irene er noko av det største ein kan få vere med på.
Høyr kvardagspraten med Irene Krokeide Alnes.

Feb 7, 2022
Feb 7, 2022
12 min
Varmen aukar i Thailand på denne tida, og med det aukar det på med nordmenn til landet kvar veke. I Sjømannskyrkja i Thailand ser dei at det kjem nye kvar dag, og Kristianne Stendal Lothe kan fortelje at dei no er tilbake meir eller mindre med normal aktivitet i kyrkja.
Stendal Lothe arbeidar med det diakonale arbeidet i kyrkja og i vekas episode kan ho fortelje om dei oppgåvene ho har fått halde på med denne veka. Nokre treng hjelp til å finne ein god sjukeheim til å bu på siste delen av livet, og det er også litt annleis enn i Noreg. I tillegg til det har det vore tur til barneheimen kyrkja støttar, med ei gåve frå ein givar. Besøket gjorde sterkt inntrykk på Stendal Lothe som du får høyre meir om i vekas prat.

Feb 5, 2022

Feb 5, 2022

Feb 5, 2022

Feb 5, 2022
