
215.8K
Downloads
4884
Episodes
Intervju, program og andakter produsert av Radio Sunnmøre
Episodes

Feb 14, 2022
Feb 14, 2022
10 min
Dei siste vekene har det kvar torsdag vore dugnad på Sjøholt Folkehøgskule, der fleire frivillege har vore med å gjort klar dei nye internata til elevane. Stryking av gardiner, sette saman garderobeskap, henge opp knaggar og mykje meir har vore gjort av ein heil gjeng. Oddveig Molnes tok turen og prata med dugnadsgjengen.
Før helga fekk elevane flytte inn på sitt heilt nye internat.

Feb 12, 2022

Feb 12, 2022

Feb 12, 2022

Feb 12, 2022

Feb 12, 2022

Feb 12, 2022

Feb 11, 2022
Feb 11, 2022
4 min
-No er ringen litt slutta, fortel Wenche Gausnes Aasen som er kjøkkenleiar ved Sjøholt folkehøgskule. Ho er næraste nabo til skulen, og starta på internatkjøkkenet då det var ein vidaregåande skule der det no er folkehøgskule. Etter å ha tatt fagbrev og arbeidd nokre år som assistent ved Borgund vgs, så søkte ho seg tilbake til Sjøholt og er svært glad for det.
Aasen brenn for at elevane som har flytta til folkehøgskulen for eitt år av livet sitt, skal få kjenne seg heime. Ho fortel at ho blir som ei "mamma" i rolla si som kjøkkenleiar ved skulen, og kan ikkje få skryte nok av elevane. Høyr intervjuet med kjøkkenleiar Wenche Gausnes Aasen gjort av Oddveig Molnes.

Feb 10, 2022
Feb 10, 2022
5 min
Er det så farleg med pornografi? Det spørsmålet stiller Jarle Haugland, dagleg leiar i Tro & Medier, i vekas mediekommentar.

Feb 10, 2022
Feb 10, 2022
4 min
Appen Stikk UT har kome med ein ny applikasjon i år i anledning Frivillighetens år 2022. Hilde Ellingsæter i Sunnmøre Friluftsråd fortel at den nye applikasjonen skal vere med å medvirke til utanforskap og einsamhet. No kan ein inne i appen arrangere turar som andre kan melde seg på, og difor heiter den Stikk Ut! SAMMEN! Det er viktig og godt å kunne gå på tur saman med andre, og ha det sosialt. Det er Sunnmøre Friluftsråd saman med Nordmøre og Romsdal Friluftsråd som samarbeider om denne appen, og dermed er det turar i heile fylket som det kan leggast til rette for.
Høyr intervjuet med Hilde Ellingsæter i Sunnmøre Friluftsråd.
