
215.8K
Downloads
4884
Episodes
Intervju, program og andakter produsert av Radio Sunnmøre
Episodes

Feb 17, 2022

Feb 17, 2022
Feb 17, 2022
8 min
I vekas episode frå NSP Aid sitt bistandsarbeid i Kenya og Etiopia fortel Per Gunnar Hamnøy om nokre arrangement som skal vere på Sunnmøre i nær framtid. I tillegg får du høyre om nokre som får hjelp av arbeidet i slummen i Kenya, og om kor lite som skal til for at eitt barn får hjelp ein heil månad.
Høyr vekas program frå NSP Aid.

Feb 17, 2022
Feb 17, 2022
8 min
Røde Kors tilbyr siste mandag i månaden gratis kurs i studieteknikk, og veiledning inn mot større prøver som tentamen og eksamen. Thomas Alvik er pensjonert lærar og har meldt seg som frivilleg leksehjelpar hos Røde Kors. Han er saman med Ester Kalvø, i Røde Kors Møre & Romsdal, i studio for å fortelje meir om kurset.
Over fire mandager kan ungdom mellom 13-25 år kome på Fellesverket Dragen og starte med eit måltid før ein får kurs i ulike studieteknikkar. Kurset er gratis, og både Alvik og Kalvø fortel at kurset har kome opp etter at elevar sjølv har etterspurt det under leksehjelp. Kurset har kun 20 plassar og krevjer påmelding.
Høyr intervjuet med Alvik og Kalvø på Radio Sunnmøre.

Feb 16, 2022
Feb 16, 2022
6 min
Barnevakten testa kor godt Instagram er for tenåringar. Det tok ikkje lang tid før dei vart bombadert med pornolenker, reklame og kroppsfiksert innhald. Vi har tatt ein prat med rådgivar i Barnevakten, Kris Munthe, for å få nokre konkrete råd på kva grep ein kan gjere dersom born skal bruke sosiale medier.

Feb 16, 2022

Feb 16, 2022

Feb 15, 2022
Feb 15, 2022
6 min
Torsdag 17. februar frå kl.11-18 arrangerer Randi Hamre ei minimesse på Volda bedehus. Ho har med seg symaskina og mykje oppsydde både barnekle, varmehalsar og puter for sal, og dette gjer ho til inntekt for Radio Sunnmøre. Hamre fortel i eit intervju på Radio Sunnmøre, at radioen har betydd enormt mykje for henne sidan ho fekk ME. Difor ynskjer ho å gje tilbake med å arrangere denne salsmessa.
Høyr intervjuet med Randi Hamre på Radio Sunnmøre.

Feb 15, 2022
Feb 15, 2022
6 min
I boka Røtter skriv Eivor Andersen Oftestad fleire artiklar om korleis Gud ikkje lenger er ein forklarande grunn i vår kultur. Oftestad er kirkehistoriker og førsteamanuensis ved Institutt for humanistiske fag ved Høgskolen i Innlandet, og har publisert ein rekk fagartiklar og populærvitenskapelege kronikkar, og i tillegg er ho forfattar av boka Vi lager barn. Reproduksjon gjennom 400 år (2016), medforfattar av bøkene Å minnes de døde (2019) og Hva vil vi med fosterdiagnostikken? (2021).
I eit intervju med Oftestad om innhaldet i boka Røtter, tek vi ein prat om kvifor det er slik at Gud har forsvunne som fundament i vår kultur idag, og om kvifor det er vanskeleg å få respekt og å bli høyrd når ein fremmar kristne verdiar i debatten i dag. Høyr intervjuet med Eivor Andersen Oftestad på Radio Sunnmøre.

Feb 15, 2022
Feb 15, 2022
7 min
- Men er dei glad i Jesus? Det spørsmålet vart stilt Marit og Irene som unge songevangelistar då dei var på besøk på ein sjukeheim. Og dette spørsmålet gjorde noko med Marit Stokken Berland. I Kvardagspraten denne veka høyrer du henne fortelje frå møteveka i Sogn.

Feb 14, 2022
Feb 14, 2022
51 min
Mandag 7. februar haldt professor Kjell Johannes Tveter foredrag i anledning Radio Sunnmøre sin årlege radiokveld. Temaet for kvelden var "Tru i ei tid som denne", og Tveter underviste i dei ulike -ismene som pregar samfunn og verdsbilete i dag. Han avslutta med kva det kristne livssynet er, og kva som kan vere viktig for å halde fast i det.
Her kan du høyre heile foredraget Tru i ei tid som denne av Kjell J. Tveter.
