
215.7K
Downloads
4884
Episodes
Intervju, program og andakter produsert av Radio Sunnmøre
Episodes

Feb 23, 2022
Feb 23, 2022
4 min
Ein ny app kjem med kreative moglegheiter for videoproduksjon, men krevjer betaling for dei "beste" videoeffektane, og grensar til å likne på sosiale medier. Rådgivar i Barnevakten, Kris Munthe, fortel om ein del grep som kan vere greit å vere merksemd på i denne appen, og kva likheiter den har med apper som til dømes Tik Tok.

Feb 22, 2022
Feb 22, 2022
8 min
På glatta kan mykje skje og det fekk Marit og Irene oppleve i sin ungdom då dei haldt møteveke i Sogn. I kvardagspraten fortel Irene Krokeide Alnes om korleis det gjekk då bilen dei køyrde hamna utanfor vegen. Vi får også høyre om kor viktig det er å halde blikket festa på Jesus. Høyr kvardagspraten med Irene Krokeide Alnes.

Feb 21, 2022
Feb 21, 2022
11 min
Denne veka får vi høyre sjømannsprest Annstein Lothe fortelje frå ei besøksreise til byen Udon Thani, der han fekk halde ei samling for nordmenn og svenskar i området som ligg nord i Thailand. Sjømannskyrkja er for mange eit bindeledd mellom Noreg og Thailand, og kan hjelpe nordmenn i fleire ulike situasjonar.
Eit møte med ein ny misjonærfamilie, og OL-engasjement i kyrkja, er også noko av det vi får høyre om i vekas episode i serien Sjømannspresten.

Feb 19, 2022

Feb 19, 2022

Feb 19, 2022

Feb 19, 2022

Feb 19, 2022

Feb 19, 2022

Feb 18, 2022
Feb 18, 2022
6 min
Plussreiser har kome med ny katalog for 2022, og vi har tatt ein prat med dagleg leiar Aud Kindervåg Halsne. Reiseselskapet merkar no auka pågong til turane som er lagt ut, og er svært nøgde med det. Oberammergau er eit av dei store reisemåla for 2022, sidan dette vart avlyst i 2020 då det skulle vore 10 -årsjubileum. I tillegg er Israel og turar i Noreg på agenda. Høyr intevjuer med dagleg leiar i Plussreiser, Aud Kindervåg Halsne.
