
215.7K
Downloads
4884
Episodes
Intervju, program og andakter produsert av Radio Sunnmøre
Episodes

Mar 23, 2022
Mar 23, 2022
4 min
Gunnar Hamnøy er tilbake i Afrika, og i dag tok vi ein telefon til han medan han var på eit tog på veg til Mombasa. På ei mindre god telefonlinje høyrer vi ein engasjert Hamnøy fortelje om at han denne veka har fått vore med på den formelle opninga av byggeprosessen for Mailaika Villages. Eit senter for 128 born, der det skal bu åtte born i kvart hus på 110 kvadratmeter saman med ei mor, og det skal også byggast ein skule for 200 born. Det er mange i Møre og Romsdal som er med å gjere dette mogleg, både skular, bedriftar og enkeltpersonar.
Vi høyrer ein liten rapport frå Gunnar Hamnøy direkte frå Afrika på ein togtur han hadde til Mombasa onsdag morgon.

Mar 23, 2022

Mar 22, 2022
Mar 22, 2022
4 min
-Det er veldig spanande å få jobbe med å få inspirere til å dele tru og å vere involvert i misjon, seier Øystein Samnøen. Han har starta som leiar for NORME i 30 % stilling, og frå 1. august aukar han stillinga til 50 %.
NORME er ein paraplyorganisasjon for 42 norske misjonsorganisasjonar og har ein visjon om å stimulere norske leiarar for misjon og evangelisering til å søke saman i felles refleksjon om strategi og teologi.

Mar 22, 2022
Mar 22, 2022
4 min
-Frykt ikkje, for eg er med deg. er eit bibelvers Irene Krokeide Alnes delar i vekas Kvardagsprat på Radio Sunnmøre. Denne veka skal ho til Finnsland i Sør-Noreg å halde møteveke. Opprinneleg skulle Marit Stokken Berland vore med, men på grunn av korona blir det ikkje slik.
Når dagane ikkje blir slik som vi hadde tenkt, så er det flott å vite at Gud alltid er med uansett. Dette fortel Irene Krokeide Alnes meir om i vekas kvardagsprat.

Mar 21, 2022
Mar 21, 2022
13 min
Sjømannskyrkja på Pattaya i Thailand har nyleg hatt besøk av Steinar Rishaug og kona, som tidlegare har vore ambulerande sjømannsprest før han nyleg vart pensjonist. Og no i helga hadde dei seminarhelg i Sjømannskyrja i Thailand.
Varmen stig i Thailand og lufta er fuktig, så det er ikkje mykje verande ute over lengre tid. Temperaturen er rett ubehageleg fortel Annstein Lothe i vekas prat.
Det merkast også auka pågong av folk som ynskjer å gifte seg i sjømannskyrkja no, og sidan Thailand no ynskjer turistar tilbake etter pandemien er innreisereglane blitt forenkla.
Vi høyrer om dette og meir i vekas prat med sjømannspresten i Thailand, Annstein Lothe.

Mar 21, 2022
Mar 21, 2022
2 min
Fredag selde Julie Lothe (11) og Julie Bjørge (11) sjølvlaga muffins på ungdomsklubben på bedehuset. Dette gjorde dei for å hjelpe menneska som no er i naud i Ukraina.
-Vi såg på NRK Super at ein kunne hjelpe til å samle inn pengar til Redd Barna og andre organisasjonar, og dermed så ville vi lage muffins å selge på ungdomsklubben og hjelpe dei som har det vanskeleg i Ukraina, fortel Julie Lothe.
Fredag etter skulen gjekk dei heim og baka ferske muffins som vart selde unna på ungdomsklubben nokre timar etter. Pengane går til Redd Barna sitt arbeid i Ukraina. Jentene ynskjer også flyktningar frå landet velkomne til både Noreg og Ellingsøya, og håpar at vi alle kan vere inkluderande med dei.
-Vi kan vere inkluderande og la dei kjenne seg velkomne, seier jentene Lothe og Bjørge på Ellingsøya undomsklubb.
-

Mar 19, 2022

Mar 19, 2022

Mar 19, 2022

Mar 19, 2022
