
215.7K
Downloads
4884
Episodes
Intervju, program og andakter produsert av Radio Sunnmøre
Episodes

Mar 19, 2022

Mar 19, 2022

Mar 18, 2022
Mar 18, 2022
14 min
I eit intervju med dagleg leiar for Radio Sunnmøre, Ragnhild Kristine Vartdal Espelund, får du høyre sist nytt om radioarbeidet. Radioen når langt både på Sunnmøre, og elles i landet, og svært mange lyttar trufast til programma som produserast og sendast.

Mar 18, 2022
Mar 18, 2022
8 min
I vekas program frå NSP Aid sitt bistandsarbeid i Kenya og Etiopia får vi høyre Per Gunnar Hamnøy fortelje meir om kor langt hjelpa når, og kor stor behov det er for hjelp som NSP Aid bidreg med.

Mar 18, 2022

Mar 17, 2022

Mar 16, 2022

Mar 16, 2022
Mar 16, 2022
10 min
Styreleiar for Sjøholt Folkehøgskule fortel i eit intervju på Radio Sunnmøre at han er svært takksam for å kunne ha Radio Sunnmøre til å fortelje korleis det går med skulen. Og han kjenner på ein tryggleik med radioen. I intervjuet fortel han også at han hadde vore fattig utan.
Sjøholt Folkehøgskule har fått inn opp mot 120 søknadar til hausten, og litt over 30 søkarar har takka ja til plass. Målet er å kome opp mot 80 elevar ved skulestart, og det trur styreleiar for skulen Odd Christian Stenerud trua på.
Skulen har hatt eit fyrste skuleår med variert innhald og varierte dagar, og både foreldre og elevar er svært takksame for skulen.
Styreleiar Stenerud har ofte vore i studio i Radio Sunnmøre og oppdatert om skulen både under bygginga og skulestart. Vi har tatt ein prat med han om både status per dags dato, og om korleis det er å ha ein lokalradio som Radio Sunnmøre i området.

Mar 16, 2022
Mar 16, 2022
7 min
Denne veka lanserer Barnevakten ei nettside som skal gje nettvett-råd til innvandrerforeldre i Noreg. Innhaldet på nettstaden presenterast på engelsk og med ny teknologi blir det mogleg å oversette innhaldet til alle språk som brukast av innvandrar i Noreg i dag, også ukrainsk.
Nettstaden har over femti anmeldelsar av spel, apper og filmar, i tillegg til artiklar om korleis ein kan sette foreldrekontroll og korleis førebygge hatprat med meir.
Vi har tatt ein prat med dagleg leiar i Barnevakten, Leif Gunnar Vestbøstad Vik, om nettstaden som lanserast torsdag 17. mars.

Mar 15, 2022
Mar 15, 2022
7 min
-Det å sjå radioen på innsida var ei stor overrasking for meg. Kva som eigentleg foregår bak mikrofonen. Det er ei arbeidsmengde og eit skjult arbeid som folk normalt ikkje tenker føregjeng og som eg ikkje visste var i sving, fortel Arnstein Rødset.
-Eg er overvelda over responsen som kjem tilbake, og det er overveldande kor stor mottakarskaren er, seier Rødset.
Han har i fleire år vore aktiv på Langevåg bedehus, og vore flittig lyttar til Radio Sunnmøre. Men i dei sist par åra har han vore med i styret som styreleiar.
Rødset har vorte imponert over kor langt radioen når, og meinar sjølv at det er misjonen sin største talarstol.
Høyr heile intervjuet med styreleiar for Radio Sunnmøre, Arnstein Rødset.
