
215.5K
Downloads
4882
Episodes
Intervju, program og andakter produsert av Radio Sunnmøre
Episodes

Apr 22, 2022

Apr 22, 2022

Apr 21, 2022

Apr 21, 2022

Apr 20, 2022
Apr 20, 2022
11 min
Hyrdehjerte har ny samling på Ellingsøy bedehus torsdag, og temaet "Mindfulness og kristen tru" er noko av det som skal snakkast om. I annonsering av samlinga skriv Hyrdehjerte at vi idag møter oftare og oftare tilbod innan sjølvhjelp for å meistre dagleglivets store og små utfordringar. Tilboda gis i ulike innpakningar og det reklamerast med betre helse og velvære og at mindfulness er eit slikt tilbod. Per Eraker skal under torsdagens samling med Hyrdehjerte halde ei temasamling der han fortel meir om dette.
Radio Sunnmøre har tatt ein prat med Per Eraker om korleis han kom med i Hyrdhjerte, og litt meir om kva temasamlinga hans skal handle om.

Apr 20, 2022

Apr 19, 2022
Apr 19, 2022
4 min
Slik tar du pornopraten med borna, er tema for torsdagens webinar med Barnevakten og Ragnhild Lindahl Torstensen frå Lightup Norge.
Dei aller fleste får eigen mobiltelefon når det er mellom 8-10 år. Og gjennom skjermen kan borna nå ei heil verd av inntrykk, inkludert grove pornosider på nett. Nesten halvparten av 13-18 åringar har sett porno ifylgje Medietilsynets undersøkelsar. 57 prosent svarte at dei hadde sett porno før fylte 13 år.
Vi har tatt ein prat med rådgivar i Barnevakten, Kris Munthe, for å høyre meir om webinaret.

Apr 19, 2022
Apr 19, 2022
6 min
I påska har Irene Krokeide Alnes venta på Jesus og eit nytt barnebarn, fortel ho i kvardagspraten denne veka. Påskemøter, nydeleg sunnmørsver og påskebodskapen har vore noko av det som vi får høyre om i vekas prat. Irene fortel også om møta som ventar på Osterøy og om ein tur til Kypros med Plussreiser i slutten av september.
Høyr kvardagspraten med Irene Krokeide Alnes.

Apr 18, 2022
Apr 18, 2022
20 min
Då Ole Per Storhaug var 2 år gamal mista han far sin i ei traktorulykke. Han og mora flytta på seg, og etterkvart fekk Ole Per både ein ny familie då mora gifta seg med ein enkemann.
Trua på Jesus har vore ein naturleg del av Ole Per sin oppvekst, og etterkvart vart han sjølv aktiv både hjelpeleiar og leiar i ulike kristne aktivitetar.
Då Ole Per møtte den store kjærleika flytta dei på garden Ole Per vart fødd til, og då dei ynskja å stifte familie viste det seg at det ikkje gjekk heilt som dei ynskja.
I eit intervju på Radio Sunnmøre delar Ole Per Storhaug sin trushistorie, der trua på Jesus har vore svært viktig for han både i den vanlege kvardagen, og når livet gir deg eit hardt slag.

Apr 17, 2022
Apr 17, 2022
22 min
Heilt frå tidleg barndom fekk Jan Bjørge inn med morsmelka både eventyrlyst og oppdagingstrengsel, etter at både misjonærar hadde budd hos dei og fortalt frå misjonsmarka, og etter at han sjølv hadde lest om og frå personar som hadde oppdaga verda. Dette gjorde at han sjølv som 20-åring reiste med ein båt, som skulle på sin sist reis, over til Sør-Amerika. Der håpa han blant anna å møte både indianarar og elefantar som han hadde blitt fortalt om.
Tru var også viktig i barndomsheimen, men då Jan sjølv tok eit standpunkt til Jesus, så har Jesus vore med på heile livets oppdagingsferd.
I eit intervju på Radio Sunnmøre får du høyre Jan Bjørge fortelje fleire episoder frå livet der han har fått kjenne å ha englevakt, og om kor viktig trua på Jesus er for Jan.
