
215.5K
Downloads
4882
Episodes
Intervju, program og andakter produsert av Radio Sunnmøre
Episodes

Apr 26, 2022

Apr 26, 2022
Apr 26, 2022
6 min
I Kvardagspraten denne veka fortel Marit Stokken Berland om "den fyrste spretten" etter å ha hatt korona, og med det meiner ho at ho endeleg fekk kome ut å halde møter igjen. Turen gjekk til Osterøy saman med Irene Krokeide Alnes. Vi får høyre i frå dei møta, og i tillegg fortel Marit om arrangement ho skal delta på i nær framtid.

Apr 25, 2022
Apr 25, 2022
5 min
Fortel at Jesus overvann døden - heile året! Det er tittelen på vekas mediekommentar frå Tro & Medier ved dagleg leiar, Jarle Haugland.

Apr 25, 2022
Apr 25, 2022
6 min
Det vart i fjor samla inn heile 7,2 millioner kroner til Normisjon Møre, og vel fem millionar av dette går til det internasjonale arbeidet.
På regionårsmøtet i Valderøy bedehus laurdag vart Nils Ringdal frå Molde valt til ny leiar. Han fekk med seg Ruth Ingunn Ulstein Bø som nytt styremedlem. Totalt 51 stemmeberettiga møtte på årsmøtet, der personalleiar Else Kari Bjerva frå Normisjon blant anna orienterte om eit livskraftig arbeid både i Afrika og i Asia.
-Eit mål i tida som kjem må vere å gjere Normisjon meir synleg i regionen, seier den nye styreleiaren Nils Ringdal, som har forventningar til strategiarbeidet som er i gong i regionen.
Dei to Normisjons-foreiningane på Godøya og Valderøya stod for den flotte praktiske gjennomføringa av arrangementet, og Randi Sjåvåg i Valderøy Santalmisjonsforening meinar det har vore godt å dele på oppgåvene.
-Vi er rundt 20 medlemmar i foreininga Valderøy Santalmisjonsforening, seier Sjåvåg, som røper at foreininga rundar hundre år til hausten.
Kathy Celi Venås leiar barne- og ungdomsarbeidet, Acta, i regionen. Ho fortel om eit aktivt barne- og ungdomsarbeid i regionen.

Apr 23, 2022

Apr 23, 2022

Apr 23, 2022

Apr 23, 2022

Apr 23, 2022

Apr 23, 2022
