
215.3K
Downloads
4881
Episodes
Intervju, program og andakter produsert av Radio Sunnmøre
Episodes

May 31, 2022
May 31, 2022
10 min
Midt mellom Kristi Himmelfartsdag og pinsehelga har vi snakka med Stig Magne Heitmann om kva desse dagane betyr for kristne menneske som vert forfulgte for si tru. Jesus sit på truna i himmelen og har all makt i himmel og på jord, samstundes som mange av hans born vert forfulgte for si tru. Dette paradokset er tema for ein ny episode av Dei Forfulgte Kristne

May 31, 2022
May 31, 2022
7 min
I kvardagspraten denne veka tek vi ein prat med Irene Krokeide Alnes om kva pinsa er, og kva den inneheld. Vi tek også ein prat om Finnmarksturen og om leiren på Ognatun. Høyr kvardagspraten med Irene Krokeide Alnes.

May 30, 2022
May 30, 2022
5 min
Med fire millionar sidevisningar når Barnevakten langt med sine anbefalingar på film, spel og apper. Vi har tatt ein prat med fagleg leiar i Barnevakten, Kjellaug Tonheim Tønnesen, om kva dei legg vekt på i sine anbefalingar av nye trendar innan film, gaming og sosiale medier.

May 27, 2022
May 27, 2022
5 min
Siste helga i juli vert det årlege sommarstevnet for organisasjonen Ordet og Israel arrangert på Bibelskolen i Grimstad. Stig Andre Lippert er koordinator for stevnet som har eit godt opplegg for alle generasjonar. Du får høyre mykje om Israel i Grimstad desse dagane. Fleire ulike talarar skal undervis om kva Bibelen seier om det jødiske folk, landet Israel og deira plass i Guds framtidsplaner.

May 26, 2022
May 26, 2022
9 min
Evangeliesenterets mor, Lise Karlsen fekk overrekt H.M. Kongens fortenestemedalje laurdag 21. mai av statsforvaltaren i Oslo og Viken, Valgjerd Svarstad Haugland. Vi har teke ein prat med Lise Karlsen som fortel at ho fekk eit lettare sjokk då ho skjøna kva som skulle sje. Vi får også høyre om korleis ho og mannen Ludvig vart fridd frå alkoholens makt, og kvifor dei starta arbeidet mellom rusmisbrukarar.

May 25, 2022
May 25, 2022
12 min
Få dagar etter at nettstaden foreldrenettverket.no vart lansert var det over 20 000 unike besøkande innom sida, og dei frivillege foreldra bak nettstaden merkar stor interesse for informasjonen dei deler. Nettstaden som vart lansert 15. mai på FNs internasjonale familiedag ynskjer å vere ein ressurs for alle som meinar at ei biologisk forståing av kjønn må ligge til grunn for undervisning i skule og barnehage, og at dette er til bornas og samfunnets beste.
Peter Risholm er pappa til tre born og er ein av dei engasjerte foreldra bak nettstaden. -Eg vil gjere det eg kan for å gje mi datter same moglegheit som mine to gutar, og for å gjere det så må ein sei at berre gutar er gutar og berre jenter er jenter.
Det har vist seg at ein ofte møter sterk motbør i samfunnet idag om ein snakkar høgt om det foreldrenettverket.no ynskjer å formidle. For Risholm er det ein svært viktig grunn for at han tek til ordet for si eiga overbevisning. - Eg trur at det for meg vart meir slitsomt å ikkje skulle gjere det eg synest er viktig for mine barn, enn at andre er sure på meg for at eg ikkje gjer det som er politisk korrekt. Det blir meir smertefullt å vere stille enn å skulle sei i frå, sjølv om det kostar å sei i frå, seier Peter Risholm.
Vi har tatt ein prat med Peter Risholm, ein av initiativtakarane til nettstaden foreldrenettverket.no, om kva dette handlar om og om kvifor han engasjerer seg så sterkt i denne saka.

May 24, 2022
May 24, 2022
5 min
Figurar frå Fortnite, Among Us, Minecraft og My Little Pony er nokre av eksempla som dukkar opp i ulike sex-stillingar på Instagram og andre sosiale plattformer. Rundt 65 prosent i aldersgruppa 9-18 år brukar denne plattforma, og Barnevakten reagerer på at dette er så lett tilgjengeleg for barn. Vi har tatt ein prat med rådgivar i Barnevakten, Kris Munthe, for å høyre korleis dei har reagert på saka.

May 24, 2022

May 24, 2022
May 24, 2022
7 min
Dei fyrste forestillingane av pasjonsspelet i Oberammergau har blitt framført, etter to års venting på grunn av pandemien. Spelet blir framført kvart tiande år, og det har blitt framført sidan 1634 då 42 gongar. Spelet kom i stand som takk til Gud for å ha spart dei for ein pest som herja i området, og blir spelt av fleire hundre amatørar som har vakse opp i landsbyen.
Arild Ove Halås har vore på tur og sett spelet i midten av mai, og vi har tatt ein prat med han for å høyre korleis den opplevinga var.

May 24, 2022
May 24, 2022
9 min
Kristi Himmelfartsdag er dagen som minnar oss om at Jesus vil kome att, fortel Marit Stokken Berland i vekas kvardagsprat. Vi får eit glimt frå då Marit var yngre og saman med venninner fekk høyre om denne dagen og det som skulle skje, og om kva dagens bodskap betyr for oss idag. I tillegg får vi høyre om Glasang dagar på Ognatun som Marit skal få delta på neste veke.
Høyr vekas kvardagsprat på Radio Sunnmøre.
