
215.3K
Downloads
4881
Episodes
Intervju, program og andakter produsert av Radio Sunnmøre
Episodes

May 23, 2022
May 23, 2022
5 min
Sommarkolleksjonen er tema når vi tek ein telefon til Volda for å høyre kva Randi Hamre syr for tida. Ho syr nemleg barnekle i størrelse 0-4 år til inntekt for Radio Sunnmøre. Shortsar og sommarbukser, panneband og huer, er noko av det Hamre syr. Og symaskina har ho med seg på turar i bubilen, når ho ikkje sit ved kjøkkenbordet heime.

May 20, 2022
May 20, 2022
14 min
I vekas episode frå NSP Aid sitt bistandsarbeid i Kenya og Etiopia får vi høyre dagleg leiar Gunnar Hamnøy fortelje om korleis det går med bygginga av barnelandsbyen Malaika Village. Vi får også høyre nokre historier frå Etiopia. Høyr vekas program frå NSP Aid.

May 19, 2022
May 19, 2022
3 min
Ei utfordring til å vere haud, ikkje hale, i medielandskapet. Det er utfordringa Jarle Haugland, dagleg leiar i Tro & Medier, kjem med i vekas mediekommentar.

May 19, 2022

May 18, 2022

May 17, 2022
May 17, 2022
6 min
Det er 17. mai og nasjonaldagen er tema også i vekas kvardagsprat. Vi høyrer litt om korleis dagen blir markert på Alnes, på Sunnmøre, og vi får også lære om korleis vårt norske flagg vart til. I tillegg tek vi ein tur innom Finnmarksturen som nærmar seg med stormskritt.
Høyr vekas kvardagsprat med Irene Krokeide Alnes.

May 16, 2022

May 16, 2022

May 16, 2022
May 16, 2022
6 min
Helsedirektoratet meinar no at barn under to år bør haldast vekke frå skjerm, og at dei opp til fem år bør ha maks ein time skjermtid om dagen.
Vi har tatt ein prat med fagleg leiar i Barnevakten, Kjellaug Tonheim Tønnesen, om kva dei tenker om dei nye råda.

May 13, 2022
May 13, 2022
9 min
I år er Mødre i bønn 25 år og i Noreg er det per i dag 160 bønnegrupper rundt om i landet. På Sunnmøre er der elleve grupper med mødre i bøn, og torsdag 19. mai inviterer gruppa på Ellingsøya til inspirasjonskveld.
Radio Sunnmøre har tatt ein prat med områdeleiar på Sunnmøre, Janeth Blindheim, som fortel om korleis Mødre i bønn starta opp i USA for 25 år sidan, korleis ho sjølv vart engasjert i arbeidet, og litt om ulike arrangement som skjer i nærområde den neste tida.
