
215K
Downloads
4878
Episodes
Intervju, program og andakter produsert av Radio Sunnmøre
Episodes

Jun 24, 2022
Jun 24, 2022
4 min
Med utgangspunkt i den over 900 gamle kyrkja på Giske vil sokneprest Benjamin Bjørnsen Anda i sumar tilby små pilgrimsvandringar rundt på Giske. Dette er forholdsvis korte turar slik at alle som vil kan delta. Undervegs blir det lese frå Bibelen og det vert lagt inn små stopp kor ein ser etter spor av Gud i naturen. Pilgrimsvandringane vert avslutta med pilgrimsbøn i kyrkja. Du er velkomen til å vere med, kvar torsdag gjennom heile sumaren.

Jun 24, 2022
Jun 24, 2022
7 min
Dei kristne folkehøgskulane i Norge er samla i NKF (Norges Kristelige Folkehøgskolelag). Dette er ein organisasjon som skal ta vare på både praktiske, juridiske, økonomiske og idiologiske ting som gjeldt skulane og det arbeidet dei står i. Helge Kjøll er no valdt til ny leiar for NKF, og vi har snakke med han om kva dette innebær. Kjøll har dei siste 25 åra vore rektor ved Molde Folkehøgskole.

Jun 23, 2022
Jun 23, 2022
10 min
Det er varme dagar og milde kveldar i Jerusalem. Det er sumartid og snart ferie for Te'ena Ben Haim og familien hennar. I sesongens siste episode av Nytt får Jerusalem tek vi ein prat om ferievanar for folket i Israel og om kva planer familien ben Haim har for sumaren.

Jun 23, 2022
Jun 23, 2022
8 min
Det har gått fleire månader sidan Russland invaderte Ukraina. Krigen rasar framleis, og svært mange menneske har måtte flykte får heimane sine. Dei fleiste flyktningane oppheld seg i den vestlege delen av landet, men mange har også flykta til andre land. Det folket i Ukraina er redde for no, er at vi i vesten skal gløyme situasjonen landet er i. Kurt Andre Henriksen er leiar for Ukraina-hjelpa i Ålesund, og han kan fortelje om eit stort behov for bistand. Særleg er det behov for økonomisk hjelp slik at folket i Ukraina kan kjøpe dei varene dei treng. Banksystemet i den vestlege delen av landet fungerer godt, og det går foreløpig greit å overføre pengar til kontaktpersonane som Ukraina-hjelpa har i landet. Hvis du vil vere med å bidra kan du vippse til Ukraina-hjelpa 619635.

Jun 22, 2022
Jun 22, 2022
8 min
Hillsong, Filadelfia Kristiansand og Norsk Luthersk Misjonssamband har dei siste vekene vore mykje omtalt i media med indre konflikter og uro. Det er ikkje uvanleg at konflikter oppstår på ein arbeidsstad, men kva utfordringar kan oppstå når konflikter skjer i kristne samanhengar?
-Den kristne kirke er opplært til å snu det andre kinnet til og vise gjestfrihet, og det kan bety nokon gongar at vi istaden for å ta opp ting direkte skyver det under teppet. Fordi vi er opplært til å vere snilde med kvarandre, og dette kan vere ein av grunnane, seier Arne Tord Sveinall, leiar for Institutt for sjelesorg ved Modum bad avd. sør og førstelektor ved NLA Høgskulen Gimlekollen, om kva som kan vere utfordringa når ei konflikt oppstår på arbeid i ein kristen samanheng.
Slekt og vennskap
Kjennskap, slekt og vennskap der stillingar og status delast ut er ikkje uvanleg i kristne samanhengar, sjølv om ein på ein arbeidsplass bør vere var på akkurat dette. I tillegg har ein ofte eit kall til ei teneste, og i ei konflikt er det farleg å nytte kallet som eit maktkort.
-I for stor grad synest eg ein tilsetter ektepar eller nær slekt i same arbeidssituasjon. Det som er ulempen med det er at det blir eit lite frirom for andre tilsette, i form av at ein då tenker at ein må ta hensyn til den eine eller den andre. Det er viktig å skape gode ordningar i fredstid, seier Sveinall.
Kallet til teneste
Kallet har ein sentral plass i ei kristen teneste, også i ein tilsettsituasjon. Korleis kan det bli ei utfordring om nokon er ueinig i ditt kall?
-Dersom ein brukar kallet som makt, eller påberoper seg Gud som autoritet for å få gjennom ei sak, då er det veldig komplisert, seier Sveinall.
-Ei viktig anstendig haldning er å lytte til kvarandre, og spør om eg har oppfatta riktig eller har eg misforstått noko? Det er alltid to historier som møtast når to personar møtast, seier Arne Tord Sveinall når han gir tips til korleis kristne samanhengar kan bli flinkare til å løyse det som kan bli ei konflikt på eit så lavt nivå som mogleg.
Høyr heile intervjuet på Radio Sunnmøre.

Jun 21, 2022
Jun 21, 2022
6 min
Fleire elevar får no med seg nettbrett eller skule-PC heim i sekken, allereie frå første klasse. Foreldre og foreldreutval reagerer no på at nettbretta og pcane manglar internettfilter for å beskytte borna når dei er heime. Vi har tatt ein prat med rådgivar i Barnevakten, Kris Munthe, for å høyre kvar ansvaret ligg på den manglande nettsikkerheta.

Jun 21, 2022
Jun 21, 2022
6 min
Denne veka er Marit Stokken Berland reiseleiar for Plussreiser på ein busstur i Finnmark. Turen går over store delar av Finnmark og med både Steinar Harila og Irene Krokeide Alnes i teamet. I vekas kvardagsprat får vi høyre korleis turen går og kva dei får oppleve. Marit gir også lyttarane på Radio Sunnmøre eit ord for dagen.

Jun 20, 2022
Jun 20, 2022
10 min
Det gryr ein ny dag over Somalia. Det er tittelen på boka som Stig Magne Heitmann gjev ut no i slutten av juni. Her får du møte vitnemåla til mange somaliske kristne. Guds rike går fram i Somalia, trass sterk motstand får både styresmakter og mange andre. Dette er tema i ei ny episode i vår seire Dei forfulgte kristne.

Jun 20, 2022
Jun 20, 2022
4 min
36 barn var samla når ImF Ung Sunnmøre gjennomførte Mini-leir / Dagsleir på Brusdalsheimen laurdag 18. juni. Frå kl. 1100 - 2030 gjekk det i eit med program, og her var det ikkje mange pausar. Vi tok ein prat med tre fornøyde gutar som hadde vore på leir før (Jona Angeltveit, Bendik Årset Sæter og Jonas Blindheim Østrem. Vi snakke også med med Hanna Dolores Solheim Børdal som har vore på dei fleste leirane på Brusdalsheimen sidan ho gjekk i 1. klasse, men som no var med som leiar.

Jun 17, 2022
Jun 17, 2022
5 min
Ungdomskoret Respons har base på Emblem bedehus i indre bydel av Ålesund. Sidan 1976 har Arild Berstad vore leiar for koret, og han har ikkje planer om å gje seg. På årets lysaste dag, tirsdag 21. juni inviterer dei til Kulturdryss på Emblem bedehus. Vi har teke ein prat med Arild Berstad både om denne kvelden, og om sommarturen dei snart legg ut på.
