
215.1K
Downloads
4878
Episodes
Intervju, program og andakter produsert av Radio Sunnmøre
Episodes

Jun 16, 2022
Jun 16, 2022
3 min
Søndag etter gudstenesta i ei kyrkje på Kenya-kysten, brann kyrkjerommet og internatet på skulen opp. Gunnar Hamnøy strekk ut ei hand når nokon hamnar i naud, og også denne gongen engasjerer han sunnmøringane til å hjelpe dei 70 borna som no er utan madrasser og sengesett.
Hamnøy har fått ein avtale med eit firma på Sunnmøre om produksjon og frakt av utstyret, men treng hjelp til å dekke kostnadane. Dette hastar fortel Hamnøy i eit intervju på Radio Sunnmøre.
Høyr intervjuet med svært engasjerte Gunnar Hamnøy.

Jun 16, 2022
Jun 16, 2022
7 min
-La oss ha Jesus som førebilete! Jesus viste inderleg medfølelse i møte med menneske og
unngjekk på ingen måte deira smerte. I dette oppstår kjærleik som vil forme korleis vi
møter menneske. Å tru er i langt større grad kva eg gjer enn kva eg seier. Å møte
menneska sin smerte er ikkje å retusjere eller omskrive evangeliet. Juni og Pride kan vere
krevjande for mange, det seier Alexis Lundh, leiar for heltfri.net, i vekas mediekommentar frå Tro & Medier.

Jun 16, 2022
Jun 16, 2022
9 min
I vekas program frå NSP Aid får vi høyre Elisabeth Emblem fortelje meir om korleis det går med dei ho møtte då ho var i Kenya i fjor haust. Vi får også høyre om helgas håpskonsert i Gomerhuset på Skodje.
Høyr vekas program med Elisabeth Emblem.

Jun 15, 2022
Jun 15, 2022
10 min
-Eg trur at nøkkelen for oss som ein kristen skule er å utruste elevane til å analysere og avsløre kva ideologi som står bak dei ulike utsagna som vi finn i bøkene, seier Øystein Engås, rektor ved Møre Barne og ungdomsskule Ålesund. I dei nyaste lærebøkene frå Aschehoug for både 5. og 6. klasse har det blitt reagert sterkt på av fleire foreldre dei oppgåvene borna skal gjennomføre som går på blant anna kjønnsideologien, og på måten kristne foreldre har blitt framstilt.
Øystein Engås, rektor ved Møre Barne og ungdomsskule Ålesund fortel i eit intervju med Radio Sunnmøre at skulane har ulike valmoglegheiter innanfor læreplanen. Skulen kan til dømes sjølv velge kva forlag ein vil nytte lærebøker i frå.
Høyr heile intervjuet med Øystein Engås.

Jun 15, 2022
Jun 15, 2022
15 min
I dette programmet tek Olaug Lillian Bjørke deg med til historiske kyrkjer i Midtausten. Også her finst det levande tru, og menneske som brenn for å dele evangeliet vidare. Dei ytre rammene er annleis, og kan verke framande – med prestar i lange kjortlar, røykelse, ikon og liturgi. Åpne Dører sin leiar for regionen, Mourad, deler frå arbeidet. Det er oppmuntrande å høyre noko av det ÅD får vere med på: «Kvinner blir styrka og utrusta åndeleg, og får dei verktøya dei treng for å ta sin rette plass i menigheit og familie. Kirkeleiarar blir klar over at dersom dei skal ha eit levande menigheitsliv, må Jesus stå i sentrum. Ungdom blir disippelgjort, og søndagsskulelærarar får opplæring i kreative måtar å dele evangeliet.» I andre halvdel av programmet får du eit sterkt møte med Fader Daniel (32) frå Irak. Du får høyre korleis den unge presten opplevde at Gud stadfesta kallet hans, då IS inntok Ninivesletta i 2014. Sjølv opplevde han å måtte flykte for livet for si tru, på sin eigen 16-årsdag. I dag er Daniel i teneste for andre som opplever forfølging. «Eg håper at folket mitt kan kjenne Guds nærvær, at Gud aldri har forlete oss. Han er her framleis, saman med oss», seier Daniel med eit smil.

Jun 14, 2022
Jun 14, 2022
7 min
I kvardagspraten får vi høyre Irene Krokeide Alnes fortelje frå Glasangdagar på Hermon høyfjellshotell forrige veke. Denne veka skal Irene til Flekkerøya og spele inn for Bedehuskanalen, før ho tek fatt på turen til Finnmark saman med Plussreiser. -Det er travelt å vere pensjonist, fortel Irene med ein trillande latter i vekas prat. Ho delar også eit ord frå Bibelen.

Jun 13, 2022
Jun 13, 2022
13 min
Valderøykvartetten har kome med ei ny plate med fleire nyinnspelte songar og ein har aldri før blitt spelt inn på norsk. I 2023 markerar kvartetten 50 år etter å ha starta opp i 1973. Fire av dagens medlemmar har vore med sidan starten, elles har grunnstamma i kvartetten vore uforandra i omlag førti år.
Tittelsporet på plata er Min Jesus lever og er ein song oversatt frå engelsk. - Det er dei i kvartetten som har hatt veldig store prøvingar opp gjennom tidene, og då er det noko som betyr veldig mykje, at fordi Jesus lever så kan vi møte morgondagen, fortel Torstein Walderhaug til Radio Sunnmøre.
Godt kameratskap
I 50 år har Valderøykvartetten møtt kvarandre kvar mandag til øving, ein matbit og bøn, og i tillegg fått knytt sterke band som gode kameratar gjennom så lang tid.
-Vi har hatt eit sterkt andeleg og gledeleg fellesskap. Både når vi har vore heime på øvingar og når vi har vore ute og reist, og blitt godt kjendt rundt om kring, fortel Walderhaug.
Høyr heile intervjuet med Torstein Walderhaug i Valderøykvartetten på Radio Sunnmøre.

Jun 13, 2022
Jun 13, 2022
3 min
Laurdag 18. juni er det Dagsleir/MINI-leir for 1.-4. klasse på Brusdalsheimen. Leira startar kl. 1100 og avsluttast kl. 2000. Heile dagen er det lagt opp til eit variert og allsidig program både ute og inne. Leirsjef Hilde Sofie Blindheim Østrem ser fra til leira, og har enno plass for fleire. Hvis de minste ikkje vil reise åleine kan de ta med seg ein vaksen. Det viktigaste med dagen er å bli kjent med Jesus fortel leirsjefen.

Jun 11, 2022
Jun 11, 2022
3 min
Med fokus på pinsa, Den Heilage Ande og dei mange spørsmål kring dette gjev sokneprest i Giske, Benjamin Bjørnsen Anda oss Ord til ettertanke denne veka.

Jun 11, 2022
Jun 11, 2022
3 min
Med fokus på pinsa, Den Heilage Ande og dei mange spørsmål kring dette gjev sokneprest i Giske, Benjamin Bjørnsen Anda oss Ord til ettertanke denne veka.
