
215K
Downloads
4878
Episodes
Intervju, program og andakter produsert av Radio Sunnmøre
Episodes

Jul 12, 2022
Jul 12, 2022
7 min
Marit Stokken Berland og Irene Krokeide Alnes har vore med på Lyngdal Bibelcamp kvar sommar sidan 1976. For dei er dette årets store høgdepunkt kor dei får møte att mange som dei har møtt på ulike møteaksjonar gjennom året som ligg bak. I år måtte Marit melde forfall på grunn av sjukdom, og Ivar Hennig Person har gått inn som vikar saman med Irene. Vi tok ein prat med Irene for å få ein stemningsrapport fra bibelcampen i Lyngdal.

Jul 12, 2022
Jul 12, 2022
9 min
Steinar Engeset har framleis hjarta sitt i Noreg sjølv om det nå er over 50 år sidan han flytta til Halifax i Canada. I denne episoden av Landgang i Canada får vi høyre kor viktig det er at nye generasjonar lærer å kjenne historia vår. Den legendariske hunden Bamse som under andre verdskrigen var maskott for dei norske sjøfolka, spelar framleis ei viktig rolle i historieformidlinga til dagens unge. Vi får og eit glimt inn kva Engeset sin gamle far på Sunnmøre i si tid meinte då sonen vart utnemnd til norsk konsul i Canada.

Jul 11, 2022
Jul 11, 2022
4 min
Molde Bedehus blei reist i 1877, og har sidan vore påbygd og ombygd fleire gongar. Den siste store ombygginga var i 1992 og då var Oddvar Sæter både arkitekt og byggeleiar. I år har Molde Indremisjon rive den eldste delen av bedehuset og no byggast det eit nybygg til rundt 10 millionar kroner. Oddvar Sæter har no passert 85 år men er også denne gongen byggeleiar for Molde Bedehus. Vi har snakke med ein sprek pensjonist om både byggeprosjektet og kva som gjer at han har tru på å satse på bedehusarbeidet inn i framtida.

Jul 1, 2022
Jul 1, 2022
13 min
I vekas program frå NSP Aid får du høyre dagleg leiar Gunnar Hamnøy fortelje fleire nære historier frå møter han har hatt gjennom arbeidet i Kenya og Etiopia. Sterke møter som gir hjelp der nauda er stor.
Høyr vekas program frå NSP Aid.

Jun 30, 2022
Jun 30, 2022
10 min
-Dei siste åra har eg kjend på ei sterk lyst til å gjere ei teneste i Guds rikes arbeid. Og då eg fekk spørsmålet om å stille som leiarkandidat for styret, så trur eg at eg kan drist meg til å sei at eg kjende på eit kall til det, seier Sigurd Sæverud Nybø (40) til Radio Sunnmøre.
-Eg trur og håpar og ber om at det er ei oppgåve eg har fått frå Gud, og at det er ei oppgåve eg kan gjere på ein god måte til Guds ære, legg Nybø til.
Sigurd Sæverud Nybø vart vald til ny styreleiar for styret i IMF Sunnmøre under årets årsmøte. Kolbjørn Gjære har tatt eini prat med Nybø på Radio Sunmmøre for å bli betre kjend med han.

Jun 29, 2022
Jun 29, 2022
7 min
Laurdag 2. juli blir det ein tre timar lang utekonsert i Stryn. Det er Filadelfia Stryn som står bak arrangementet, og sjangeren for konserten er Countrygospel. Artisten Synnøve Aanensen er henta inn frå Karmøy, Tor Rødseth og Arnvid Brandal frå Ålesund/Langevåg og Venche Vartdal Leite frå Vartdal.
Solbjørg Leite, initiativtakar til arrangementet, inviterer til ein flott konsert med god lyd i sentrum av Stryn. Høyr intervjuet med Leite på Radio Sunnmøre.

Jun 28, 2022
Jun 28, 2022
5 min
Stadig fleire dataspel se virtuelle gjenstandar som kan kjøpast for ekte pengar. I ein ny rapport slår Forbrukerrådet ned på problematiske kjøpemoglegheiter. Særleg born og unge skal vernast. Vi har tatt ein prat med rådgivar i Barnevakten, Kris Munthe, for å høyre meir om dette.

Jun 28, 2022
Jun 28, 2022
15 min
I dette programmet er Linda Askeland gjest i studio. Ho er nyleg tilbake frå ei reise til Aust-Afrika, og har mange sterke inntrykk å dele. Formålet med turen var å oppmuntre isolerte trussøsken som lever under sterk forfølging. Du får høyre om Pastor Josuf, som hadde gått 5 mil saman med tre av sønene sine for å delta på ei samling. Saman med andre forfulgte søsken kunne dei senke skuldrane, dele det som tynga og bli oppmuntra. Siste dagen uttrykte Josuf sin 16 år gamle son med stor takksemd: «Eg har lært å tilgi!» Med på reisa hadde Linda ein heil bunke med kort frå Åpne Dørers skriveteneste. Desse delte dei ut til forfulgte kristne dei møtte, og korta vart tatt imot som ei verdifull gåve. Ho fekk høyre sterke historier om kva oppmuntringskort har å bety. Ein av dei uttrykte: «No veit eg at Gud kjenner meg ved namn!» Ikkje alle kan reise på tur, men alle kan vere med i Åpne Dørers skriveteneste. Her kan du lese meir: https://www.opendoors.no/engasjer-deg/skriv-til-forfulgte

Jun 28, 2022
Jun 28, 2022
7 min
Etter ei veke i eksotiske Finnmark, med ein buss full av glade turistar, kan Irene Krokeide Alnes i vekas kvardagsprat fortelje om fleire opplevingar. Irene skal vidare i sommar delta på bibelcamp både i Lyngdal og på Justøya, og delar sine tankar om å bruke sommaren på denne type ferie.
Høyr vårens siste kvardagsprat med Irene Krokeide Alnes på Radio Sunnmøre.

Jun 27, 2022
Jun 27, 2022
10 min
Vinteren på kysten av Madagaskar er som ein fin norsk sumar, men i høglandet kan det vere svært kaldt og nokon gonger nattefrost. Dei siste to åra har Madagaskar vore roka av fleire store syklonar, hungersnaud, tørke og flaum. I tillegg har landet vore svært hardt ramma av korona-pandemien. Midt i desse mange vanskane står dei lokale bibeloversetjarane på og arbeider kvar einaste dag med å omsetje Bibelen til stadig nye språk. Det er enorm etterspørsel etter dei nye bøkene, og no haustar ein frukter av arbeidet gjennom stor kyrkjevekst over hele landet. Høyr meir om dette i vårens siste episode av Johanne på Madagaskar.
