
214.9K
Downloads
4878
Episodes
Intervju, program og andakter produsert av Radio Sunnmøre
Episodes

Aug 2, 2022
Aug 2, 2022
12 min
Olav Trygvasson fant levningane etter seljumennene og St. Sunniva i ei hole på Selje ved Stadt i år 997. I 2013 gjekk tre familiar saman og kjøpte ein gard på øya Selja, for å ha tomt til å gjenreise det gamle klosteret som benediktinermunkane bygde på staden for omlag 1000 år sidan. I juli 2022 vart Venneforeninga for Selja Klostergard skipa, og med det er ein eit steg nærare å få bygd opp at det gamle klosteret. Ragnhild Helena Aadland Høen er styreleiar for foreininga, og ein av dei som har fått eit kall frå Gud om å vere med å bygge opp at klosteret ytterst i havgavet mot Stadt. Det var på Selja den kristne kyrkja i landet vårt vart født, og Ragnhild Aadland Høen er overbevist om at det også vil vere her det heile startar når Noreg igjen skal vende seg til Gud.

Aug 1, 2022
Aug 1, 2022
7 min
I 1973 starta Per Oddvar Hildre koret SKRUK, og framleis er han koret sin dirigent. No i starten av august er dei klare for ei ny plateinnspeling, denne gongen saman med ein folkemusikar frå Iran. I den samanhengen skal SKRUK ha sin einaste konsert denne sommaren, og det skjer i Herøy Kyrkje i Fosnavåg torsdag 4. august. Vi tok ein prat med Per Oddvar Hildre som framleis har stor motiviasjon til å drive med korarbeid.

Aug 1, 2022
Aug 1, 2022
7 min
I 150 år har kyrkja på Vestnes vore samlingspunkt for bygda både i sorg og glede. I løpet av våren og sommaren har jubileet vore markert på mange forskjellige måter, men det er no utover hausten at sjølve jubileumsfeiringa skal gå av stabelen. Soknerådsleiar i Vestnes, Håvard Skrede kan fortelje både om aktiviteten i kyrkja, og om jubileumsplanane framover.

Aug 1, 2022
Aug 1, 2022
5 min
Marie Gudmestad (22) får Jæren har det siste året vore ungdomsarbeidar i ImF Ung Sunnmøre. No får ho nye arbeidsoppgåver når ho går inn i ei kombinert stilling mellom ImF Ung Sunnmøre og Laget (Norges Kristelige Studet og Skoleungdomslag - NKSS). Vi har teke ein prat med Marie om kva forventningar ho har til sin nye jobb.

Jul 27, 2022
Jul 27, 2022
15 min
For eit par år sidan var Olaug Lillian Bjørke på reise til Sentral Asia. Her møtte ho Vicky*, som dei siste åra har vore leiar for eit kvinneprosjekt i regionen. Du får høyre om korleis kvinner får nytt liv og verdigheit gjennom hennar kreative undervisning, og kva dette har å bety for kvardagen og framtida deira. «Prosjektet er ikkje så viktig som menneska», seier Vicky – og forklarer korleis venskap og relasjonar byggast, og etterkvart gir muligheit til å dele evangeliet. Vicky er gift med Alex*, ein sentral kristenleiar i regionen. I programmet får du høyre korleis dette ekteparet kom til tru, og den heilt spesielle historia som førte til at dei bur der dei bur i dag.

Jul 20, 2022
Jul 20, 2022
10 min
For nokre veker sidan var Stig Magne Heitmann med ga ut boka Det gryr ein ny dag over Somalia. Her står frimodige kristne frå Somalia fram og fortel om sitt møte med Jesus og om si kristne tru. I dagens episode av Dei forfulgte kristne får vi høyre om korleis denne boka førte til eit møte med 20 somaliske ungdommar på ein fotballbane i Hardanger. Vi får også nokre gode råd om korleis vi på ein klok måte kan ta kontakte med menn, kvinner og born som kjem til Noreg frå land med heilt andre skikkar og kulturar enn det som er vanleg for oss.

Jul 15, 2022
Jul 15, 2022
6 min
Frå 1. august er Oddvar Sæter jr. klar for å innta rektorstolen på Molde Folkehøgskole. Sæter har arbeid i den kristne folkehøgskulen i nesten 30 år og det er difor ein erfaren person som skal leie folkehøgskulen i Molde inn i framtida. Vi tok ein prat med den nye rektoren for å høyre kva tankar han gjer seg om dei nye utfordringane som ligg framom.

Jul 14, 2022
Jul 14, 2022
7 min
Etter fleire års arbeid er det endeleg klart for førpremiere på den nye dokumentarfilmen om Hans Nielsen Hauge. No i juli vises filmen mellom anna på Oase-stevnet og på Sommarstevnet i Sarons Dal. I Møre og Romsdal er Fosnavåg kino den einaste som har førpremiere på filmen, før den lanserast over heile landet til hausten. Vi har teke ein prat med regissør Harald Flem om korleis filmen har vorte til.

Jul 13, 2022
Jul 13, 2022
7 min
Med mange og store reisegrupper ute på tur passa det dårleg med flystreik også for Plussreiser AS. Vi tok ein prat med dagleg leiar Aud Kindervåg Halsne som kan fortelje om hektiske dagar og at det meste har ordna seg med tanke på streik og kanselerte fly. Så langt har ingen av gjestane til Plussreiser vorte berørt av streiken, men det er hektiske dagar for dei tilsette midt i ferietida. Tilbakemeldingane fra dei mange som har vore i Oberammargau og sett pasjonsspelet der er positive, og no er det berre nokre få ledige plassar att hvis du vil få med deg årets spel. Aud Kindervåg Halsne har også nokre gode reisetips hvis du vil på tur til hausten.

Jul 13, 2022
Jul 13, 2022
16 min
Korleis er det å leve i skjul med trua si på Jesus? Dette gir Olaug Lillian Bjørke deg eit innblikk i gjennom dagens program. I første del ser ho tilbake på to år med pandemi, og særleg perioden der det var umogleg å samlast i kyrkjer og bedehus. Har desse erfaringane lært oss noko? Verdset vi muligheita til å samlast fritt i Jesu namn? For mange kristne er dette berre ein draum. Risikoen ved å bekjenne trua og bli ein del av ein kristen fellesskap er for stor. Likevel ser vi at mange hemmelige kristne etterkvart ikkje klarer å la være. Kabir er ein av desse. Etter fire år tenkte han: «Kvifor skal eg halde noko så fantastisk skjult for mine kjære?» Gud gav han mot til å dele trua si. Men det vart ikkje utan omkostningar. I programmet får du høyre om dei fire fasane i gudslivet til hemmelege kristne.
