
214.8K
Downloads
4876
Episodes
Intervju, program og andakter produsert av Radio Sunnmøre
Episodes

Sep 8, 2022
Sep 8, 2022
5 min
Ein ny Snapchat-funksjon kan føre til meir ovarvaking av borna dine. Ved å kjøpe eit Snapchat-abonnement kan andre sjå eit "opptak" av kvar borna dine har vore det siste døgnet, via kartet i appen. Vi har tatt ein prat med rådgivar i Barnevakten, Kris Munthe, for å høyre meir om kva denne funksjonen kan føre til.

Sep 8, 2022
Sep 8, 2022
6 min
Hode Bra er tema for helga, når Røde Kors Ungdom Treffpunkt inviterer til fagsamling for frivillege, leiarar og mentorar, i Ålesund. Helga 24.-25. septemer er satt av på Thon Hotell Ålesund, og Hode Bra er ei folkehelsekampanje som skal styrke den fysiske helsa.
Vi har tatt ein prat med senior rådgivar i Røde Kors Møre og Romsdal, Ester Kalvø.

Sep 7, 2022
Sep 7, 2022
5 min
I haust starta Jon Ove Holen som ny rektor ved Vestborg vidaregåande skule på Stranda. Han kjem frå stillinga som regionleiar i Misjonssambandet region nordvest. Holen er utdanna lærar og har også tidlegare vore tilsett ved Vestborg vgs. Skulen er ein kristen friskule, eigd av Misjonssambandet, med studiespesialisering og idrettslinje.
Vi har tatt ein prat med Jon Ove Holen.

Sep 6, 2022
Sep 6, 2022
4 min
Nyleg gav Samlaget ut ein ny barnebibel skrive av Alf Kjetil Walgermo. I boka gjenfortel Walgermo ei rekke av dei fine og spanande historiene frå Bibelen, der han startar med skapelsen og har prøvd å ta med den raude tråden gjennom Bibelen som er kjend for mange. Han har fått med seg Anna Fiske til å illustrere historiene.
Søndag 2. oktober blir det høgtlesing frå den nye barnebibelen av Alf Kjetil Walgermo i Spjelkavik kyrkje, og han håpar at mange barnefamilier tek turen for å høyre på.
Radio Sunnmøre har tatt ein prat med Walgermo om den nye boka.

Sep 6, 2022
Sep 6, 2022
9 min
Sterke, modige, smarte og kreative kvinner i Bibelen, med vekt på korleis dei blir skildra i bibelteksten og i kulturhistoria etterpå, er noko av det du får høyre om når Alf Kjetil Walgermo skal halde foredrag i Spjelkavik kyrkje. Walgermo er opprinneleg frå Skodje, bur i Oslo, og har forfatta ei bok om kvinnene i Bibelen.
Radio Sunnmøre har tatt ein prat med Alf Kjetil Walgermo for å høyre meir om foredraget han skal halde søndag 2. oktober i Spjelkavik kyrkje.

Sep 6, 2022
Sep 6, 2022
7 min
Har du vitna for nokon om Jesus? Vi må nytte anledningane som byr seg til å fortelje om Jesus. Det seier Irene Krokeide Alnes i vekas kvardagsprat. Anledningane er ofte der vi er der vi møter folk. I vekas kvardagsprat høyrer vi Irene sitt brennande engasjement for akkurat dette, og vi får høyre henne fortelje ei episode om nokon som fekk oppleve å bruke muligheta som bøy seg til å vitne om Jesus.

Sep 5, 2022
Sep 5, 2022
8 min
Fermate Møre tilbyr samtale og sjeleomsorg i sine lokale i Ålesund og Ørsta. Her kan du kome og få samtale om både små og store ting som kan gjere livet krevande. Fermate betyr STOPP. og nokre gongar kan det vere greit med ein liten stopp i livet. I år er det 10 år sidan Fermate Møre starta sitt arbeid, og det skal markerast med jubileumsfest på Blindheim bedehus søndag 18. september. Iris Vartdal Clausen er dagleg leiar for Fermate Møre, og vi har teke ein prat med ho om arbeidet i Fermate og kva ein kan vente seg på jubileumsfesta.

Sep 3, 2022
Sep 3, 2022
4 min
Ei lita nistepakke vart lagt i Jesu hand, og det vart mat den gongen til mange tusen mann. Slik står det i ein song, og historia om Jesus som mettar 5000 er ein av bibeltekstane Ståle Tønnessen frå Ulsteinvik tek utgangspunkt i når han gjev oss Ord til ettertanke denne veka.

Sep 3, 2022
Sep 3, 2022
5 min
Ei lita nistepakke vart lagt i Jesu hand, og det vart mat den gongen til mange tusen mann. Slik står det i ein song, og historia om Jesus som mettar 5000 er ein av bibeltekstane Ståle Tønnessen frå Ulsteinvik tek utgangspunkt i når han gjev oss Ord til ettertanke denne veka.

Sep 3, 2022
Sep 3, 2022
4 min
Ei lita nistepakke vart lagt i Jesu hand, og det vart mat den gongen til mange tusen mann. Slik står det i ein song, og historia om Jesus som mettar 5000 er ein av bibeltekstane Ståle Tønnessen frå Ulsteinvik tek utgangspunkt i når han gjev oss Ord til ettertanke denne veka.
