
214.8K
Downloads
4876
Episodes
Intervju, program og andakter produsert av Radio Sunnmøre
Episodes

Sep 3, 2022
Sep 3, 2022
5 min
Ei lita nistepakke vart lagt i Jesu hand, og det vart mat den gongen til mange tusen mann. Slik står det i ein song, og historia om Jesus som mettar 5000 er ein av bibeltekstane Ståle Tønnessen frå Ulsteinvik tek utgangspunkt i når han gjev oss Ord til ettertanke denne veka.

Sep 3, 2022
Sep 3, 2022
4 min
Ei lita nistepakke vart lagt i Jesu hand, og det vart mat den gongen til mange tusen mann. Slik står det i ein song, og historia om Jesus som mettar 5000 er ein av bibeltekstane Ståle Tønnessen frå Ulsteinvik tek utgangspunkt i når han gjev oss Ord til ettertanke denne veka.

Sep 3, 2022
Sep 3, 2022
5 min
Ei lita nistepakke vart lagt i Jesu hand, og det vart mat den gongen til mange tusen mann. Slik står det i ein song, og historia om Jesus som mettar 5000 er ein av bibeltekstane Ståle Tønnessen frå Ulsteinvik tek utgangspunkt i når han gjev oss Ord til ettertanke denne veka.

Sep 2, 2022
Sep 2, 2022
7 min
Den Norske Israelsmisjon skal i tida framover arrangere meir enn 50 seminar rundt om i landet med fokus på dei jødiske røtene som Bibelen har. Vi les Bibelen med våre briller, men treng kunnskap om den jødiske bakgrunnen bøkene blei til i for å forstå meir av det som står der. Generalsekretær Vegard Soltveit blir med på ein runde med seminar på Sunnmøre no i september. Vi har teke ein prat med Halvard Roaldsnes som er prosjektleiar for Israelsmisjonen her på Sunnmøre.

Sep 1, 2022
Sep 1, 2022
11 min
Det er eit paradoks at kristne menneske vert forfulgte for si tru også når dei gjer gode ting mot sine medmenneske. I denne episoden av Dei forfulgte kristne får vi høyre om ei jente i ein muslimsk familie som tok imot Jesus og fekk livet forandre. Dei andre i familien opplevde at ho vart meir hjelpsam og venleg enn før, men når dei fekk høyre at ho hadde teke imot Jesus kaste dei ho ut av heimen sin. Stig Magne Heitmann har også nokre gode råd om korleis vi som kristne skal opptre på sosiale media når vi opplever at trua vår vert angripe.

Sep 1, 2022
Sep 1, 2022
4 min
Ålesund og nærliggande kommuner har hatt fleire situasjonar med ungdomskriminalitet og uheldige situasjonar i ungdomsmiljøet. Operasjon Hubro skal vere tidenes førebyggande satsing av Møre og Romsdal politidistrikt, saman med samarbeidsaktørar frå ulike kommuner, barnevernet, skule, helse, SLT-koordinator og frivillige. Det er ungdom frå 16 år og oppover som er hovedfokuset i denne operasjonen, og målet er å førebygge ny kriminalitet, få ungdommen ut av mønsteret og til ein sunn oppvekst.
Vi har tatt ein prat med prosjektansvarleg i Møre og Romsdal politidistrikt, Daniel Ludvigsen.

Sep 1, 2022
Sep 1, 2022
6 min
Ein ny sosial app prøvar å legge til rette for deling av "ekte" kvardagsaugeblikk. Brukararne oppfordrast til å dele innhald med kvarandre ved bestemte tidspunkt i løpet av dagen. Appen heiter BeReal, og vi Radio Sunnmøre har tatt ein prat med rådgivar i Barnevakten, Kris Munthe, for å lære meir om denne appen. Og for å høyr kva anbefalingar og råd Barnevakten gir om bruken av appen.

Aug 31, 2022
Aug 31, 2022
11 min
Malin Strand er leiar for Blå Kors sitt ungdomsarbeid i Ålesund. Ho er bekymra over at mange ungdommar har lett tilgang til stoff som ein kan ruse seg på. Mange hevdar at for eksempel hasj er ufarleg å bruke, men sanninga er at du skal ikkje bryke mykje hasj før det påverkar hjernen og du vert både sløv og apatisk. Vi har teke ein prat med henne om dette viktige men vanskelege temaet. Både foreldre, skule og andre må vere oppmerksomme på dette og vere tilstades for ungdommane og ha ein åpen dialog med dei om kva rus er og kva det kan føre tll både for ein sjølv og andre.

Aug 30, 2022
Aug 30, 2022
10 min
Dersom Gud er død..er temaet for årets Veritaskonferanse på Bibelskolen i Grimstad. Det er Laget, Bibelskolen i Grimstad og NLA Mediehøgskolen Gimlekollen som står som arrangør for konkurransen.
Konferansen ynskjer å styrke kristne i trua på Jesus som sanninga, og å utruste til frimodig å leve ut og dele si tru. Gjennom forkynning, undervisning, debattar, samtalar og seminar vil fleire ressursar frå inn og utland gjennom helga dele kunnskap og ny litteratur.
Vi har tatt ein prat med Bjørn Hinderaker ved NLA Mediehøgskolen Gimlekollen, og programansvarleg for konferansen, for å høyre meir om konferansen i Grimstad.

Aug 30, 2022
Aug 30, 2022
7 min
Det var både oppmuntrande og godt å samlast igjen på både Orrenesstemnet, og på samlingsfest i Hundeidvik, fortel Marit Stokken Berland meir om i vekas kvardagsprat. Det er mykje på plakaten for Marit i haust, og vidare går vegen til Halsnøy i Rogaland. I Kvardagspraten gir også Marit oss eit ord for veka om å vente på Herren og å vere ved godt mot.
