214.6K
Downloads
4876
Episodes
Intervju, program og andakter produsert av Radio Sunnmøre
Episodes

Sep 21, 2022
Sep 21, 2022
7 min
Bjorliheimen med bibel, natur og song var noko av det som stod på programmet denne helga, då Marit Stokken Berland deltok der. I vekene før har ho vore i Ryfylke og hatt møteveker som så mange gongar tidlegare. Og i Ryfylket er det sau som er kvardagen for mange, og som også kjem nært når ein skal snakke om Jesus sine forteljingar i Bibelen. Marit Stokken Berland deler ei av desse i vekas kvardagsprat.

Sep 21, 2022
Sep 21, 2022
14 min
Yong Chong*, Nord Korea: «Radioprogramma er den mest dyrebare gåva for oss!»
Dette programmet har fokus på kristne radioprogram og deira betydning, både i den frie verda og bak stengte grenser. Olaug Lillian Bjørke deler sitt fyrste minne frå den kristne nærradioen tilbake på 80-talet. Kontrasten blir stor når du deretter får bli med til Nord Korea, og høyre korleis hemmelege truande må lytte til kristne program i skjul. Hye* oppdaga at ho tilhøyrde ein kristen familie då ho avslørte foreldra, som sat og lytta til radio under eit teppe midt på natta. «Radioprogramma dykkar er den mest dyrebare gåva for oss nordkoreanske truande. Dei åpnar våre åndelege auger og øyrer. Eg vil takke alle som er ansvarlege for radioarbeidet!», seier Kyong Chong*, ein av dei mange som lyttar i skjul. Radioarbeidet i Nord Korea treng forbøn, både for dei som lagar programma og dei som risikerer livet ved å lytte.

Sep 20, 2022
Sep 20, 2022
20 min
Bare 13 år gamal vert Cissi Klein frå Trondheim arrestert og sendt sørover til Oslo saman med mange andre jødar frå Midt-Noreg. Etter nokre månader på Bredtveit fengsel går turen med båt til Polen i februar 1943. Så vert dei stua inn i krøtervognene på toget og neste stopp er konsentrasjonsleira Auschwitz. Det siste Cissi rekk å seie til ein av venene sine er at ingen skal få se at jeg gråter. Nokre timar etter at dei kom fram til fangeleira var både Cissi, broren Abraham og faren Wulf drepen i gasskammera. Mora Milla var sjuk når fangetransporten gjekk frå Noreg, og legane på Ullevål sjukehus greide å gjøyme henne og få henne over til Sverige. Ho busette seg seinare i Israel. Journalist i Adresseavisen Geir Svardal har no skreve bok om Cissi og familien hennar og til oss i Radio Sunnmøre fortel han noko av Cissi si historie.

Sep 20, 2022
Sep 20, 2022
6 min
IMF Sunnmøre er i år 140 år, og det skal markerast med ei jubileumsmarkering på sjølve stiftelsesdagen 1. desember. I tillegg til dette planlegg krinsen både stjernedryss i advent og bibelkurs. Dette fortel krinsleiar Johan Halsne til Radio Sunnmøre, når vi tek ein prat om kva planar som er lagt for hausten.

Sep 19, 2022
Sep 19, 2022
3 min
I oktober blir det arrangert Alivefestival i Ulsteinvik, ein kristen festival for og av ungdom. Festivalsjefen seier at dei ynskjer velkomne både dei som kjenner Jesus, og dei som vil lære meir om han. Vi har tatt ein prat med festivalsjef Solveig Ulstein.

Sep 19, 2022
Sep 19, 2022
7 min
Mju er ei vokalgruppe frå Volda som i 2019 gav ut si fyrste plate på streamingtenestene. Det var ei juleplate, med tradisjonelle julesongar som har fått nye arrangement for gruppa Mju. Gruppa består av fire personar, Gaute Øvereng (bass), Irene Åbrekk Kalvatn (sopran), Anne Marta Vinsrygg Vadstein (alt) og Svein Ola Lillestøl (tenor). Dei siste åra, også i år, har dei spelt inn nye songar og den siste heiter Tru, håp og gleder. Gruppa syng bevisst på nynorsk og tekstane handlar om livet.
Vi har tatt ein prat med Svein Ola Lillestøl for å høyre meir.

Sep 17, 2022
Sep 17, 2022
1 min
I år er det ingen poteter å hauset i åkeren til Kjetil Fyllingen på Stord. Grunnen er nokså enkel, han har heller ikkje satt poteter, og da vert det heller ikkje noko avling. Dette er utgangspunkt for ein av episodane i denne vekas Ord til ettertanke, kor du også får høyra om hjernebølger og idylliske teltturar. Kjetil Fyllingen bur på Stord og arbeider i Tro og Media. Han har tidlegare vore leiar for ungdomsarbeidet i ImF Sunnmøre.

2 min