
214.7K
Downloads
4876
Episodes
Intervju, program og andakter produsert av Radio Sunnmøre
Episodes

Sep 17, 2022
Sep 17, 2022
2 min
I år er det ingen poteter å hauset i åkeren til Kjetil Fyllingen på Stord. Grunnen er nokså enkel, han har heller ikkje satt poteter, og da vert det heller ikkje noko avling. Dette er utgangspunkt for ein av episodane i denne vekas Ord til ettertanke, kor du også får høyra om hjernebølger og idylliske teltturar. Kjetil Fyllingen bur på Stord og arbeider i Tro og Media. Han har tidlegare vore leiar for ungdomsarbeidet i ImF Sunnmøre.

Sep 17, 2022
Sep 17, 2022
3 min
I år er det ingen poteter å hauset i åkeren til Kjetil Fyllingen på Stord. Grunnen er nokså enkel, han har heller ikkje satt poteter, og da vert det heller ikkje noko avling. Dette er utgangspunkt for ein av episodane i denne vekas Ord til ettertanke, kor du også får høyra om hjernebølger og idylliske teltturar. Kjetil Fyllingen bur på Stord og arbeider i Tro og Media. Han har tidlegare vore leiar for ungdomsarbeidet i ImF Sunnmøre.

Sep 16, 2022
Sep 16, 2022
4 min
-Vi ser at det er mange unge i dag som blir fanga inn i tenkninga om å bli fødd i feil kropp. Dei blir påverka og fora av informasjon frå skular, media og av jamnaldrande, og der er ei dreining av korleis dei tenker om seg sjølv. Og det gjer at fleire vil endre på sin eigen kropp. Når vi ser den store auken av spesielt unge jenter som vil skifte kjønn, og som gjennomgår medisinske inngrep som ikkje er reversible, då blir eg skremt, seier Marit Bruset.
-Vi er ferd med å ofre ein heil generasjon av spesielt unge jenter om vi ikkje snur, seier Bruset.
Kolbjørn Gjære har tatt ein prat med Marit Bruset og Jan Løkkeborg om temaet kjønnsproblematikk, som var ein temakveld i Skodje kyrkje tysdag kveld.

Sep 15, 2022
Sep 15, 2022
4 min
Steam er ei av dei mest populære plattformene for å kjøpe spel til PC. Inne på sida finn ein grove pornospel som inneheld detaljerte sexscener og full nakenheit. Vi har tatt ein prat med rådgivar i Barnevakten, Kris Munthe, for å høyre kva dei tenker om dette.

Sep 15, 2022
Sep 15, 2022
9 min
Vi er i gang igjen med våre faste samtalar med Te'ena ben Haim i Jerusalem. Etter gode ferieveker heime i Noreg er ho no tilbake i kvardagen i Jerusalem. På nokre skular i Israel går born frå både jødiske og arabiske familiar saman, men på dei fleste skulane har alle elevane same bakgrunn. Men når ungdommane kjem inn til militærteneste møtes ein på tvers av alle dei grensene som er mellom folkegruppene i Israel og vert på mange måtar rista saman. Te'ena skal snart sende både sin eldste son og si eldste datter til militærteneste, og i Israel er det å vere i militæret mei enn berre øvelsar og teori, nokre gongar vert det fullt alvor.

Sep 14, 2022
Sep 14, 2022
6 min
-Vi ynskjer å vere ein skule for alle, seier avdelingsleiar for barneskulen ved Møre Barne og undomsskule Ålesund, Svein Ola Lillestøl. Lillestøl starta i jobben 1. august i år, og har sjølv blitt møtt fleire gongar i døra med fordommar han har hatt ovanfor kristne skular. Etter å ha begyndt i den nye jobben ser han at skulen er ein kvalitetsskule både fagleg og sosialpedagogisk. -Det er ikkje ein søndaggskule vi møter, men eit spanande pedagogisk arbeid, seier Lillestøl.
Det er fyrste året barneskulen har elevar på alle trinna frå 1.-4. klasse etter at den nye skulen starta opp, og gler seg til å fylle opp mellom trinnet frå neste haust.
Vi har tatt ein prat med den nye avdelingsleiaren Svein Ola Lillestøl, som inviterer nye elevar til å starte på skulen.

Sep 14, 2022
Sep 14, 2022
7 min
Gode spor er tema når Indremisjonsforbundet (ImF) arrangerer årets leiarkonferanse på Straume Forum i november. Konferansen er for frivillege og tilsette i organisasjonen og er bygd opp med fleire ulike nettverk ein kan fylgje gjennom helga.
I tillegg er det dette året generalforsamling for ImF, som arrangerast kvart tredje år. Denne blir avholdt norkre timar på laurdagen.
Vi har tatt ein prat med arrangøransvarleg Kenneth Foss.

Sep 13, 2022
Sep 13, 2022
6 min
Bibelhelg på Bjorliheimen, med natur og god mat, står på plakaten for komande helg, i tillegg kjem Fermate Møre som skal markere 10 år der Irene Krokeide Alnes er med i styret. Irene er engasjert på fleire ulike frontar, men tysdagene er satt av til bestemordag, noko som er stor stas for små og store. I kvardagspraten denne veka får vi også eit oppmuntringsord til å vere med i det frivillege arbeidet som mange er engasjerte i rundt om i bygd og by.

Sep 12, 2022
Sep 12, 2022
10 min
Framleis slit folket på Madagaskar med konsekvensane etter dei store syklonane som ramma landet tidlegare i år. Men gassarane har ein eigen evne til å reise seg og gå vidare når dei opplever vanskelege tider. Ein av Johannne Leinebø sine medarbeidarar miste taket på huset sitt under syklonen. Men som han seier med eit stort smil, det går bra med hol i taket så lenge det ikkje regnar. Arbeidet med å omsetje stadig meir av Bibelen til så mange stammespråk som mogleg pågår for fullt trass dei mange utfordringane som naturkatastrofene medfører. Transforming true translation (forvandling gjennom oversettelse) er mottoet for bibelomsetjarane på Madagaskar.

Sep 12, 2022
Sep 12, 2022
9 min
Mange har reagert sterkt på at Jesus vert framstilt som transperson i teaterstykket Evangeliet etter Jesus, himmelens dronning som i desse dagar vert framført i domkirkeruinane på Hamar. Sjefredaktør i Dagen, Vebjørn Selbekk har vore på førpremiere og sett teaterstykket. Han meiner at sjølv om det er krevande at Jesus framstilles som transperson, så er det mest utfordranda med stykket at det presenterer ein Jesus-skikkelse som verken kan eller vil frelse menneska.
