214.6K
Downloads
4876
Episodes
Intervju, program og andakter produsert av Radio Sunnmøre
Episodes

Oct 14, 2022
Oct 14, 2022
11 min
Då Karoline Skjong Bergersen var 15 år gamal og reiste på Ungdommens Landsmøte i Misjonssambandet, då møtte ho mannen i sitt liv med same ynskje om å reise ut som misjonær. I haust reiste Karoline (28) og ektemannen Marius (31), saman med borna Aron Isaiah (3) og Adina Sofia (1), til Japan for sin andre misjonærperiode.
Vi har tatt ein prat med Karoline Skjong Bergersen, frå Ellingsøya, om korleis det er å vere misjonær og småbarnsmor i Japan.

Oct 13, 2022
Oct 13, 2022
7 min
Annika og Erlend Indergård har dei siste 12 åra vore pastorpar i Nordvest-kyrkja i Elnesvågen i Hustadvika kommune. Med bustad i Kristiansund har dei også vore med å planta ein kyrkjelyd der. No har dei flytta til Trondheim og gått inn i arbeidet som pastorpar i Pinsekyrkja Bethel. Vi har snakka med Erland Indergård om korleis det er å gå inn i nye oppgåver.

Oct 12, 2022
Oct 12, 2022
9 min
Tysdag 11. oktober satte Randi og Jan Oskar Alnes, saman med sine to små gutar William og Martinus, på flyet. Ei lang reise ventar familien før dei landar i Australia, der dei i tre månader skal arbeide som frivillege for legeskipet i Papua Ny-Guinea. Eit av måla med turen er å bety ein forskjell og å hjelpe menneske, men også å styrke relasjonar med vener og kolleger rundt legeskipsarbeidet. Ekteparet Alnes ynskjer også å sjå etter nye måtar å engasjere Ungdom i Oppdrag sitt senter i Ålesund, Katedralen, på i arbeidet.
Jan Oskar Alnes fortel i eit intervju at han no gler seg stort til å kome tilbake til Australia, etter at koronatida har satt ein brems for det dei siste åra. Høyr heile intervjuet med Jan Oskar Alnes, som vart gjort berre nokre timar før familien satte seg på flyet.

Oct 11, 2022
Oct 11, 2022
9 min
Det som truleg er den største kyrkja i verda heldt til i ein hindudominert region nord i India. I 1994 var dei 12 kristne i området, i dag er det over 800 000. Dei har ingen kyrkjebygg men møtes ofte ute på markene eller heime hos kvarandre. Trass stor forfølging kjem stadig nye til tru på Jesus. I Balestrand i Sogn må kristne tenåringar møtast ute når dei skal ha skulelagsmøter fordi kommunen forbyr dei å vere inne i skulebygget når dei samlast om Jesus. Dette er tema i samtalen med Stig Magne Heitmann i ein ny episode i serien vår om Dei forfulgte kristne.

Oct 11, 2022
Oct 11, 2022
6 min
Politiets nettpatruler får stadi fleire tips om deling av valdsvideoar blant unge. Dette er ein trend som Kripos ynskjer å snu, og har dermed lansert eit nytt undervisningsopplegg for ungdomstrinnet.
I 2022 har 30 prosent sett planlegging av låssing eller slåsskampar. Andelen er høgast blant gutar i ungdomsskulen (37 prosent). 19 prosent har sett dette fleire gongar. Det viser tal frå Medietilsynet.
Vi har tatt ein prat med fagleg leiar i Barnevakten, Kjellaug Tonheim Tønnesen, for å høyre meir om undervisningsopplegget til Kriops, og om kor aktuelt dette faktisk er.

Oct 11, 2022
Oct 11, 2022
8 min
Ei flott veke i Hafslo kan Irene Krokeide fortelje om i vekas kvardagsprat. Vi får også høyre om ei stor kvinnekonferanse Irene skal delta på i haust, Kvinner i nettverk. Og i neste veke er det klart for den årlege møteveka i regi av Finnmarksforeininga på Godøya. Vi får også i denne vekas prat høyre Irene dele det bibelordet som hjalp henne å bli bevisst i trua.

Oct 10, 2022
Oct 10, 2022
9 min
Pastor i Pinsemenigheten Betel i Trondheim, Erlend Indergård var i år ein av dei som deltok i TV-programmet Farmen. Her skal deltakarane drive ein gard og leve slik som dei gjorde for eit hundre år sidan. Etter nokre veker vart Erlend valdt til såkalla førstekjempe, og etter å ha tapt i tvekampen måtte han forlate garden. Vi har prata med han om korleis det var å delta i Farmen, og om kva dei andre deltakarane tenkte om å ha ein pinsepastor på garden.

Oct 8, 2022
Oct 8, 2022
6 min
Kvar er sjølve meininga med livet? Og hvis du finn denne, får da også døden ei djupare meining? Dette er nokre av dei spørsmåla Per Ola Godø tek opp i denne vekas Ord til ettertanke. Utgangspunktet er frå Fillipparbrevet kapittel 1, og vers 21 kor Paulus skriv at livet er Kristus og døden ei vinning. Per Ola Godø er Ålesundsguten som møtte Jesus på eit fellesmøte i Ålesund bedehus som ungdom, og som fekk eit langt liv i teneste for Jesus i pinsebevegelsen.

Oct 8, 2022
Oct 8, 2022
5 min